No er det tid for prioritering!

DEBATT: Rassikring, trygge vegar og framtidsretta klimatiltak skal ha første prioritet. Dette er ikkje «vingling», men heilt naudsynt prioritering.

FYLKESVEG: Dei fleste reiser i Hordaland startar og sluttar på ein fylkesveg, det er livsnerven i heile fylket. Risikoen for å bli råka av ulykke med tap av liv og helse er no 62 prosent høgare på ein fylkesveg enn på ein riksveg, skriv Roald Kvamme (Ap). Rune Sævig

  • Roald Kvamme
    Arbeiderpartiet

Under overskrifta «Vinglingen må ta slutt» har tre representantar frå LO, NHO og Bergen Næringsråd eit innlegg i BT den 28. mai. Det vert hevda at media flaumar over av omkampar om samferdselsprosjekter i Hordaland, «vedtatte» prosjekt vert sett i spel og snart kjem resten av Norge og «tar» våre pengar. Dette er med respekt å melda tull og tøys.

Det vert synt til vellukka samarbeid om samferdselsprosjekt som har gjeve gode resultat gjennom fleire tiår. Ja, vi har fått mykje til på vegsektoren i fylket vårt, men prosjekta hadde aldri blitt realisert utan milliardar i bompengebidrag frå innbyggarane.

Les også

Les innlegget som Kvamma svarer på: «Vinglingen må ta slutt»

Det vert også synt til Nasjonal Transportplan (NTP) for perioden 2018–2029 og alt som er «vedtatt» der. La meg ta nokre presiseringar av dei omtalte prosjekta:

  • Sotrasambandet er vedteke, men totalprisen er framleis ikkje kjent, ei heller oppstart og sluttdato.
  • Byvekstavtalen er inngått, men reforhandlingane med staten står i stampe. Det viktigaste prosjektet for Bergen, som er bybane til Åsane, er ikkje finansiert frå staten si side i NTP.
  • E16 mellom Voss og Bergen, omtala som K5, er delvis finansiert fram til Stanghelle, men ikkje fullfinansiert og avhengig av bompengar for å få oppstart i 2022.
  • Strekningar på det som heiter E39 frå Sogn og Fjordane i nord til Rogaland i sør er omtala, men langt frå fullfinansiert. Den verste strekninga forbi Hylkje i Åsane, med over 20.000 biler pr. døger, vil i NTP få oppstart i 2029, kanskje før viss ein vedtar bompengar.
  • Os – Stord (Hordfast) med ei 5 km firefelts bru over Bjørnefjorden er omtalt og kostnadsrekna til rundt 35 milliardar. Den er ikkje vedtatt og ikkje fullfinansiert, og det endelege nivået på bompengar er ukjent.

Langt viktigare enn det som er omtala i NTP, er det som ikkje står noko om. Hordaland har 3000 km fylkesveg, 1149 bruer, 259 tunnelar, 17 ferjesamband med 34 kaiar, vi har flest av dei mest ras- og flaumutsette vegstrekningane i heile landet.

Etterslepet på vedlikehald av vegnettet er rundt 8 milliardar, vi har 250 millionar i auka kostnader for ferjedrifta kvart år frå 2021, vi har store uløyste investeringsbehov på vegnettet som vil kosta titals milliardar. I tillegg forventar innbyggarane betre og billigare kollektivtilbod.

Desse utfordringane står det mest ingen ting om i NTP, og det er iallfall ikkje sett av nok pengar. Tvert om, for tredje året på rad har Hordaland fylke nullvekst i inntektene. Dette kan vi ikkje finna oss i lenger! No er det tid for å seia frå – ikkje «belite» seg. Dei fleste reiser i Hordaland starta og slutta på ein fylkesveg, det er livsnerven i heile fylket. Risikoen for å bli råka av ulykke med tap av liv og helse er no 62 prosent høgare på ein fylkesveg enn på ein riksveg.

NTP skal beskriva dei viktigaste utfordringane og løysingane på transportsektoren i heile landet, det gjer den ikkje i dag. Difor har eit breitt fleirtal av politikarane i fylket no kravd ei endring av prioriteringane i ein ny NTP. Rassikring, vedlikehald og investeringar på fylkesvegnettet, trygge skulevegar og framtidsretta klimatiltak skal ha første prioritet.

Dette er ikkje «vingling», det er heilt naudsynt prioritering. Det er eit krav frå lokalpolitikarane, og det vil tena innbyggarane og næringslivet i heile fylket vårt.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg