Det er betre å ete raudt kjøtt frå Breim enn avokado frå Chile

Å nemne raudt kjøtt i same andedrag som fossilt drivstoff, viser lite forståing for klimaproblema.

BIFF MED GOD SAMVIT: Veganarane må ete kva dei vil, men å argumentere for at det vil berge jorda frå miljøproblema å kutte ut kjøtet, er skivebom. Du kan halde fram med å ete kjøtdeig og biff med det beste samvit, meiner innsender. Foto: Dan P. Neegaard

  • Anders Felde
    Leiar, Sogn og Fjordane Bondelag
Publisert:

BT INFORMERER:

Etter publiseringen av dette innlegget har Faktisk.no sjekket påstandene til Felde fra Bondelaget. Innlegget ble vurdert som «faktisk helt feil». BT beklager mangelfull faktasjekk av innlegget.

Kan vi ete oss ut av miljøproblema? Sjølvsagt kan vi ikkje det. Enkelte ser likevel ut til å tru det, og dei får etter kvart meir og meir spalteplass. At veganarar og andre droppar kjøt, er heilt greitt. Men når dei dreg klimaargumentet, er det all grunn til å setje dei på plass.

Veganarane må få ete kva dei vil, men å argumentere for at det vil berge jorda frå miljøproblema å kutte ut kjøtet, er skivebom.

Vi kan ete både kjøt og raudt kjøt som i dag, og likevel berge klima. Ja, drøvtyggaren rapar klimagassen metan, og det er ikkje er bra. Men drøvtyggaren et òg mykje gras gjennom beiting og vinterfôr som bind CO₂. Forsking viser langt større binding av CO₂ i vekstar som blir beita i fjellet, enn i busker og kratt som tek over i område der beitedyra har flytta ut.

Beitinga legg òg til rette for eit stort biologisk mangfald. Det fantastiske med drøvtyggarane er at dei omgjer grønt gras til feitt og protein som vi menneske treng. Det å i heile teke nemne raudt kjøtt i same andedrag som fossilt drivstoff, viser at ein ikkje forstår kvifor vi står overfor dei miljøproblema vi gjer.

Les også

En klimabondes bekjennelser

Med klimagode kyr og sauer i framtidig avlsprogram, og med riktig og klimagodt kraftfôr og grovfôr, skal landbruket få utsleppa ned i tida framover. Vi veit og at 70 prosent av kjøtet frå storfe kjem frå mjølkebesetningane, som i tillegg til kjøtet produserer mengder av verdas beste mjølk.

Når husdyrgjødsla i framtida også produserer «grønt» drivstoff, kan du halde fram med å ete kjøttdeig og biff med det beste samvit.

Kutt i kjøttforbruk blir slengt ut som det store grepet vi enkeltpersonar kan gjere for miljøet. Men vi burde heller kutte i bruken av fossile drivstoff. Overgang til elbil, kutt i flyreiser og kutt i fossile kjelder til energiproduksjon er grepa som moner. Dersom vi vil berge klimaet, må vi i fmramtida kanskje nøye oss med å sjå bilete frå Thailand framfor å reise dit.

Når det gjeld mat, bør vi kutte mest mogeleg i transporten av mat på verdshava. Det betyr at det er betre å ete raudt kjøtt frå Breim enn avokado frå Chile. Sjølvsagt skal vi auke forbruket av norsk frukt, bær og grønt. Det er bra for helsa, bra for klima, og bra for verdiskapinga innanskjærs.

Kasting av mat er negativt for klima, og her har både matkjeder, matindustri og forbrukarane ein jobb å gjere. Dersom folk flest i tillegg greier å kutte i det materielle forbruket, vil mykje vere gjort. Vi må endre forbruket vårt dersom vi skal gjere noko med miljøutfordringane. Men akkurat det raude kjøtet kan vi framleis ete med godt miljøsamvit.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg