Eit arbeidsliv utan fridom

Arbeidslivet Høgre regisserer tar frå menneske retten til å bestemme over eige liv og fritid.

Publisert:

GODT VANT: Fleksibiliteten som vert framheva frå Høgre som bra både for næringsliv og arbeidstakar, har vi fordi arbeidsfolk er vant med å vere fleksible. Foto: Bendiksby, Terje / NTB Scanpix

Debattinnlegg

Vigdis Vestvik
Organisasjonsmedarbeider NNN og politisk nestleder Bergen SV

I si nyttårstale i 2015 sa statsminister Erna Solberg: «Eit arbeidsliv der fleire skyves ut vil føre til sosial ulikskap. Eit slikt samfunn ønskjer ikkje eg». Arbeidsfolk og fagorganiserte bør gå ei lys framtid i møte, med andre ord.

Men det er ikkje so vel, må vete! For den politikken regjeringa utøver gjev den stikk motsette effekten for arbeidsfolk og for alle som står utanfor arbeidslivet.

Høgre meiner òg at endringane i arbeidsmiljølova skapar ein auka fleksibilitet i arbeidslivet, noko som er bra både for næringslivet og arbeidstakaren. Her snakkar vi visst om ein rein vinn-vinn-situasjon, eller kanskje ikkje?

Arbeid er grunnlag for velferd, tryggleik, sjølvstende og verdigheit. Men arbeidslivet Høgre regisserer er det all grunn til å setje spørsmålsteikn ved.

For det arbeidslivet fører til større sosiale skilnader og knuser det organiserte arbeidslivet. I tillegg tar det frå menneske retten til å bestemme over eige liv og fritid.

Les også

Støre vil skjerpe straffer for arbeidslivskriminalitet

Arbeidsfolk har, på lik linje med alle andre, sine faste utgifter dei må betene. Og for å klare det må mange ta det oppdraget dei får, når dei får det.

Gjer dette oss betre velferd, sjølvstende og verdigheit?

Vert arbeidsfolk trygge av å vere tilsett i midlertidige tilsetjingar, i små stillingsbrøkar eller gjennom bemanningsføretak utan løn mellom arbeidsoppdrag? Snakkar vi framleis om ein vinn-vinn-situasjon? Nei, det trur eg ikkje.

For det fører til det stikk motsette å ikkje ha trygge faste arbeidstilhøve. Og fleksibiliteten som vert framheva frå Høgre som bra både for næringsliv og arbeidstakar, har vi fordi arbeidsfolk er vant med å vere fleksible. Arbeidsfolk må omstille seg for å tilpasse seg ny teknologi, robotisering, konkurranse og svingingar i marknaden.

Les også

Vil tvinge lederne til moderasjon

Fagrørsla, saman med arbeidsgjevarsida, arbeider for å finne dei beste løysingane for dei som vert råka anten det gjeld omstilling eller nedbemanning. I botn og grunn fører det eine oftast til det andre. Fagrørsla, som verkar å vere som ein torn i auga på dei blå-blå, er faktisk løysingsorientert, eit ord som må vere musikk i øyra til dei som har marknadsøkonomi som sin politiske ideologi.

Det er klart at det stundom må halde hardt å vere samarbeidsvillig når det vert aust ut med skattelette til dei aller rikaste, mens dei som har minst får enno mindre, både uføre, sjuke og arbeidsledige.

Les også

Mæland avviser lønnsfest for ledere

Vi er klar for ein ny turnus! Minst fire år utan avløysing er heilt greitt. Eg vil tru at arbeidstakarar som ikkje er fagorganisert også innser at den kampen fagrørsla kjempar for sine medlemmer, er ein kamp som handlar om eit anstendig arbeidsliv, eit arbeidsliv dei òg er ein del av.

Eg vil òg tru at arbeidsfolk ser, og har sett, at den utøvde arbeidslivspolitikken til høgresida er eit arbeidsliv som ikkje gjer fridom til å velje mellom gode. Tvert om må mange velje vekk alt som ikkje er heilt nødvendig.

Det som faktisk gjer det mogeleg å velje mellom gode, er eit arbeidsliv tufta på anstendige løns- og arbeidsvilkår. På heile faste stillingar og som gjev framtidige pensjonistar ein pensjon å leve av. Og eg er sikker på at folk flest ser at det høgresida ikkje har levert på dette, sjølv om dei seier at det er på grunn av deg dei trur på Norge.

Les også

Truet av omstilling? Sjekk forskerens gode råd

Som i alle eventyr er det ein noko kronglete veg til ein lykkeleg slutt. La eventyret om vegen til det gode arbeidsliv bli til verkelegheit gjennom ein arbeidslivspolitikk som faktisk fører til velferd, tryggleik, sjølvstende og verdigheit for arbeidsfolk.

Vi må få på plass ei reversering av endringane i arbeidsmiljølova, faste heile stillingar må vere det grunnleggjande i norsk arbeidsliv og arbeidsgjevaransvar må flyttast attende dit det høyrer heime i eit arbeidstilhøve, nemleg frå bemanningsbyrå til arbeidsgjevar.

Snipp snapp snute, vi skal sørgje for at arbeidslivseventyret til høgresida vert ute den 11. september!

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg