2022 – eit romeventyr
Eg håper at verda eg ser, kan bli litt likare verda du ser.
- Johannes Nåden AadlandBergen

Lesarane sine beste tekster om det nye året
I løpet av jula publiserer vi nokre av bidraga til BTs skrivekonkurranse.

November er her. Han er ikkje svart enno, men frå vindauget mitt ser han etter kvart grå og glissen ut. Litt som dette året.
Eg sit og ventar på ei ny oppdatering frå myndigheitene. Korona var ikkje ferdig likevel.
Nettsidene er fulle av ekspertar med framtidsredsel i panna.
Ute høljar regnet ned i strie straumar, men ifylgje nettorakelet kan ein ikkje rekne med at elvetillaupa kjem til å hjelpe på dei anabolt steroidiserte straumprisane som, ironisk nok utan tillegg i prisen, har varma sinnet til kokepunktet denne hausten.
Eg trekkjer ut stikkontakten til nettbrettet og les heller gårsdagens avis i fysisk eksemplar med restane av dagslyset som lampe. Naturen har ikkje så mange watt igjen å by på. Lesinga går det difor litt trått med, men no ser eg i alle fall berre delvis kunstverket på stoveveggen, laga med tusj medan eg sat på toalettet førre veke.
Medan eg sit her og tenkjer at hausten 2021 kjem til å gå inn i historiebøkene som eit dystopisk ragnarok, ser eg eit bilete av deg. Ei ung og lovande jente med eit tindrande smil, heilt uaffektert av syndfloda som regjerer der ute.
Der du er no, er regnet ein ressurs du veit å gjere nytte av.
Du hoppar opp og ned i sølepyttar, byggjer slott og baker sølekaker av materiale som no er blitt enklare å forme. Latteren sit lett medan du let deg underhalde av dei eldre barna som lagar spenstige kanalsystem ned til endå større plaskedammar som du etter kvart skal bryne støvlane på.
Språket du snakkar, har ikkje omgrep som kreativitet i vokabularet, men du veit likevel intuitivt at alt materiale kan nyttast i nye samanhengar. Fantasien din er enno ikkje øydelagd av tillærte avgrensingar frå oss som skal lære deg å meistre livet.
Songane har fleire vers enn me visste om, nokre har til og med nye ord. Finare og spenstigare ord enn eg klarer å få fram medan eg skildrar deg. Rommet du ser, har mogelegheiter eg ikkje visste fanst i 2021.
I 2022 ynskjer eg å bli med deg oftare på eventyra som skjer i romma du er i. Eg vil bruke litt mindre tid på å bekymre meg for korona. For dyre straumrekningar. For tusjing på veggen som ikkje går bort. Og heller sitje der saman med deg og teikne.
Lage tulletekstar til «Bæ, bæ lille lam». Hoppe i søledammar. Byggje sandslott. Kanskje luftslott også, når røynda vert for tung å bere. Drøyme.
Håpe at verda eg ser, kan bli litt likare verda du ser.