Skal me la oss imponera av NTP?

Det er grenser for kor glad du kan bli når regjeringas plan er å begynna å bygga om 6-7 år.

FORSINKA: Dobbeltsporet Arna-Stanghelle får ikkje oppstart før i perioden 2024-2029. Rune Meyer Berentsen

Debattinnlegg

Magne Rommetveit
1. kandidat, Hordaland Arbeiderparti

BT har gjennom fleire artiklar peika på at Hordaland og Vestlandet kjem dårleg ut i det NTP-forslaget som regjeringa har lagt fram. Høgremannen Sigurd Hille skriv derimot at «dess mer man leser i NTP, dess mer imponert blir man». Høgremannen Tom Christer Nilsen proklamerer: «Dette er en seier, BT.»

Sjølv har eg i lengre tid hatt ei Vikinglotto-rekke, basert på fylkes- og riksvegnummera her i fylket vårt. Rekka mi består av tala 1,5,7,13,16,34 og 39. Den har dessverre ikkje slått til med noko storgevinst dei siste åra, og NTP-en varslar heller ikkje noko snarleg utteljing for oss her i Hordaland med desse tala.

Les også

Morten Myksvoll: Heilt ufatteleg NTP-prioritering

Og dess meir eg les i NTP, dess meir ser eg at me må belaga oss på å venta lenge på statleg finansiering av nye innvesteringar i fylket vårt. Sjølv om det nok vil vera mindre budjettpostar til diverse utbetringstiltak, så viser oversiktstabellane i NTP-dokumentet at det i dei første seks åra i planen, perioden frå 2018- 2024, ikkje blir lagt opp til så mange satsingar i Hordaland:

1, Kysttiltak: Ingenting i åra 2018-2024, Bømlo fiskerihamn, 2024-2029.
5, Rv555 Sotrasambandet: 4,5 mrd kr i åra 2018-2024.
7, Rv7 Hardangervidda: Ingenting i åra 2018- 2024 og ingenting i åra 2024-2029.
13, Rv13: Ingenting i åra 2018-2024 og ingenting i åra 2024-2029.
16, E16: Ingenting åra 2018-2024, Stanghelle-Arna og Ringveg øst Arna- Vågsbotten i åra 2024-2029.
34, E134: Ingenting i åra 2018-2024, Røldal- Seljestad og start Vågslid- Røldal i åra 2024-2029.
39, E39: Ingenting i åra 2018-2024, start Hordfast og Vågsbotten- Klauvaneset i åra 2024-2029.

Så då sit me igjen med Sotrasambandet som det einaste nye vegprosjektet i fylket vårt med statleg finansiering fram til 2024, og altså ingen havne- og farleidstiltak. Igangsette tiltak som Svegatjørn-Rådal på E39 og jernbanetiltak som dobbeltsporet Arna–Bergen får sjølvsagt si statlege finansiering til ferdiggjering i åra 2018-2024, men dobbeltsporet Arna- Stanghelle får altså ikkje oppstart før i perioden 2024-2029.

Då Erna Solberg og listetoppane frå Frp, Krf og Venstre for nokre veker sidan var på Arna stasjon for å røpa hovudsatsingane i NTP-forslaget for Hordaland, så hadde dei nok ikkje rekna med at reaksjonane skulle bli så negative som dei har blitt. Forventningane i ulike deler av fylket var høge, og dei fleste rekna nok med at regjeringa, utfrå tidlegare lovnadar og rapportar ville varsla snarleg igangsetting av tiltak som veg og bane mellom Arna og Voss, Kyststamvegen og vintersikring av fjellovergangar på Aust- vestsamband.

Les også

Marit Warnckes oppfordring: Nå er tiden for å samle oss

Det er grenser for kor glad du kan bli når du ynskjer noko sterkt og har eit stort behov nå, og så får høyra at planen er at ein skal begynna å bygga det om 6-7 år. I tillegg kjem at det i denne 12-årsperioden som NTP varer skal haldast stortingsval i 2017, 2021 og 2025. Med dagens system skal det då vedtast ny NTP tre gonger før planperioden er slutt. Og så er det det til ei kvar tid sitjande stortinget som skal vedta dei årlege budsjetta, med løyvingar til mellom anna samferdselsføremål. Når då statssekretær Tom Christer Nilsen uttalar til BT at dette er ein seier, og at dette er gull, så er det i beste fall eit gullhåp 12 år fram i tid han siktar til.

Med dei utfordringane fylket vårt står oppi nærings- og sysselsetjingsmessig, vil det i dei næraste åra vera avgjerande med trafikksikre og effektive transportløysingar for at me skal lukkast.

Eit mantra for denne regjeringa og for samferdselsminister Ketil Solvik Olsen frå Frp har vore raskare planleggingstid for dermed å koma raskare i gang med arbeidet. Og det mange spør seg om nå er kva som eigentleg er vitsen med halvert planleggingstid viss du doblar tida fram til byggestart. Eller som han sa det, fiskebåtreiaren frå Bømlo som sterkt ynskjer at staten nå set i gang med det ferdig planlagde moloprosjektet i Langevåg: «Skal båtane våre måtta ligga utpå fjorden i 7 år før ein begynne på fiskerihamna.»

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg