Sjølvsagt skal det vere lov med kjøtreklame

Ingen er tente med at vi øydelegg norsk matproduksjon og sjølvforsyning.

Publisert: Publisert:

ARBEIDSPLASSAR: I dag er det om lag 9000 årsverk i bondeeigd matindustri. Sander Solheim i Senterungdomen meiner Grøn Ungdom set deira levebrød i fare med forslaget om reklameforbod mot kjøt. Foto: Privat

Debattinnlegg

Sander Solheim
Politisk nestleiar i Sogn og Fjordane Senterungdom

I Grøn Ungdom (GU) Vestland sitt debattinnlegg 1/12 om eit forbod mot kjøtreklame, kjem i alle fall ein ting godt til syne: organisasjonen har lett for å sjå små flisar, samstundes som dei er totalt blinde for bjelkar.

Det er vanskeleg å heilt bestemme seg for om det er mest passande å le eller å grine når kjøtreklame blir samanlikna med reklame for alkohol og tobakk, medan reklame for billege sydenturar og bilar ikkje blir nemnd med eit einaste ord.

Når GU tek til orde for å redusere norsk kjøtforbruk, og då også produksjon, er det verdt å påpeike det faktum at dette vil svekke norsk matproduksjon og sjølvforsyningsevne. Dette strid sterkt imot FN sitt vedtak om at alle land pliktar å produsere mat til eiga befolkning.

Dersom GU hadde sett seg inn i kva norsk landbruk eigentleg er og inneber, so ville dei også forstå at det er vanskeleg å produsere matkorn og frukt på høgfjellet på Vestlandet. Skal vi berre kutte ut matproduksjonen i dei delane av landet der vi ikkje kan produsere korn? Kvifor ikkje utnytte dei ressursane vi har, der vi har dei?

Les også

BT meiner: – Kjøtforbruket bør ned

Norsk landbruk, deriblant kjøtproduksjonen, er ein svært viktig del av verdiskapinga og grunnlaget for at folk kan bu i distriktet. Ifølgje Norsk Landbrukssamvirke er det i dag om lag 9000 årsverk i bondeeigd matindustri, og ei verdiskaping på kring 9 milliardar. Det er vel verdt å merke seg at GU no vil sette deira levebrød i fare!

Dersom folk i Noreg skal ete mindre kjøt og meir grønt må ein nødvendigvis auke importen, då vi ikkje vil klare å produsere dette sjølv. Vår sjølvforsyningsgrad er alt no i underkant av 50 prosent.

Vi veit at mangel på reint drikkevatn er ei av dei største utfordringane vi har i verda. Skal då vi i rike Noreg basere oss på at desse landa skal bruke det drikkevatnet dei alt har for lite av til å produsere frukt og grønt til oss?

Dette er ein tankegang som er både moralsk og etisk heilt forkasteleg. Er det verkeleg dette dykk vil? At vi skal bygge vårt samfunn på å trakke ned andre for å redde eigen fasade?

Det er på høg tid at MDG og GU snart lyftar blikket litt og ser at her finst eit land også utan for Bergen og Oslo, eit land der folk treng både arbeid og mat, også i framtida. Vi i Senterungdomen skal finne dei gode løysningane der vi bidreg til eit betre klima, men samstundes ikkje raserer kvardagen til folk.

Vi vil ha ei framtid med lys i stille grender, det kan det sjå ut som ikkje lengre er viktig for verken regjeringa eller MDG.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg