I Bergens Tidende har me siste tida kunne lese om nye argument og metodar for å få småkommunar til å slå seg saman med nabokommunar. Og me har lest om ordførarar som ser mørkt på framtida for eigen kommune.

Stadig nye angrep mot småkommunar bidrar til lite godt. Dette er forstyrrande og tappar energien til både lokalpolitikarar og tilsette i ein småkommune. Og det fører til at fleire tenkjer at å slå saman kommunen er løysinga, i staden for å brette opp ermane. Media har her eit stort ansvar.

Det alle kommunar treng er politikarar som ser potensial innanfor dei rammene ein til ei kvar tid har og som viser handlekraft når det er naudsynt. Ein anna ting alle kommunar treng er dyktige tilsette. Om ein kommune sviktar på desse områda, ja då er det ikkje sikkert den kommunen bør vere eigen kommune.

Men sjølv om kommunesamanslåing tilsynelatande kan vere ei riktig løysing i den enkelte situasjon, finn ein forsvinnande lite erfaringsdata som fortel at det er rett å gjere.

Påstandar om at det gjev betre kvalitet på tenester, betre samfunnsutvikling og betre bruk av pengar blir ståande utan dekning. Men ein kan vere trygg på at kvar ei kommunesamanslåing fører til at folk har mindre påverking over sitt eige lokalsamfunn.

Norsk kommunebarometer er det beste verktøy me har i Norge til å skilje mellom gode og mindre gode kommunar. Samnanger kommune hadde i juli 2016 plass nr. 368 på kommunebarometeret. No i juli 2018 er me rangert som den 77. beste kommunen i Norge og den 3. beste kommunen i Hordaland, berre slått av Bergen og Os – inntil vidare. I løpet av berre to år har me forbetra oss med nesten 300 plassar.

Eit slikt oppsiktsvekkjande resultat på kort tid viser fyrst og fremst kva ein kan oppnå når ein arbeider på rette måten. Det viser at gode resultat i ein kommune berre i liten grad dreier seg om kor stor kommunen er.

Mi oppfordring til BT er å fokusere på kva som gjer ein kommune god og kva som bidrar til god samfunnsutvikling. Ikkje ver eit ubalansert talerøyr for krefter som ønskjer å ta frå oss lokaldemokratiet.

Til sentrale styresmakter vil eg sei, det er IKKJE storleik på kommunen som avgjer kor god kommunen er. Stopp den meiningslause politikken de no driv på med!