Mari Klokkerstuen Kjellesvik
PRIVAT

Det var ein gong ei jente som var på veg inn i sitt siste år på vidaregåande. Ho var ei glad jente som såg fram til russetida og eksamenstida. På hausten merka ho at ho var veldig sliten og opplevde situasjonar der ho mista kontroll over kroppen sin. Legen gav beskjed om at det kunne vere ho hadde utvikla epilepsi.Etter eit halvt år med fleirfaldige testar på sjukehuset blei ho diagnostisert. Spørsmåla var mange. Kvifor akkurat ho?

Klumpen i magen

Epilepsimedisinane fjerna berre symptoma på den fysiske sjukdomen. Klumpen i magen vaks seg større og større for kvar dag. Det var dagar der ho ikkje kom seg ut av senga, og fråværet på skulen steig monaleg.

Terskelen for å innrømme at ein lid av depresjon er alt for høg

Terskelen for å innrømme at ein lid av depresjon er alt for høg. Jenta som før hadde spilt fotball og vore aktiv i fleire ledd i lokalsamfunnet hadde forsvunne heilt. Ho fekk aldri den hjelpa ho burde ha fått, mest av alt fordi ho ikkje visste korleis ho skulle få hjelp. Kven skulle ho rådføre seg med? Kvar skulle ho søkje hjelp?

No, ei stund seinare, litt eldre, litt betre, skriv eg altså dette. Eg fortel historia mi fordi eg sjølv veit korleis det følast. Det å ikkje meistre, det å stå utanfor seg sjølve og ikkje forstå.

Depresjon er vanleg

15— 20 prosent av alle norske ungdomar har symptom på depresjon. 20 prosent av barn mellom 3 og 18 år har nedsett funksjon på grunn av psykiske lidingar. Ti prosent har så alvorlege symptom at det tilfredsstiller krava til psykiatrisk diagnose. For sekstenåringar er er talet så høgt som ein av tre. Den vanlegaste dødsårsaka blant unge gutar er sjølvmord.

AUF i Hordaland har lenge meint at den psykiske helsetenesten for ungdomar må bli betre. I juni foreslo fylkestingsgruppa til Hordaland Arbeidarparti å bruke delar av overskotet frå 2013 på blant anna eit prøveprosjekt med skulepsykologar. Dei såg for seg ei løysning i samarbeid med enkeltkommunar for å sørgje for god psykologdekning i heile fylket. Kommunane har formelt sett ansvaret for denne instansen, men det er viktig å vise at også fylket tar ansvar.

Ikkje i stand til å ta ansvar

Dessverre ville Høgre, Venstre og Frp heller spare pengane fordi regjeringa, utgått av Høgre og Frp, med støtte frå Venstre, sitt tildelingsopplegg fører til mindre overføringar til fylkeskommunen. Dette visar at dei ikkje er i stand til å ta ansvar.

Ungdomen vår er framtida vår og då kan vi ikkje leggje frå oss ansvaret. Fakta som me har i handa er slåande og noko må gjerast. AUF og Arbeiderpartiet er villige til å gjere det.