«Den fordømte skatten»

Slik kan vi ta «heile landet» i bruk.

Publisert: Publisert:

SKATT: Det ser ut som folk ikkje forstår at skatten trengst for å halda oppe det gode samfunnet vi har, skriv Ingolv Vevatne. Foto: NTB scanpix

Debattinnlegg

Ingolv Vevatne
Etne

For nokre år sidan var det eit Frp-medlem som hadde eit innlegg i Haugesunds Avis, der han skreiv om lag dette: «Dersom det er sant at vi bur i det beste landet i verda, så må vi i alle fall få bort den fordømte skatten!»

Ein annan (med høg utdanning!) sa det slik: «Staten er den verste tjuv – han tek pengane våre!»

Det ser ut som folk (flest?) ikkje forstår at skatten trengst for å halda oppe det gode samfunnet vi har, og det kan utnyttast: Høgre og Frp har i årevis hatt som sitt fremste argument: «Mindre skatt».

Dermed har dei gjort ein god jobb, og kan veljast opp att – og motparten vil aldri nå fram dersom dei aukar skattane.

Kva gjer ein så, dersom det gode samfunnsliv skal «haldast oppe»? Jo, kommunestyra må ta den sure jobben med å innføra eigedomsskatt, slik at vi framleis kan kallast det beste landet.

Stortinget tek ansvar på den måten at det prøver å halda oppe det gode samfunnet med mindre pengebruk, og der kjem framlegga om å slå saman kommunar. Då oppnår ein to «ting»:

1) Di større kommunane blir, dess mindre har dei som bur i utkantane å seia i sitt nærområde. Fleirtalet er alltid ein annan stad. Det er eit dårlegare demokrati.

2) Di større kommunane blir, dess lettare er det å «finna» område som har problem med å halda oppe skular og butikkar i nærmiljøet. I staden for å bruka pengane til å stimulera til vekst i slike område, vert dei brukte til å ta imot dei som flytter dit det er «nok folk frå før». Det kan ikkje halda fram slik.

Skattane må aukast slik at vi kan ta «heile landet» i bruk, og ein del av avgiftene bør fjernast – først og fremst dei som slår urettferdig ut.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg