Valdtekt gav berre eitt års fengsel, men dei tok opp kampen
I Noreg har vi dei siste hundre åra slått hardt ned på overgrep mot barn, valdtekt, incest og grov porno. Det kan ein i stor grad takke kvinnesakskvinnene for.
- Siri Elisabeth BernssenStipendiat, Det juridiske fakultet, UiB

I 1902 vart ei ny straffelov vedteken av Stortinget. Lova vart lovprisa rundt i Europa for fleire moderne idear, mellom anna at domstolane skulle ha stort rom til å tilpasse straffa til den enkelte forbrytar.
Men der strafferettsjuristane var entusiastiske for fleksibiliteten i lova, vart kvinnene stadig meir opprørte. Snart viste det seg nemleg at straffene for seksuelle overgrep jamt over var svært låge. Sjølv ved dei mest brutale overfallsvaldtekter, eller gjenteke misbruk av unge jenter, rapporterte avisene om dommar nær minimumsstraffa på eitt år.
Sjølv om slaget om stemmerett var vunne i 1913, skulle det ta mange tiår før kvinnene for alvor byrja å tre inn i formelle maktposisjonar. For å påverke den politiske retninga var det dermed lobbyverksemd som gjaldt. Frå 1912 byrja departement, storting og regjering å få ei rekke brev frå ulike kvinneforeiningar og samanslutningar, som kravde at straffa for seksualforbrytingar måtte skjerpast.
I media gjekk fleire menn ut for å roe ned dette «impulsive kvinnelege hysteriet». Dei meinte at kvinnene korkje var kjend med detaljane ved det enkelte høve, eller hadde forståing for straffelova sitt system. Som ein (anonym) mann heldt fram i eit innlegg i Aftenposten 14. mars 1912: «Det triste ved Sagen er den Mangel paa Modenhed for Deltagelse i det offentlege Liv, som Kvinderne ved slig Adfærd lægger for Dagen».
Men kvinnene gav seg ikkje. Det neste tiåret heldt dei fram med å sende oppmodingar til myndigheitene, skrive lesarinnlegg, arrangere massemøte og sette i gang underskriftskampanjar.
I 1920 vedtok Stortinget at det skulle setjast ned ein komité som skulle kome med forslag til endringar i straffelova av 1902. Då det vart kjent at straffelova skulle reviderast, gjekk kvinnene til ny og forsterka aksjon.
Ikkje berre kom det ei bølgje med brev, lesarinnlegg og underskriftskampanjar om skjerpa seksualregulering, men det vart også frå ei rekke hald framsett krav om at det vart sett av plassar til kvinnelege medlemmar i straffelovskomiteen.
No gav engasjementet resultat. For det første vart to kvinnelege legar med sterk tilknyting til kvinnerørsla oppnemnd som komitémedlemmar. For det andre medførte det sterke presset frå «opinionen» at straffelovskomiteen såg seg nøydt til å føreslå store innskjerpingar. Dette innebar mellom anna å tvinge domstolane til å idømme strengare straffer, ved å fastsette høgare minstestraffer.
Då lova vart vedteken i 1927, var mellom anna minstestraffa for valdtekt til samleie og seksuell omgang med barn under 14 år auka frå eitt til tre år.
Fleire av landets fremste juristar og aktørar innan rettspleia kom med sterk kritikk av lova. Fordi den potensielle straffa vart oppfatta som urimeleg høg i mange tilfelle, viste dei til at mange seksualforbrytarar aldri vart tatt til retten, eller dei vart frikjende trass svært sterke bevis. Minstestraffene verka slik mot si hensikt, og førte i praksis til ei mindre effektiv strafferettsforfølging.
Men kvinnene stod på sitt. I 1932 vart spørsmålet om seksuallovgjeving tatt opp på landsmøtet til den største paraplyorganisasjonen i norsk kvinnerørsle, nemleg Norske kvinners nasjonalråd. Ingeborg Aas – som var éi av dei to kvinnene i den tidlegare straffelovskomiteen – åtvara mot å gi etter for det «mannlege skrik», berre fordi lova hadde ført til ei og anna uriktig frifinning.
Kvinnene peika på at det ikkje var minstestraffene som var problemet, men dei rettslege aktørane – fordi dei var menn. Med fleire kvinner i rettspleia ville ein ikkje ha problem med å dømme seksualforbrytarane til strenge straffer, meinte dei. Slik smelta spørsmålet om minstestraffer saman med kampen for likestilling.
Mot slutten av 50-talet erkjente likevel kvinnerørsla at tida var inne for å revidere lova på nytt. Det hadde mellom anna vist seg at fleire kvinner i retten ikkje hadde auka sjansen for domfelling – stundom var det nettopp dei kvinnelege lagrettemedlemmane som argumenterte sterkast for frifinning.
Samstundes hadde minstestraffene ført til at domstolane no låg på eit meir akseptabelt straffenivå i dei alvorlegare sakene. Med ei formell oppfordring frå Norske kvinners nasjonalråd gjekk ein dermed i gang med å førebu ein ny revisjon. Minstestraffene vart slik justert ned i 1963.
Den seksuelle revolusjonen – og kanskje særleg abortsaka – førte til at kvinnerørsla vart stadig meir splitta utover 60- og 70-talet. Spørsmålet om seksualregulering skulle likevel igjen samle alt frå liberale feministar til konservative misjonskvinner.
På 70-talet reiste det seg nemleg ein massiv motstand mot pornoindustrien si framstilling av kvinner som seksualobjekt. Protestane kom i denne runden som alt frå debattinnlegg og føredragsturnéar, til tjuveriraid av utsalsstader, med neste «pornobål». Også denne gongen gav engasjementet resultat.
I 1985 vart det presisert i lova at sal og anna utbreiing av materiale som var «menneskeleg forråande, medrekna kjønnslege skildringar med bruk av barn, dyr, vald, tvang og sadisme» var straffbart. Sju år seinare, i 1992, vart også innehaving av barnepornografi forbode.
Parallelt med pornokampen vart det også sett søkelys på vald og overgrep i nære relasjonar. «Oppdaginga» av incest, i tydinga seksualovergrep mot barn av omsorgspersonar, prega både media, forsking og lovgjevingsprosessar på 80- og 90-talet. Også denne merksemda hadde opphav i kvinnerørsla – nærare bestemt den amerikanske.
Særleg frå 1970-åra og utover fekk kvinner stadig større formell makt, gjennom representasjon på ulike arenaer. Der organisering og lobbyverksemd var den beste påverknadsmogelegheita kvinnene hadde på byrjinga av hundreåret, vart det i dei siste tiåra stadig mindre behov for ein samla kvinnefront.
I dag er det stort sett andre ting enn kjønn som er avgjerande for ulike syn på seksuallovgjevinga. Men at kvinner som gruppe har spelt ei avgjerande rolle for det strafferettslege overgrepsvernet vi har i dag, er det ingen tvil om.