Forsking i Bakvendtland

Viss vi ikkje ein gong kan stole på kunnskapen, fell resten av forvaltninga saman.

Publisert Publisert

BILLIG VAL: Så lenge gruveindustrien får lov til å dumpe restmassane i fjordane, endåtil gratis, har dei ingen grunn til å støtte forsking på betre alternativ, skriv Lars Haltbrekken og Jorunn Vallestad. Arkivfoto: Marita Aarekol

Debattinnlegg

  • Jorunn Vallestad
  • Lars Haltbrekken
    Stortingskandidat, Sør-Trøndelag SV
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

**Norsk naturforvaltning** er bygd på nokre lovfesta prinsipp som alle synest å vere einige om - i alle fall i festtaler. Eit av dei viktigaste er kunnskapsbasert forvaltning. Sjølvsagt skal alle avgjerder vere bygde på kunnskap - og dess større eit inngrep er, dess meir kunnskap må ein ha om effektane av det. Vidare skal denne kunnskapen vere basert på uavhengig forsking - det er sjølvsagt ikkje utbyggar som får definere kva som er riktig, eller kva som trengst å forskast på.

Men kva gjere vi når det er akkurat dette som skjer, og vi opplever at vi ikkje lenger kan stole på kunnskapen?

Lars Haltbrekken

Jorunn Vallestad

Forskingsrådets nye prosjekt NYKOS (Ny kunnskap om sjødeponering), som er delfinansiert av næringa, har heilt frå starten fått sterk kritikk for å vere etablert på gruveindustriens premissar. Kritikken eskalerte då gruvenæringa, gjennom trugslar om å trekke økonomisk støtte, fekk bestemme at NIVA skulle delta i prosjektet. Dette førte til at to andre forskingsinstitusjonar vart pressa ut. Men historia stoppar ikkje der. Første oktober gjekk seniorforskar Sonnich Meier frå Havforskingsinstituttet ut og sa klart ifrå at han ikkje lenger vil vere assosiert med prosjektet.Grunnen til at han trekker seg frå den rådgjevande gruppa er nettopp fordi han meiner gruveindustrien har for stor makt i prosjektet. Han viser til at alle dei andre i gruppa er direkte eller indirekte knytte til gruveindustrien, og at han som havforskar uansett ikkje ville hatt nokon innverknad på prosjektet.

Les også:

Les også

Litt for gode venner

Når ein av våre fremste havforskarar trekker seg frå eit forskingsprosjekt på moralsk grunnlag, fordi gruveindustriens rolle i prosjektet er i strid med normal vitskapeleg praksis, bør varsellampene blinke og sirenene hyle. Korleis skal vi kunne stole på den nye «kunnskapen» dette prosjektet kjem opp med når det er næringa sjølv som får diktere forskinga?

Problemet er at forskingsmiljøa er avhengige av å få næringa med på laget for at prosjekta deira skal få støtte. Sintef har i 15 år prøvd å få gruveindustrien med på eit større prosjekt om alternativ bruk av avgangsmassen, utan hell. EU-kommisjonen har teke initiativ for å utvikle usynleg gruvedrift utan avfall, men slike initiativ kjem ikkje frå norske styresmakter. Så lenge gruveindustrien får lov til å dumpe restmassane i fjordane, endåtil gratis, har dei ingen grunn til å støtte forsking på betre alternativ. Moralsk forkasteleg vil mange hevde, men likevel økonomisk forståeleg. At Forskingsrådet, Klima— og miljødepartementet, Miljødirektoratet og Direktoratet for mineralforvaltning fortset å la gruveindustrien diktere forskinga på feltet er derimot total ansvarsfråskriving.

Dessverre ser det ut som ansvarsfråskriving og rar bruk av kunnskap byrjar å bli ein trend frå regjeringa si side.

Les også:

Les også

- Dobbeltmoral av verste sort

Nyleg blei FN sine nye tusenårsmål for berekraftig utvikling vedtatt. Eit av måla er å hindre eller kraftig redusere forureining av marine miljø, spesielt frå landbaserte kjelder, innan 2025. Dumping av gruveavfall i fjordane passar perfekt til denne definisjon av forureining, som regjeringa har vore med på å utvikle mål om å stanse. Likevel presterer miljøministar Tine Sundtoft å avvise at det er ei konflikt, ved å hevde at utsleppsløyvet var eit kunnskapsbasert vedtak, gjeve etter anbefaling frå Miljødirektoratet.

Har ho då gløymt at Miljødirektoratet i første runde gjekk mot å gje løyve, fordi det var stor risiko for alvorleg skade på fjorden? Det var først då dei vart pålagd å telje pengegevinsten ved utslepp at dei anbefalte dumping. Det står ingen ting i berekraftsmåla om at pengar triumfer kunnskap om miljøskade. Men det er vel for mykje å forlange at regjeringa skal klare å stelle seg til internasjonale konvensjonar og regelverk, når den ikkje ein gong klarar å følgje norske forvaltningsprinsipp. Vi bur jo trass alt i Bakvendtland, og der er det pengane som definerer kunnskapen.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Symboler og fakta om Engebøprosjektet

  2. Gruvenæringen glad for deponi-innsatsen

  3. Kjemper aktivt for sjødeponi

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg