Det er trygt å føde på KK

BAKGRUNNEN: Tilsette har varsla om det dei meiner er farlege tilhøve på Kvinneklinikken. Faksimile: BT 7. mars

  • Eivind Hansen
  • Susanne Albrechtsen

Vi tek på høgaste alvor at det er meldt bekymring frå Norsk Sykepleierforbund (NSF), Den norske jordmorforening og verneombodet ved Fødeseksjonen på Kvinneklinikken (KK) knytt til pasienttryggleik og arbeidsmiljø.

Tidleg i januar 2019 sette administrerande direktør i gang ei utgreiing leia av fagdirektør der vi ser på Fødeseksjonen på Kvinneklinikken, med særleg omsyn til pasienttryggleik og arbeidsmiljø. Dette skjer i tett dialog med tillitsvalde og verneteneste, og vi hentar inn samanlikningar med andre sjukehus for å sikre vurderingane våre. Dette arbeidet pågår og skal være ferdig medio mars. Det vil danne underlag for eventuelle endringar i bemanning, samt andre moglege tiltak.
Det undrar oss at tillitsvalde og verneteneste melder sak til tilsynet like før dette arbeidet er sluttført, men det skal vi handtere i vår interne dialog.
No har fylkeslegen oppretta sak, og vi har fått frist til å svare innan utgangen av mars.

FORSIKRER: Pasientane er alltid vår førsteprioritet, og våre dyktige tilsette sørgjer for at det er trygt å føde på KK, skriver Eivind Hansen og Susanne Albrechtsen. Tor Høvik

Vårt mål er å levere fødselshjelp av god kvalitet, men òg at arbeidsmiljøet på Kvinneklinikken er bra. Samtidig som vi arbeidar med dette, skal kvardagen på Kvinneklinikken gå godt. Pasientane er alltid vår førsteprioritet, og våre dyktige tilsette sørgjer for at det er trygt å føde på KK. Det er viktig for oss å understreke. Kvinneklinikken leverer fødselshjelp av svært høg kvalitet. Nasjonale målingar gir oss viktig informasjon om kvaliteten på tilbodet hos oss. Resultata frå Kvinneklinikken på Haukeland viser at vi kan stole på at det er trygt å føde på Haukeland universitetssjukehus.

Vi tek inn over oss at vi nyleg kom dårlegast ut i den nasjonale undersøkinga om barselomsorg. Det betyr likevel ikkje at det er utrygt å føde på KK. Vi jobbar kontinuerlig med å bli betre.

Les også

Fortvilet tvillingmor kritiserer KK: – Jeg ville heller født tvillinger på nytt

Fram til resultata frå kartlegginga føreligg, samt resultata frå tilsynssaka hos Fylkeslegen blir presentert, skal vi halde fokus på å gi pasientane våre god oppfølging og behandling. Målet vårt held fram, vi skal levere fødselshjelp av høg kvalitet. Dersom vår interne gjennomgang og fylkeslegen gjev oss ny innsikt, vil vi bruke den til å forbetre tilbodet til brukarane og arbeidsforholda for dei tilsette.

Avslutningsvis vil vi understreke at vi må sjå tilbodet og ressursbruken innan føde- og barselomsorgen i samanheng med dei samla prioriteringane Haukeland universitetssjukehus står overfor. Det er mange ulike grupper som treng våre gode tenester, og vi skal sikre at vi er der når pasientane treng oss. Dette gjeld sjølvsagt også føde- og barseltilbodet.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg