Best for barnet – eller for mamma?

Når sonen min er sju månader, skal eg tilbake i full jobb. Eg kan ikkje tenke meg ei betre gåve å gje guten min enn tid til å knytte seg til pappa.

VÅRE, IKKJE MINE: Eg og mannen min deler denne tida likt mellom oss, og det vert stadig omtala som om eg er så grei at eg “gir” han av mine veker. Men det er ikkje mine veker, det er våre veker., skriv innsendar. ILLUSTRASJONSFOTO: SCANPIX

Kristin B. Manger
Laksevåg

Eg ønskjer meg eit samfunn som ser på kva som er best for barnet, ikkje berre på kva som er best for arbeidsgjevar eller brutto nasjonalprodukt, og heller ikkje berre på kva som er best for mødrene. Det beste for barna. Men kva er no det?

Kristin B. Manger Privat

Her er det mange ulike meiningar, nokre meiner det er best for barna å få vere heime med mor si i eitt, to eller tre år, kanskje til og med meir enn det og. Andre vil sleppe fedrane til tidlegare. Men det er påtakeleg kor mange i debatten som argumenterer ut ifrå mor eller far sine behov.

I Bergens Tidende 2.5.2017 skriv Åshild Hjørnevik Vatshelle om mammarolla og korleis denne kanskje vert ofra i kampen for likestilling. Vatshelle meiner at mødrene må vere heime med barna lengre enn dei ti månadene som er vanleg i dag. Ho argumenterer med at det er slitsamt for mødrer å jobbe fullt, og at fedrar kjeder seg saman med spedbarn.

Vatshelle skriv at “Far kan kjede seg saman med spedbarnet i lengda. Han finn ikkje nødvendigvis same glede i å vaske små rosa plagg, eller i å servere most banan.” Dette sitatet er hyppig delt i sosiale medium i dag.

Sjølv om eg er mor så finn eg ikkje noko spesiell glede i å vaske små klede, og eg likar å vere på jobb. For barna mine sin pappa er det ei stor glede å servere most banan, endeleg er barnet klart for å ete meir enn morsmjølk, og pappa kan gje like god mat som mamma kan. Folk er ulike. Mødrer og fedrar kan ikkje puttast i boksar med same merkelapp på.

Les også

Blir mammarolla ofra i kampen for likestilling?

I Norge har me ei av verdas mest sjenerøse permisjonsordningar, me betaler foreldre for å vere heime med barna sine eit heilt år. Men kven sin permisjon er det? Kven er det som mest treng å vere heime eit heilt år? Barna. Det er barna sin permisjon, det er dei som treng å vere heime eit heilt år når dei kjem til verda. Me kallar det foreldrepermisjon, men kanskje me heller burde kalle det barnepermisjon?

Permisjonstida har i dag tre delar, ein del til mor, ein del til far, og ein del til felles fordeling mellom foreldra. Her må kvart par finne ut korleis desse vekene skal fordelast slik det passar best for deira familie. Som oftast har mor heile denne fellesdelen av permisjonen, nesten utan noko diskusjon. Menn er van med oppfatninga om at kvinner gir best omsorg, og krev difor ikkje noko av fellespermisjonen.

Eg og mannen min deler denne tida likt mellom oss, og det vert stadig omtala som om eg er så grei at eg “gir” han av mine veker. Men det er ikkje mine veker, det er våre veker. Mest av alt: det er sonen vår sine veker heime med forelder.

Det ser ut til at Vatshelle meiner at det er kampen for full barnehagedekning som er årsak til at fleire eittåringar no enn før har barnehageplass. Det er sjølvsagt langt meir komplekse samfunnsøkonomiske årsaker til at familiane ikkje lenger kan leve på ei inntekt. Dei fleste 1-2-åringar var ikkje heime med ei trygg mamma før me fekk full barnehagedekning. Dei var hjå dagmamma. Ei dagmamma var ofte ei heilt ufaglært dame som tok i mot 3–4 barn i heimen sin, mot svart betaling. Foreldra måtte berre håpe på at ho var snill mot dei.

Eg var ei av dei mødrene som måtte levere det første barnet mitt til ei slik dagmamma – det gjorde vondt i magen, det. I alle fall etter at naboen min fann ei spritflaske i barnevogna då dei henta henne hjå si dagmamma. Brevet om at eg hadde fått barnehageplass er det beste brevet eg nokosinne har fått. Mitt andre barn slapp å gå til dagmamma, me kunne sende han i barnehage då han var eitt år gammal. Det kan godt hende han hadde hatt det betre heime i alle fall i eit halvt år til, men me har rekningar som må betalast.

Les også

Du er ikkje overflødig, pappa

Eg vil gjerne vere med på debatten om korleis me kan endre dei samfunnsstrukturane som gjer at prisnivået no er så høgt at begge foreldra må vere i fullt arbeid i småbarnstida, det handlar nemleg ikkje om at ein berre følgjer straumen. Eg vil ikkje vere med på at unge, nybakte foreldre skal ha dårleg samvit for at eittåringen deira går i barnehage.

Vatshelle og partnaren har tydelegvis økonomisk rom for å ta ut ulønt permisjon og jobbe redusert. Så fint for dei. Dette er nok ein situasjon dei færraste småbarnsforeldre er i, og det er ikkje småbarnsforeldra sin feil. Valet står ikkje mellom full barnehagedekning eller meir tid heime med mor. Det står mellom full barnehagedekning eller dagmamma, svart økonomi og dårlegare tryggleik for barna.

No er eg heime i permisjon med mitt tredje barn. Når han er sju månader gammal skal eg tilbake i full jobb, og han får eit halvt år heime med pappaen sin. Det kjem til å gjere vondt i magen min, og i mammahjartet, å gå ifrå babyen min kvar morgon. Men eg kan ikkje tenke meg ei betre gåve å gje guten min, enn tid til å knytte seg til pappa, til å få oppleve å ha to foreldre heilt frå starten av livet. Vondt i magen, hjartet og tårer rett bak augelokka toler eg.

Eg ønskjer meg eit samfunn som set barna sine behov framfor foreldra sine.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg