Me badar i råd. Kva gjer det med oss som foreldre?

Eg kjenner meg faktisk meir usikker etter å ha blitt mor for fjerde gong.

Marit Kvamme-Vik har fleire «verdens beste mamma»-koppar. «Det er ikkje alltid eg kjenner det slik. Og det er ein grunn til det», skriv ho.
  • Marit Kvamme-Vik
    Leknes
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Eg opnar skapdøra der kaffikoppane står, og ei heil hylle med «mamma-koppar» openberrar seg, gitt med stor begeistring av små barnehender ved diverse anledningar. «Verdens beste mamma» står det på ein av dei.

Det er ikkje alltid eg kjenner det slik. Og det er ein grunn til det.

Eg har vore mamma i åtte år no, og nummer fire i rekka meldte seg i november 2021.

Ein skulle tru at eg var veldig sikker og trygg i mi rolle som mamma, men det stemmer ikkje alltid. Eg kjenner meg faktisk meir usikker denne gongen, enn tilbake i 2014. I det siste har eg tenkt litt på kvifor eg kjenner det sånn. Svaret eg har kome fram til er: sosiale medium.

Me som er foreldre i dag, må ikkje berre forholda oss til velmeinande råd frå familie og vener. Me treng heller ikkje leite opp i bøker for å finna relevant informasjon, tips og råd. Me får det servert via mobil, nettbrett og pc – kvar dag.

Eg er, som mange andre, på Facebook og Instagram. Såkalla «cookies» gjer det til at eg får opp mykje baby- og barnerelatert i «feeden» min. Store delar av dette er tips og råd frå diverse ekspertar når det kjem til kosthald, oppdraging, stell, utstyr, kommunikasjon og meir til.

Med sosiale medium kan kven som helst nå ut til mange tusen, og kven som helst kan stå fram som ein ekspert. Til og med dei som vert betalt for å gjera det, utan at dei har særleg grunnlag i sin utsegn: såkalla influencere, eller påverkarar på norsk.

Firebornsmora har kjøkenskapet fullt av desse gåvene frå ungane sine, men ho vert stadig meir usikker på om ho verkeleg er ei god mor.

Talerøyret er så uendeleg mykje større no enn då ein måtte skrive artiklar eller gi ut ei bok for å nå ut til mange med råd, meiningar og tips. No når ein tusenvis berre ved nokre klikk.

Folk, inkludert meg sjølv, trykker på «lik og del», og dermed når ekspertråda ut til enda fleire. Me vert lessa ned med artiklar, meiningar, tips og råd.

Kva gjer dette med oss som foreldre?

Eg har stor tru på at det er mykje nyttig i all denne informasjonen. Men eg trur òg at det kan føra til at me som foreldre vert meir stressa, og at me mister litt trua på oss sjølve. Det er lett å verta usikker når meiningane rundt er for mange! Er den sunne fornufta i ferd med å verta erstatta av jaget etter å vere perfekte foreldre, ved å gjera alt på den «riktige» måten?

Ein badar i så mykje råd og ekspertise, at det er lett å gløyma at den som kjenner sine barn best, er oss sjølve: ikkje ein lege, ernæringsekspert eller pedagog bak ein konto på Instagram. Eg har til dømes blitt så påverka av Instagram-kontoen til ein barnelege, at eg byrja å stussa over behandlinga som både helsestasjon, fastlege og Haukeland sjukehus har anbefalt.

Det var vel i grunn då det gjekk opp for meg – at all denne «inputen» via Some ikkje alltid er like bra. Me må ta på dei skeptiske brillene nokre gongar, og sila ut noko av alt det ein får inn. Eg for min del skal heretter senka skuldrene litt meir – og tenka at eg er det som koppen i skapet seier: «verdas beste mamma» – for mine ungar.

Publisert: