«Status Lærer» – ein syteklubb for konspirasjonsteoretikarar

Når alle som meiner noko anna enn deg, er idiotar, har du eit personleg problem. Om dette synet pregar ei yrkesgruppe, har vi eit samfunnsproblem.

Facebookgruppa med nesten 30.000 medlemmer har innslag av populisme og konspirasjonsteoriar, meiner Joachim Laberg.
  • Joachim Laberg
    Lektor og medievitar, Bergen
Publisert Publisert
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

«Kjære Tonje Brenna og andre politikere i den nye og den gamle regjeringen. Hvis en del av strategien deres i behandlingen av oss som arbeider i skole og barnehage har vært en utmattelsesstrategi for å kneble oss, har dere iallefall lyktes med meg.»

Dette vart posta på Facebookgruppa «Status Lærer», dagen etter at regjeringa la fram nye smitteverntiltak, men ikkje stengde skulane. Innlegget har i skrivande stund 1,8 tusen likes. Ein utmattelsesstrategi for å kneble lærar, forkledd som omsyn til born og unge, altså.
Facebookgruppa med 29.800 medlemmer, har potensial til å vera det største digitale profesjonsfelleskapet for skulefeltet. I staden har det blitt ein syteklubb for lærarar, med innslag av populisme og konspirasjonsteoriar.

Det har blitt påstått at FHI bevisst har skjult smittetal blant lærarar. Og at politikarar bevisst raserer skulen, anten i form av mangel på smittevern, inntakskrav i lærarutdanning eller endring av læreplanar.

Les også

Lærere slutter i jobben: – Mange er nå på felgen

Ein gjengangar er påstandar om at det å krevje 30 og 60 studiepoeng i faget ein skal undervise i, er eit urimeleg jag etter formell kompetanse, akademisering av skulen og vitne om manglande tillit til lærarane. Til orientering: 30 studiepoeng svarar til vanlegvis eit halv år studietid, og vidareutdanning er vanleg i ei rekkje yrke.

Forskingsartiklar har blitt avvist som sludder, utan at kritikarane har lese forskinga. «Det er ikkje naudsynt å lese den heller», har fleire ytra. Stadig kjem oppmodingar om at ein kvar lærar bør melda seg ut av forbunda sine.
Mykje av dette er forankra i legitim bekymring. Ho som skriv om knebling av lærarane, skriv også om frykt for at manglande smittomsyn kan øydelegga jula for mange. Det er ei bekymring eg deler med henne.

Men å meine vel er ikkje nok. Å formulere seg sakleg og konstruktivt, er avgjerande for å få gjennomslag i politikken. For ingen seriøse aktørar tek stråmenn og konspirasjonsteoriar seriøst.

Og akkurat som vi ikkje skal godta at dei som er bekymra for norsk innvandringspolitikk, tyr til rasisme, eller at dei som er redde for biverknadane ved vaksine, tyr til løgner og konspirasjonar, skal vi heller ikkje godta at lærarar vrir og vender på fråsegner og fakta til dei har ein vond nok stråmann dei kan mobilisere ein hatkampanje mot.

Både politikarar, studentar og andre aktørar les kva lærarane meiner på Facebook-gruppa «Status lærer», skriv innsendaren.

Vi er ein av kunnskapssamfunnet sine viktigaste og mest synlege representantar. I eit fagfellesskap er vi i fremste rekkje utdanna fagfolk. Og det verkar snålt at lærarar som ber om meir løn, meir tillit og høgare status, ikkje evner å snakke om politiske prioriteringar utan å ty til grove overdrivingar og påstandar om vondskap.

Konspirasjonar og populisme gjer også at samtalen om dei store skulespørsmåla vert polarisert og fordumma. Innlegg på Facebook-gruppa ber nemleg ofte preg av å vera enkle og spissformulerte. Og i kommentarfeltet er det langt mellom dei som orkar å forsøka å få debatten inn på eit meir konstruktivt spor. Men «kloke ord, «godt sagt» og hjarte-emoijis fløymer det over av.

Dette er ikkje ein god måte å ha eit profesjonsfellesskap på. Og det er svært uheldig om nyutdanna lærarar møter ein slik type debattkultur utan den naudsynte erfaringa som skal til for å balansere det negative inntrykket.

Les også

Nok syting. Nå trenger vi å fremsnakke læreryrket.

Meg, og mange med meg, har fleire gonger varskua om det skadelege og uprofesjonelle debattklimaet. Men gruppa har moderatorar som konsekvent fjernar slike innlegg (!). Og som vi veit er det ganske håplaust å berge ein debatt når han har hamna i konspirasjonsgjørma.
Det er på tide å løfte dette ut i den breiare offentlegheita. «Status Lærer» er ein plass der både politikarar, studentar og andre aktørar kjem for å høyre kva lærarane meiner. Ei slik mogelegheit for dialog er verdifull både for oss lærarar, og for samfunnet, elles slik at utdanningspolitikk, lærarutdanning og skulesystemet som heilskap vert utvikla saman med dei som sit med erfaringskompetanse.

Men då er det avgjerande at arenaen både har eit variert utval av røyster, og er basert på sannferdigheit, presisjon og saklegheit i kritikk, sjølv om dette kan vera vanskeleg å få til.

Første steg må vera å droppe konspirasjonsteoriane, offermentaliteten og den hånlege sjølvtilfredse haldninga. I staden må vi faktisk prøve å forstå at samfunnet er eit komplekst system der erfaring ikkje alltid medfører definisjonsmakt, og at dette tilsynelatande paradokset ikkje er eit resultat av, eller bevis på, vondskap og idioti.

Publisert
  1. Debattkultur
  2. Tonje Brenna
  3. Skole
  4. Utdanning

Les mer om dette temaet

  1. Høyre-politiker avviser kritikk fra lærere: – Grunnløse påstander

  2. – Derfor er «syting» og kritikk av læreryrket nødvendig

  3. – Vi tør ikke si det vi egentlig mener

  4. – Derfor flykter lærerne

  5. – Nei, vi har ikke plass, Nakstad

  6. De har valgt utdanninger med få jobber. – Hvis jeg ikke dør av sult, har jeg klart livet.

BT anbefaler

Dere må love meg ikke å google, sa legen til foreldrene

Lykke (13) er den eneste med sykdommen i Norge.

LES SAKEN