Blir mammarolla ofra i kampen for likestilling?

Eg vil ha eit samfunn der barna er viktigare enn jobben for mødrer når barna er små.

BEST FOR BARNET: Eg ønskjer meg eit samfunn som ser på kva som er best for det vesle barnet, ikkje berre på kva som er best for arbeidsgjevar eller brutto nasjonalprodukt, skriv Åshild Hjørnevik Vatshelle. Foto: Illustrasjonsfoto: Scanpix

  • Åshild Hjørnevik Vatshelle
    Mamma i permisjon, Alversund
Publisert:

I kampen for likestilling i arbeidslivet, er retten til å vere mamma blitt ofra. Vi får høyre at mor og far er like viktige for barnet frå første stund. Det ideelle for politikarane og arbeidsgjevar er at mor vender tilbake til jobb så raskt som mogeleg etter fødselen. Løftet om full barnehagedekning og garantert plass til alle eittåringar er blitt til eit obligatorisk pliktløp, der barnet skal i barnehage så snart permisjonen er over. Dei som vel noko anna, møter motstand.

Åshild Hjørnevik Vatshelle Foto: privat

Då det første barnet mitt var ti månader, byrja eg i jobb att. Det verka riktig før barnet vart fødd. Det var heilt feil då eg var blitt mor. Jobben var interessant, barnet hadde det bra saman med far. Men eg hadde vondt i magen og kjempa med gråten. For alt eg ville, var å vere saman med barnet mitt. Med ammefri fekk eg kortare arbeidsdagar, men òg meir stress og dårleg samvit for alt eg ikkje rakk på jobb. Heime skulle eg kompensere for tapt tid med å vere 110 prosent mor på kveld og natt. Og nokre lurar på kvifor mødrer blir slitne?

Les også

Du er ikke overflødig, pappa

Far er viktig for barnet, men på ein annan måte enn mor. La oss sei det som det er: Far kan kjede seg saman med spedbarnet i lengda. Han finn ikkje nødvendigvis same glede i å vaske små rosa plagg, eller i å servere most banan. Han har ikkje same kontakt med spedbarnet som det mor har. Er det så rart, når mor og barn har levd svært tett saman både før og etter fødselen? Eit spedbarn vil ofte føretrekkje mor framfor far. Men kom igjen, når barnet er blitt eit år eller to, då har far fått høg status. Så kvifor er det så gale om far vel å ta ut permisjonen sin over tid når barnet er blitt litt større? Det kan vere til større glede for alle partar i familien. Far må gjerne få lengre permisjon, men ta ikkje av mors permisjon for å få det til.

Ein eller annan stad på vegen mot full barnehagedekning, har foreldra mista den unike rolla som foreldre. No er det visst vel så bra for barnet å vere i barnehage som å vere med foreldra, så sant det er nok pedagogar i barnehagen. Har nokon spurt eittåringen om kva han eller ho synest? Det er vanskeleg å få eit godt svar, for eittåringar flest kan ikkje seie så mykje meir enn «mamma» og «pappa».

For mange er ikkje barnehagestart for eittåringar eit bevisst val etter eige ønske, men eit resultat av at dei bevisst eller ubevisst følgjer med straumen av kva som er «vanleg». Det er meir krevjande å velje etter eige hjarte og hovud enn etter det politikarane legg fram som normalen. Høgt utdanna kvinner kan dessutan oppleve at dei må raskt tilbake for ikkje å miste posisjonen sin på arbeidsplassen. Er det arbeidskulturen eller morsrolla som er det eigentlege problemet?

Les også

– Hallo, babysentralen, vær så god?

Enkelte hevdar at kontantstøtta hindrar mor i å vere i arbeid, og at far pressar ho til å vere heime for å motta kontantstøtte. Det kan vere, men det gjeld ikkje alle. Kontantstøtta utgjer 6000 kroner i maks 11 månader frå barnet er 12–13 månader til det er 23 månader. Du skal tene ganske dårleg for at det skal lønne seg å slutte i jobb for å motta desse pengane. Utan jobb eller i ulønna permisjon tener ein heller ikkje opp retten til foreldrepengar for eventuelt nye barn.

Pappaen og eg har begge mastergrad og gode jobbar. Saman la vi ein kabal der vi bytta på å ta ulønna permisjon eller jobba redusert begge to, slik at vi kunne vere saman med barnet vårt på dagtid det andre leveåret. Eg var litt meir heime enn han, fordi eg er den som har størst behov for å vere mest mogeleg saman med barnet. Berre ein av oss stod som mottakar av kontantstøtta, men vi var begge saman med barnet. Det er fleire kontantstøttemottakarar som gjer det som oss. Men det er ingen som snakkar om denne gruppa i media.

Les også

Å være hjemme med barna er min store drøm

Det er langt fleire mødrer enn fedrar som jobbar redusert. Kan det ha noko med interesser og følelser å gjere? Foreldra har ein kabal som skal gå opp, tida skal fordelast mellom arbeid, barn og alt som skal gjerast heime. Med litt reiseveg til jobben kan det fort bli altfor lange dagar for barnet i barnehagen om begge jobbar fullt. Kan vi ha eit arbeidsliv og eit samfunn som har plass til at kvinner er mødrer, og at barna blir viktigare enn jobben dei få åra barna er små? Eller er det morsrolla som framleis må tilpasse seg arbeidslivet?

Eg er glad og takknemleg for at vi i Noreg har plass til både mødrer og fedrar i foreldrepermisjon og i arbeidslivet. Sjølv om eg vel å ta nokre månader ulønna permisjon eller jobbe redusert nokre få år for å vere saman med dei små barna mine, så utgjer det lite av eit langt yrkesliv.

Eg ønskjer meg eit samfunn som er så likestilt at det er plass til at mann og kvinne har ulike roller og evner frå naturens side, utan at dette set nokon av oss til sides i arbeidslivet. Eg ønskjer meg eit samfunn som ser på kva som er best for det vesle barnet, ikkje berre på kva som er best for arbeidsgjevar eller brutto nasjonalprodukt. Og så ønskjer eg meg meir tid med barna mine.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg