Det viktige er ikkje identiteten vi har, men den vi skaffar oss. Det krev strid.

Usemja er drivfjøra i alt byggjande arbeid.

VESTLANDET: Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane og Hordaland vart fredag samde om namnet på det nye vestlandsfylket. Fridtjov Urdal heldt tale under markeringa. Oddleiv Apneseth

Debattinnlegg

Fridtjov Urdal
Forfattar

Fridtjov Urdal heldt denne talen på Gulating 27. oktober, under markeringa av det nye fylket «Vestlandet».

For å sitatbryte Jon Fosse: «Nokon kjem til å verta misnøgde». Nokon er alt misnøgde. Når misnøya høveleg er bytt, kan ein vera nøgd. Kjem dette av kjærleik eller tvang? Vit eller uvit? Somme stretar, andre tvilar. Kan dette gå vel? Er dei ikkje for umake?

Både diktat frå statsmakta og tvangsekteskap har dårleg rykte. Her er eit døme på det motsette. Ein mann hadde fem døtrer og eit svare styr for å få dei godt gifte. Han ville vere sikker på at dei hadde til levemåte. Dei fire fyrste gjekk det greitt med, men den femte og siste hadde vore ute på eiga hand og funne seg ein uverdig. Det var Guds vilje, meinte ho.

Gamlingen, som var vand med at Vårherre var einig med han, lovde at tok ho ikkje tukt, så skulle han setje henne ut på eit omflødd skjer til ho hadde røynd armoda. Med andre ord det same som regjeringa seier.

Korleis det gjekk med henne? Om det var faren eller Vår Herre som ordna det, vart ho gift til god gard. Det gjekk meir enn vel etter den tids mål.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Nei til «Vestlandet»

Strilen bestemme ikkje kven som stril er. Det er Bergensaren som bestemmer slikt. Stundom kan det drype ære dråpe på dei og. Slik skreiv han Stiftamtmannen Villhelm Frimand Coren Kristi: «Eg skal lære den velklette uvitenhet av med at bele strilene for at di har tatt vare på det kosteligste et folk eier dets sprog». Dumskapen veit ikkje av seg sjølv og uvitenheita skrattear endå.

Gulatinget. Med lov skal land byggjast. Er det ryggstøet i moderniteten?

Kva er nytt, og kva er gammalt? Veit ein ikkje kva som før har vore tenkt, kan ein lett kome til å tru at ein tenkjer nytt.

Kva dei hadde føre seg, dei som samlast her hundreår attende: Krangel om mark og medel, arveskifte, ekteskap og heimanfylgje. Det same de tjavast om! Kva ein kan gje, og kva ein vil halde på.

Såg dei opp att or mold og hav, var det så berre fjell i syningom dei ville dra kjensel på? «Firdir, Strilar, Hordar skal verte eit kjøt», som det ein gong sto. Hordaland og Sogn og Fjordane eitt. Eit kvarttusen år sidan sist. I soga er hundreåra små.

Det har vore uro over at folketalet i fjordafylket har auka så lite. Vi skulle vore fleire. Kvifor veit eg ikkje. Det er eit teikn på at det er høveleg med folk her. At ein ikkje treng fleire. Sjølv om vi slær oss i hop, så treng ikkje fleire å busetje seg her. Verdien i fråvær er underskatta.

Vi likar ikkje framande og knapt nok oss sjølve. Skilnaden på oss utom elva og dei innom elva, for ikkje å snakke om dei sør i fjorden, endå om det er tjukke slekta på båe sider. Sambygding vert ein fyrst når ein er komen ut.

Det meste vil då vere som før. Fjella like høge, fjordane like djupe, med unnatak av Førdefjorden då, sjølvsagt. Korleis vi skal gå i hop? Dyrke mistrua? I den ligg ei djup åre av sjølvkjensle. Godt at nokon er ute etter oss. Betre enn at ingen ville bry seg.

Les også

Øyulf Hjertenes: Ja til «Vestlandet»

Dei kan kalle seg by kven som vil mellom Stad og Haugalandet. Bergen er by’n. Det var her sunnfjordingen fekk syn på ein sjokoladeautomat.

Innanfor glaset låg sukkerladen i høge la. «Legg 10 øre i åbningen», stod det. Gje frå seg 10 øre slik på vona, inn i ei sprunge! Det var meir enn han var lysta. Han kakka i glaset – ingen sukkerlade. Han kakka i kassen. Han dunka, han hamra, spente og slo. Der kom ingen sukkerlade.

Men der kom ein bergensar: «Det nytter ikke at du sparker og slår. Du må putte penger på.» «Ikkje fan», sa sunnfjordingen, «sukkerladen fysst»!.

Kjenner de sorten? Har de vore i forhandlingar med dei? Vi trur oss alle vere så ulike, eller trur vi verkeleg det? Må vi ikkje berre late som? Vi og dei hine.

Då strilane kom roande, så holvde dei ausekaret og kakka i ripa til dei. Terga strilen. Når dei var på havet, dreit dei i ausekaret, Dei er noko anna, det er berre vi som er oss. Mobbing heiter slikt i ei skinsår tid.

Kakkinga eit døme på at vørdnad og avund går opp i ei høgare eining, og vert myte om dei hine. Ein har mykje glede av slikt. Etnebuen Ingvar Mo skriv i Bygdatrygleik: «Så veit eg eit om deg, så veit du eit om meg, så har me adle eit kvart på kvarandre.»

Kva vi har på dei hine, gjev oss fridom. Vi kan kna i hop regel og rett, jamna og jenka det til sams beste.

Les også

Forsker mener «Vestlandet» ikke kan brukes som navn på nytt fylke

Til det trengst tradisjon og kulturforståing i generasjonar. Då veit ein kvar dei umerkte grensene går. Slik gjer vi det her, er vår lune form for korrupsjon. Fri og bevare oss frå krav om den ideelle fordring.

Vi er vel kjende med Jantelova, godt er det. Ho er sjølve søyla. Utan den hadde det vore fri veg for allslags halvtenkt toskeskap. Det som ikkje slær seg gjennom den, har inkje ute i røynda å gjera. Den må haldast blank og kvass, så vi kan bita frå oss.

De veit kva de har å gjere med: Der kjem hardingar, bybuarar, etnebuarar, osingar, vesser, strilar, sogningar, fjordingar, stryningar og gloppar, stassingar og masfjordingar, sulingar og årdøler, havbuarar og fjordfolk. Ei sterk eining. Vi kan ha mykje trivnad av å pukke på vår rett, kivast, gremje, syte og klage.

Det er ikkje likskapen som gjer oss sterke, men dei plagsame særdraga som fyrst og fremst dei hine har. Dette evinnelege kven, får stor merksemd.

Vi er då ikkje. Vi vert noko anna enn vi var før. Det viktige er ikkje den identiteten vi har, men den vi skaffar oss. Det krev strid og motsetnadar. Ulikskapen gjer oss sterke som eining og samfunn.

Når semja vert for brei, vert ho farleg. Det gjeld òg saker ein sjølv er samd i. Usemja er drivfjøra i alt byggjande arbeid.

Det visste dei som samlast her og bygde lov og rett. Ein skal koste på seg krangel og usemje. Då brynast dei tankar det er verdt å einast om.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg