Heilt ufatteleg NTP-prioritering

Me må leve med den svært rasfarlege veg- og banestrekninga i minst 17 år til.

UTSATT: Dei tolv milliardar kronene som er flytta ut i tid, som regjeringa likevel seier dei ønskjer å bruke, kunne ha redda liv, skriv Morten Myksvoll. Frøydis Urbye

Morten Myksvoll
Dagleg leiar, Forum Nye Bergensbanen

Heilt sidan statsministeren lekka frå Nasjonal Transportplan i februar, har mistanken vore høg, og i dag vart den stadfesta: Jernbanesatsinga er dytta ut i tid.

Då stortingsmeldinga vart lagt fram i dag, kom det ingen overraskingar for Bergensbanen sin del. Ringeriksbanen ser ut til å få oppstart i 2021, sjølv om det er mogleg å få det til i 2019 – om ein berre høyrer på planleggarane. Det har stortingsfleirtalet sett vekk frå til no. Arna-Voss er utsatt med tre år, som gjer at me må leve med den svært rasfarlege veg- og banestrekninga i minst 17 år til. Det er heilt ufatteleg.

Og så var det denne mistanken då, om at den enorme jernbanesatsinga som politikarane har skrytt av er litt for mykje glansbilete og litt for lite realistisk. Den stemte. I dei første seks åra av NTP vil staten bruke to milliardar kroner mindre – kvart einaste år – på jernbane enn det transportetatane la opp til i fjor.

Les også

Vi trodde det gikk i riktig retning

Dei tolv milliardar kronene som er flytta ut i tid, som regjeringa likevel seier dei ønskjer å bruke, kunne ha redda liv. I staden vert dei ståande på konto. Fordi Høgre, Frp, KrF, og Venstre har blitt einig om å vente. Dei vil vente med Arna-Voss og dei vil vente med Ringeriksbanen.

Samtidig utset regjeringa avgjerda om kvar den nye godsterminalen skal ligge. Det virkar kanskje ikkje så ille, sidan dagens terminal kan utvidast og virke fram til 2030. Men det er ikkje første gong ein lar denne saka ligge, fordi den er for ubehageleg. Langt i frå. Når terminalsituasjonen er usikker, og jernbanelinja vert utsatt, så er det fare for at godsandelen på tog går ned. Då vil fleire vogntog måtte køyre den rasfarlege E16, og det vil komme fleire bilar og meir dårleg luft inn til Bergen.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg