Det Bybanen har fått til, vekkjer oppsikt i Europa

Dette visste du ikkje om Bybanen.

Publisert: Publisert:

PÅ SKINNER: Bybanen AS i Bergen blir omtalt som ein mønsterbane, skriv administrerande direktør Adeldheid Nes. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen (arkiv)

Debattinnlegg

Adelheid Nes
Administrerende direktør i Bybanen AS

Det er mange som meiner mykje om Bybanen. Faktum er at det vi har fått til, vekkjer oppsikt i Europa.

Ein månad etter at eg begynte å jobbe i Bybanen AS, hadde eg eit møte med sjefen for Stadler Pankow-fabrikken i Berlin, der bybanevognene er produsert. Sidan vi ikkje kjende kvarandre så godt, tok vi oss tid til ein liten uformell samtale før møtet tok til.

Vi snakka mellom anna litt om historia til bybaneprosjektet. Ulf Braker, som den gongen var sjef for Stadler Pankow, sa då omtrent følgjande: «Do you guys realise how good you have been?» Veit de kor gode de har vore?

Av alle byar i verda han hadde levert vogner til, rangerte han Bergen øvst. Han nemnde evna til samlande tverrpolitiske vedtak, effektiv planlegging, utbyggingsprosjekt som held både tids- og kostnadsrammer, og start av kommersiell drift på planlagt dato, utan store driftsproblem.

Dette har ikkje vore malen i dei andre byane Stadler har levert vogner til. Både byggetrinn 1 og 2 vart gjennomførte med kostnader på om lag 100 millionar kroner under ramma. Byggetrinn 3 vart gjennomført eksakt på ramma.

VEKST: Våre prognosar viser at Bybanen kan få så mykje som 17,5 millionar passasjerar i løpet av 2019, skriv Adelheid Nes i Bybanen AS. Foto: Arkiv

Operatør for Bybanen i Bergen er Keolis, som har operasjonar over heile verda. I Keolis-systemet blir Bybanen omtalt som ein mønsterbane.

Det er utstrekt kontakt mellom dei ulike lettbanene som er i drift og under planlegging/bygging rundt om i Europa. Resultata som er oppnådde i Bergen både når det gjeld drift, passasjertal og byutvikling, vekkjer oppsikt. Derfor tek vi i Bybanen AS imot gjestar frå heile Europa.

Dei kjem til Bergen for å lære om alt frå design og byutviklingsgrep til tekniske løysingar og driftsopplegg. Ikkje minst har baneprosjekt frå våre naboland vore hyppige gjestar. Vi har hatt besøk både frå Århus, Odense, Tampere og Uppsala i løpet av det siste året.

Bybanen AS si overordna målsetjing er å vere Europas beste banesystem. Vi skal vere best både på kvalitet, effektivitet og sikkerheit. Bybanen i Bergen held eit høgt sikkerheitsnivå, som det er svært viktig for oss å sikre.

Statistikken viser ein stadig nedgang i talet på uønskte hendingar. For 2018 og hittil i 2019 er dette talet på det lågaste nivået sidan starten i 2010.

Vi måler dagleg punktlegheit og regularitet som viser om vi held rutetidene, og om vi gjennomfører alle avgangar som planlagt. Bybanens punktlegheit hittil i år er 99,19 prosent og regulariteten 99,71 prosent.

Dette er i europatoppen, og langt betre enn til dømes Flytoget, som vi likar å samanlikne oss med. At vi gjennomfører ruteopplegget slik Skyss har planlagt, er svært viktig for at passasjerane skal vere nøgde med tenesta vår.

Siste byggetrinn mellom Flesland og Rådalen opna august 2017. Den hausten steig i snitt 50.000 passasjerar om bord på Bybanen på vanlege kvardagar. Dei siste vekene i august 2019 har talet stige til 67.000. Dette er ein formidabel vekst på rundt 35 prosent på to år!

Våre prognosar viser at Bybanen kan få så mykje som 17,5 millionar passasjerar i løpet av 2019. På siste styremøte la vi fram tal som viser at det i år vil koste om lag 14 kr og 60 øre pr. passasjer å drifte Bybanen. Dette talet vil bli ytterlegare redusert neste år.

Bybanen har det ein kallar låge marginalkostnader – nye passasjerar kostar mindre. Ettersom passasjertalet veks, vil dermed kostnad pr. passasjer bli redusert. Maksimal utnytting av kapasiteten i bybanesystemet gir med andre ord både god driftsøkonomi og god samfunnsøkonomi.

Bybanen AS skal styre verksemda etter kommersielle prinsipp, til samfunnets beste. Vi skal synleggjere mogelegheiter og avgrensingar i bybanesystemet, og gjere det mogeleg for Skyss å bestille det mest føremålstenlege rutetilbodet.

I dette arbeidet nyttar vi ein modell som kan simulere trafikken både på eksisterande og framtidig bybanenett, samt økonomiske analysar for å oppnå best mogeleg driftsøkonomi. Vi er i startgropa med dette arbeidet, men målet er å få fram den optimale strukturen og frekvensen i eit framtidig driftsopplegg.

Slik vil det vere mogeleg å få til ein stor reduksjon i talet på bilar og bussar i Bergen sentrum, hyppige avgangar på alle bybanelinjer, kapasitet til å ta unna store passasjermengder og lågare driftskostnader pr. passasjer.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg