Kan framtida bli blå?

Om framtida er blå er vi naudt til å tenke ungt og grønt.

Publisert:

FØREGANGSLAND: Noreg som havnasjon bør vere eit føregangsland med folk og investorar med leiande «leseferdigheiter» når det gjeld økosystema i havet, meiner Dorothy J. Dankel. Foto: Silje Katrine Robinson

Debattinnlegg

Dorothy J. Dankel
Forskar, Institutt for Biologi, Universitet i Bergen og styremedlem, Nordisk Marine Tenketanken, København

I vår sto statsministeren, fiskeriministeren, næringsministeren og olje- og energiministeren saman på Bryggen i Bergen for å lansere prosessen rundt ein ny havstrategi. Denne strategien skal vere klar våren 2017 og regjeringa etterlyser no innspel. Mitt bidrag her er å rette fokus på den aukande etterspurnaden av marine produkt, utfordringar i forskinga og korleis vi er naudt til å skape eit ”blue view” hos den yngste generasjonen.

Mineralar, shipping, viltfanga sjømat og akvakultur, cruise-turisme og vind- og bølgje-energi. Dette er eksempel på verdiskaping gjennom havet, den såkalla «blå økonomien». Slike produkt og tenester knytt til havet har aukande etterspurnad. «The Ocean Economy 2030» er ein ny OECD rapport om komande moglegheiter i den blå økonomien, og estimerer at verdiskaping frå havbaserte industriar kan kome opp i 3,000 milliardar dollar.

Som Almås, Edvardsen og Abildgaard påpeikte i Aftenposten 1. juni, talar også OECD-rapporten for at ikkje alt i havet kan målast i kroner og øre. Vasskvalitet og rekreasjon på havet og langs kysten er eksempel som Almås og co gir for å understreke andre vesentlege kvalitetar som samfunn verdset.

Dei argumenterer for ei heilskapleg vurdering, ein totalreknskap, som tek høgde for fleire grunnleggande prinsipp, som kvaliteten på økosystemet i tillegg til verdien av fisk, turisme og andre økonomiske goder. Eg er einig i denne ideen av ein ”totalreknskap”, men tvilar sterkt på at både industriane, forskarar og politikarar er rusta i dag til å gjennomføre den naudsyne heilheitlege vurderinga for å få til ein berekraftig og sterk blå økonomi. Blant anna fordi nylege handteringar av til dømes sjødeponi og internasjonal deling av fiskekvotar viser store svakheiter.

Førdefjordsaka om sjødeponi viser at økonomisk og politisk vilje trumfar sterk forsking, kunnskapsbaserte miljøanbefalingar og samfunnsengasjement. Eg kan ikkje hugse ein rapport frå Havforskingsinstituttet som har vore klarare: sjødeponi i Førdefjorden vil forureine vatn og skade marint liv betrakteleg. Men staten var framleis ”i tvil” om konsekvensane og bestilte andre undersøkingar.

Ei anna sak er «makrellkrisa» i Nord-Atlanterhavet, der Noreg og EU ikkje har vore einige om totalkvota for makrellen på over sju år. Årsaka er ein kombinasjon av ny fiskeområder på grunn av klimaendringar, som har påverka utbreiinga til makrellen opp til Island og Grønland, og gamalt lovverk som deler fiskekvota basert på historiske fiske. Nordisk Marine Tenketank ga ut ein rapport i 2015 med eit forslag til korleis partane kunne fordele ei totalkvote utifrå biologiske og sosio-økonomiske hensyn. Det Nordiske Ministerrådet har satt i gang ei arbeidsgruppe som skal sette opp nokre forslag i rapporten. I praksis er makrell overfiska mens vi ventar på nye lovverk.

Desse to sakene viser til komplekse problemstillingar som involvere havet, internasjonale lovverk, livet under havet, sysselsetting og økonomien no og i framtida. Når ein heilheitleg strategi manglar blir utgangspunktet og resultatet status quo. Slik oppretthaldast denne sirkelenen før det eventuelt trenger seg fram eit paradigmeskifte med nok teoretisk og økonomisk støtte til å føre strategien over i eit nytt spor.

Sjølv eit nytt heilheitleg lovverk er ikkje nok til å sikre eit berekraftig hav; havet er mykje lengre og djupare enn ”lovas lange arm”. Det krever også ei blå tilnærming som er framsynt, kunnskapsbasert og inkluderande på tvers av interessegrupper.

Er blå det nye grøne i det grøne skiftet? Ein av visjonane til Noreg sitt Centre of Expertise The Seafood Innovation Cluster i Begren er nettopp at det grøne skiftet, med meir miljøvennleg industri og økonomi, i stor grad skal handle om eit blått skifte med ei ny ambisiøs satsing på havøkonomi i Noreg. Men slike skiftar ikkje kan skje overnatta. Den yngste generasjonen må kunne bidra med ein ny holdning om havets moglegheiter.

Mange studentar eg har møtt har vore nysgjerrige på korleis forureining av havet, klima og politiske mål heng saman. Eg meiner at Noreg som havnasjon bør vere eit føregangsland med folk og investorar med leiande ”leseferdigheiter” når det gjeld økosystema i havet. Formidling av slik basiskunnskap om havet kan begynne så tidleg som i barnehagen og forsterkast i grunnskulen og vidaregåande.

EU og Noreg har no mål om å auke sin blå økonomi med samstundes vekt på berekraftig innovasjon og utvikling. For å støtte denne veksten, etterlyser både EU, gjennom Horizon2020 programmet, og Noregs Forskingsråd meir forsking på berekraftig bioteknologi og marin hausting. Den marine forskingsklynga er på plass i Bergen, samt ein ny overordna strategi ved Universitetet i Bergen ”Hav, Liv, Samfunn”. Men det står att å sjå korleis forskingsmidlar i framtida skal kunne realisere ei heilheitleg satsing som ein berekraftig blå økonomi krever.

Eit eksempel på ei ny tverrfagleg forskingssatsing er Marinforsk, Forskingsrådet sitt marine program (frå 2016-2025) med heile 1 milliard NOK i samla budsjett. Men trass i at Marinforsk sin programplan er full av framtidsretta og tverrfaglege mål, så er forskingsteamet som søker pengane bunde til følgande kriterium: «Søknaden kan bare behandles under ett temaområde, og søker må velge hvilket temaområde søknaden ønskes vurdert under.»

Dette betyr at eit tverrfagleg forskingsteam eller ei klynge må vurdere kva enkeltfagområde/miljø som stiller sterkast, for å så tilpasse søknaden mot det «sterkaste» fagområda og deretter til ein meir snevert fagfellevudering. I praksis sit no det norske samfunnet med ein haug av tverrfaglege problemstillingar, men som skal vurderast og kvalitetsikrast av forskarar som sit fast i den monodisiplinære myra vi må kome oss ut av. Dei heilheitlege vurderingane som Ocean Economy 2030-rapporten sterkt foreslår kan ikkje behandles slik.

Det fnst berre eitt hav men mange måtar å realisere ein blå økonomi på. Ein vellykka berekraftig havøkonomi treng eit verkeleg tverrfagelige totalreknskap. Mitt innspel til havstrategien er å styrke tverrfaglege vurderingar leia av Forskingsrådet og å opprette ei nasjonalsatsing på å danne den alminnlege kunnskapen om havet frå barnehage til vidaregåande. Samfunnet i framtida treng at vi no legg grunnlaget for ei heilheitleg og grøn tilnærming til satsinga på blå økonomi.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg