Skotpremie på ein politikar

Hets og trugslar mot lokalpolitikarar er ein fare for demokratiet.

Publisert: Publisert:

TRUGSEL: SV-politikar Tone Mjelde tek eit oppgjer med dei som går over grensa og kjem med trugsmål mot lokalpolitikarar. Foto: Privat

Debattinnlegg

Tone Mjelde
Lokalpolitikar på Osterøy

Etter lesarinnlegget mitt i lokalavisa Bygdanytt, «Kutt som smertar», fekk eg min fyrste trugsel som lokalpolitikar. Ein mann kommenterte «idiot», etterfølgt av at det skulle innførast skotpremie på ein politikar. Før dette har eg mottatt mange «idiot»-kommentarar og anna ubehageleg hets, men ikkje noko som eg oppfattar som ein trugsel mot meg eller min familie.

Å ta imot noko eg opplever som ein drapstrugsel, fordi eg som politikar svarer på eit lesarbrev om den vanskelege budsjettprosessen i kommunen, opplevast som ubehageleg. Det har påverka jula mi og ferien min. Det største problemet er likevel at det er ein fare for at hets og trugslar kan påverke demokratiet vårt.

Heile 43 prosent av lokalpolitikarane seier at dei har opplevd trugslar eller hatefulle ytringar, ifølgje KS. Halvparten av desse seier at dei har vurdert å gje seg som følgje av dette og 15 prosent har slutta. Eg veit at det også har slutta dyktig politikarar på Osterøy grunna dette.

Sosiale media og internett har opna opp for ein unik mogelegheit til å kunne ytre meiningane sine utan å måtte vere noko særleg god til å skrive eller ha master i sosiologi. Det er positivt og skal i utgangspunktet styrke demokratiet og ytringsfridomen vår. Dessverre ser det ut som at nivået i kommentarfelta i staden kan føre til at menneske ikkje ytrar seg, i frykt for å få i retur at ein er ein idiot eller fortener å døy.

Les også

Anne Rokkan: – Folkeaksjonen ja til mer folkeskikk

Å true og spreie kommentarar fulle av hat handlar ikkje om menneske sin rett til å kunne seie kva ein vil i ytringsfridomens namn. Det er ulovleg og skal ikkje aksepterast. Trugselen mot meg (og mine kollegaer i heradsstyret?) vil difor bli meldt til politiet.

KS peikar også på at trugslar kan føre til sjølvsensur blant politikarar. Når eg neste gong meiner det er nødvendig å forklare vanskelege avgjersler, vil eg kanskje heller tenkje at det er best å halde kjeft. Det kan føre til at du som innbyggar får mindre informasjon til å kunne gjere deg opp ei meining eller ta eit val.

Kanskje eg sluttar å skrive noko som helst, i frykt for reaksjonane. Eller fordi eg til slutt blir utsliten av å måtte følgje med på Facebook kvart andre minutt for å sjekke kva folk skriv gjennom natta.

Dette handlar ikkje berre om meg, ikkje berre om lokalpolitikarar på Osterøy eller i Noreg. For kvar person som ikkje tør å ytre meininga si grunna frykt, vil me tape som samfunn. Dette innlegget må ikkje misforståast; eg tek gjerne ein diskusjon på Facebook.

Jo meir du spør, jo meir kan eg prøve å forklare. Det handlar ikkje om å ikkje tole å bli utfordra eller handtere oppgåva som politikar. Det handlar om at dersom eg ein dag vel å slutte som lokalpolitikar, så ønskjer eg at det skal vere av fri vilje og ikkje av frykt. Er det for mykje å forlange?

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg