Det står mellom å føda på veg ut i bilen, eller å føda heime i fred og ro

Eg trur eg går for det siste. Så får me heller vurdera kva bistand me tilkallar, når alt er over.

Publisert Publisert

Debattinnlegg

  • Linn Helen G. K. Lothe
    snart firebarnsmor,

RETTAR SOM FØDANDE: Systemet avgrensar mine rettar som fødande kvinne – å føda der eg føler meg trygg, skriv Linn Helen G.K. Lothe, som skal føde sitt fjerde barn på nyåret. Foto: PRIVAT

Den siste artikkelen eg finn i avisa om heimefødselsteneste på Kvinneklinikken, er over to år gammal. Eg finn ingenting nytt i denne saka. Det er synd, for kva val har eg eigentleg?

Eg sit heime i ei julepynta stove. Kulen på magen vitnar om at barn nummer fire snart kjem. På nyåret vert me ein storfamilie på seks.

I desse bunadsgeriljatider, og som snart fødande sjølv, stiller eg meg stadig dette spørsmålet: Kva val gjev de meg, eigentleg?

Eldstejenta vart fødd på KK, medan dei to brørne hennar vart fødd heime. Det var planlagde heimefødslar med oppfølging og bistand frå jordmor. Det vil seie – jordmor kom ein times tid etter at begge gutane vart fødde (litt reiseveg frå Bergen til heimen på Turøy fyrste gongen, og rushtrafikk og kø over Sotrabrua andre gongen til heimen som no låg på Kolltveit).

Eg føder visst svært raskt. Det tek knappe halvtimen frå fyrste ri til babyen er ute. Eg har difor vore takksam for tilbodet om å føda heime, og med kvalifisert personell som støtte, har det vore trygt og godt. Det freistar ikkje å føda på veg ut i bilen, eller på næraste busstopp, for deretter å bli flytta over til ambulanse og fødeavdeling.

I forskrift om transport av levande dyr, er det lagt ned forbod mot at dyr i fødsel, eller nær fødsel, skal transporterast. Så kvifor skal eg føda på Sotrabrua eller i eit busskur under transport til fødeavdeling, berre fordi Helse Vest ikkje har eit tilbod om assistanse der eg er?

Å vera i fødsel, eller føda, under transport når ein er menneske, er visst ikkje så nøye ...

Denne gongen stiller ting seg noko annleis for meg. På grunn av føringar frå høgare hald, har det dei siste åra vorte vanskelegare og vanskelegare for jordmødrer å driva privat praksis og tilby assistanse ved heimefødslar.

I 2018 vedtok Helfo at berre éi jordmor får betalt for å vera deltakande under heimefødsel, der det tidlegare vart betalt til to. Samstundes seier retningslinene at to jordmødrer bør vera til stades under heimefødsel. Det er forståeleg at ein ynskjer å ha ein fagleg medspelar, men det er visst ikkje så viktig å vera to lenger – trass i retningslinene.

Kravet til dokumentasjon har òg auka. Frå handskrivne dokument som verte sende inn, skal det no journalførast digitalt. Det digitale verktøyet skal jordmora skaffa og betala sjølv. Det vert dyrt. Ei eldsjel som tilbyr ei teneste som dette, vert ikkje akkurat feit av inntekta.

Det vert ein diger kjepp i hjulet for ein privat praksis, om retningslinene krev dyre løysingar. Difor har jordmora eg hadde før, avslutta sin praksis og kan difor ikkje hjelpe meg denne gongen. Det er ikkje akkurat mange som tilbyr heimefødselsteneste i området, og KK har heller ikkje eit slikt tilbod.

Denne gongen sit me altså her, ventande, men utan nettverket med støttande jordmor i svangerskapet og tryggleiken med at det kjem ei jordmor når fødselen startar, eller – i vårt tilfelle – er over. Systemet avgrensar på den måten mine rettar som fødande kvinne – å føda der eg føler meg trygg.

Kva val har eg, eigentleg? Det står mellom å føda på veg ut i bilen, eller å føda heime i fred og ro.

Eg trur eg går for det siste. Så får me heller vurdera kva bistand me tilkallar når alt er over. Me har gjort dette på eiga hand to gonger tidlegare. Me skal klara det ein gong til.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg