Mi hyllest til Kaizers Orchestra

Det høyrest kanskje flåsete ut, men det er heilt sant: Kaizers har hjelpt meg gjennom fleire vanskelege periodar i livet.

«Stemninga på konsertane til Kaizers var noko heilt eige», skriv innsendaren. Biletet er frå Kaizers konsert på Koengen då dei hadde sin avslutningsturné i 2013.
  • Marit Kvamme-Vik
    Leknes
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Alle som er på sosiale medium eller les aviser, har mest sannsynleg fått det med seg. Kaizers Orchestra er straks tilbake, ti år etter at dei – som dei sjølv uttalte den gongen – la Kaizers på is.

I god Kaizers-ånd har det vore mystikk og mysterium rundt det heile, og fan-sida deira på Facebook har bobla over av konspirasjonar og diskusjonar om kva som skulle skje. Onsdag sprakk bobla, då Kaizers la ut turnéliste for hausten 2023. Dette er stort for mange, inkludert meg sjølv.

Musikk generelt vekker kjensler i dei fleste. Eg er ikkje noko unntak – tvert om.

Kjenslene mine for Kaizers oppstod i Sogndal i 2003. Eg hadde høyrt nokre låtar, men var ikkje begeistra for det eg hadde høyrt. Eg var på besøk hjå vener som studerte i Sogndal, og det var tilfeldigvis Kaizers som var «happeningen» den kvelden.

Ein stad der mellom hamring på oljefat så sveitten spruta, pumping på orgel, og ein Janove med publikum i si hule hand, hende det noko. Eg vart frelst. Frå den kvelden var eg fan av Kaizers Orchestra.

Les også

Kaizers Orchestra spiller minst seks konserter i Bergen. – Vi går «all in».

CD-spelaren i kollektivet fekk køyrt seg, til glede for enkelte – og frustrasjon for andre. Songtekstar vart øvd inn slik at eg kunne væra med på allsongen når Janove dirigerte oss frå scena, slik berre han kan.

Åra gjekk, fleire album kom til. Kaizers Orchestra vart ein større og større del av livet mitt. Det høyrest kanskje flåsete ut, men det er heilt sant: Kaizers har hjelpt meg gjennom fleire vanskelege periodar i livet. Mest med tekstane sine.

Det er løye dette med songtekstar. Dei er skrive av ein eller fleire, som har si meining med den. Så kan det kjennast ut som om songen er skriven til berre deg. Ikkje berre triste kjensler, men også glade.

Eg kan enno hugsa kjensla den første gongen eg høyrde låten «Siste Dans». Det var fredag, og eg skulle ut med vener. Eg trong nærmast ikkje drikka noko med bobler i, for den songen fekk verkeleg blodet til å brusa!

Slike kjensler, gode som triste, kan eg linka til mang ein Kaizers-låt.

Marit Kvamme-Vik vart Kaizers-frelst i 2003.

Samhaldet og det sosiale har og vore uvurderleg. Det å ha nokon å gå på konsert med, nokon som har like stor interesse og lidenskap for musikken som deg. Eit fellesskap. Både med dei næraste og heilt framande. Eg drog på alt – ifrå konsert i eit sirkustelt, til konsert i London.

Eg møtte mange på den vegen som eg slo av ein prat med. Det å snakka med andre om kva Kaizers betydde for dei, var også ein veg inn i fellesskap med menneske ein kanskje aldri hadde snakka med elles.

Sterkast er inntrykket av ein mann eg møtte i London. Han hadde overlevd terror, og heile tida medan dei var under angrep, hadde han tenkt at dersom han overlevde dette, så skulle han gjera alt han hadde lyst til resten av livet. Kaizers i London vart ein av dei tinga. Eg håpar han har gjort mykje kjekt sidan då.

Stemninga på konsertane til Kaizers var noko heilt eige. Trampeklapp i fleire minuttar til Tom Waits – medan me venta på at «han med gassmaska» skulle komma inn og setja seg ved pumpeorgelet. Jubelen, lysekroner, velur, oljetønner og felgar. Allsong, ofte heilt utan at bandet spelte. Dei stod og høyrde på oss. Janove dirigerte eller sat seg nonchalant ned med ein sigar for å høyra på. Den kjensla ...

Dei som veit, dei veit.

Det er fire ungar, fleire kilo, nokre rynker og eit og anna grått hår sidan «den feita damå» song i DNB arena i Stavanger. Kaizers-toget hadde stoppa.

Livet suste vidare, musikken er med. Men magien vart litt vekke, saman med live-opplevingane.

No har toget starta att, og eg kan ikkje venta med å setja meg på!

TAKK, Kaizers Orchestra – for det som var – og det som kjem.

Publisert: