Takk til Kim Friele for jobben

DEBATT: I eit brev påstod ti mødre at barna deira hadde blitt sjuke av å sjå på det lesbiske paret på TV. Dei kalla det eit alvorleg overgrep.

TAKKNEMLEG: Teaterforestillinga «Kim F» har premiere på DNS denne måneden. Eg er takknemleg for den viktige jobben Kim Friele har gjort for homosaka, skriver innsendaren. Tor G. Stenersen (arkiv)

Isabel Jensen Grindheim
Lærar, Bergen

Denne månaden har teaterstykket «Kim F» premiere på Den Nationale Scene, og eg gler meg. For meg som er lesbisk kjennest det godt at vår historie vert fortalt.

I vår feira eg Pride i Bergen. Eg gjekk i paraden, og kjente på ein straum av lukke, kjærleik og glede. Eg var stolt av å vere den eg er, og jubla til kjente og ukjente som stod langs vegen. Gleda falma litt då eg nokre dagar seinare kunne lese i BT at det burde bli kalla for ein shame-parade, og at det var ubehageleg å vere i Bergen med regnbogefargane. Og sjølvsagt måtte vi igjen tole at homofili blei samanlikna med pedofili.

Les også

Les innlegget som Grindheim reagerte på: «Syk homo-dyrking av pressen»

I førre veke blei eg minna på korleis enkelte tenkjer om oss homofile. Eg fekk lese brevet som Lene Sleperud, kjent frå Farmen, hadde fått i posten. Der vart kjærleiken hennar til kjærasten Tonje omtalt. Ti mødre påstod at barna deira hadde blitt sjuke av å sjå på det lesbiske paret på TV. Dei meinte at barna deira fekk ei psykisk belasting av dette. At barna blei stressa, deprimerte, fekk angst og at venskap blei vanskeleg. Dei kalla det eit alvorleg overgrep.

Dei meinte også at barna hadde blitt forvirra av å sjå dei på TV, og akkurat det kan eg forstå. Dersom ein veks opp i ein trongsynt heim, må det vere forvirrande å sjå lukkelege, oppegåande, heilt normale menneske som er lesbiske. At eit vanleg kjærastepar, riktignok lesbiske, vart omtalt som homopropaganda.

Isabel Jensen Grindheim Privat

Livet mitt er ikkje propaganda. Det er livet. Vi står opp, rekk kanskje ein halv kopp kaffi, går på jobb og kjem heim. Vi tek kanskje ein tur på trening, lagar middag og kjem oss nokre gongar ut på kino eller på ein fjelltopp. Nokre av oss har blitt ein familie med barn, og køyrer ungar til og frå trening. Andre jobbar kanskje seint, eller brukar måndagskvelden framfor TV-skjermen.

Denne gongen hadde eit lesbisk par fått plass på TV-skjermen, og eg tykkjer det er flott. Eg likar at vi også kan sjå homofile sine historier og kvardagar. Ein dag håpar eg også at det er noko vi kan sjå utan at det blir gjort eit nummer av det. Då har vi kome langt på veg.

Eg har aldri blitt verken sjuk, stressa eller hatt vanskelege venskap fordi eg har vekse opp med heterofile overalt. Eg ville kanskje vore mindre forvirra dersom eg hadde vekse opp med fleire lesbiske historier, men det gjekk fint. For meg. Det er ikkje slik for alle.

Les også

Bråk i DNS-kulissene: Dramatiker trekker seg fra «Kim F»

Kim Friele gjorde ein ekstremt viktig jobb då ho arbeidde for vår sak, mellom anna for avkriminalisering, og for at homofili ikkje skulle vere ein psykisk sjukdom. Det er eg ofte ekstremt takknemleg for. Eg er heldig som lever no. Eg er glad for jobben som er gjort. Og eg er klar for å svare på alt hat som blir kasta etter oss.

Takk til DNS for påminninga. Takk til Kim Friele, med fleire, for jobben som er gjort. Og takk til alle negative og trongsynte, som får meg til å brette opp ermane for å stå på for alle som kjenner på ein klump i magen.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg