Logg deg ut av stresset

Å logge meg ut iblant har vore som den beste medisinen nokon lege kunne skrive resept på.

PÅLOGGA: Eg sjølv er ikkje eit prakteksemplar, eg såg på seriar medan eg dusja og åt middag, skriv lærarstudent Hanna Jia Opland Glosvik om eigen mobilbruk. Privat

Debattinnlegg

Hanna Jia Opland Glosvik
Student, Bergen

Vi lever i eit overstimulert samfunn, prega av teknologiske nyskapingar. Stadig vert det utvikla nye appar som tilsynelatande skal gjere livet vårt betre og enklare.

Tempoet er skyhøgt, og sjølv om mange unge ser ut til å meistre å henge seg på trendane, er det ikkje sikkert det er det beste for den psykiske helsa vår. Folkehelseinstituttet gav i 2018 ut ein rapport som visar at stadig fleire unge jenter får psykiske lidingar.

Dagens unge er utolmodige. Vi skal ha alt, og vi skulle helst hatt det i går. Den nyaste Iphonen, dei nyaste appane og dei mest trendy kleda. Også i kjærleikslivet skal alt gå i ein rasande fart. Ungdommen sveipar på Tinder framføre å gå ut å møte menneske. Å vere pålogga til alle tider kan umogeleg vere sunt for nokon.

Etter ein tung haust har eg sjølv distansert meg meir frå media. Å logge meg av har vore den beste kuren, og den er heilt gratis.

I staden for å høyre på podkast medan eg går til bussen, ser eg på menneske. Eg høyrer på samtalar, smiler til framande, inhalerer lufta. Kanskje eg har blitt sprø, tenkjer du kanskje, men tvert imot, meiner eg. Menneska, naturen og omgjevnadane er der heile tida uansett.

På same måte som dei sosiale media. Vi har ikkje ilt av å vere 20 minutt utan å oppdatere feeden på Instagram. Kva kan ha skjedd der som er viktig for livet ditt i løpet av dei siste 20 minutta? Scrolling på Instagram kan ein gjere når ein kjem heim etter ein lang dag med mange inntrykk. Eller enda betre, du kan kople heilt av.

Eg oppfordrar deg til å tørre å kjede deg. Det er utruleg undervurdert. Tenk å vere så privilegert, som norsk ungdom er, å kunne kople seg heilt av. No meiner eg ikkje at du skal sitje i to timar og stire i ein vegg, men kva med ti minutt? Puste litt, kjenne kroppen og ta ein liten pause. Du har godt av det, eg lovar.

Eit anna tips er å innføre mobilfri sone. Det er ei årsak til at mange skular opererer med mobilfri dag og oppbevaring til mobilane. Hadde ein ikkje visst betre, skulle ein tru unge i dag var festa med superlim til mobilen sin. Å logge seg av når eit nyt eit måltid saman med venner, er noko av det beste. Tenk å vere til stades der du er.

Eg sjølv er inga prakteksemplar. Kan vere så ærleg på at det har gått så langt at eg har sett på serie medan eg dusja. Å seie dette høgt er ikkje noko eg er stolt over, men det vart slik. På vegen til bussen høyrde eg podkast, under middagen såg eg på serie, når eg bretta kle, såg eg serie, og slik framheldt det.

Å innføre mediefri middag er mi beste avgjersle i prosessen om å verte meir mindfull. Det å nyte middagen i ro og mak, utan forstyrringar, er heilt fantastisk, skal eg seie. Sjølvsagt samtalar eg når eg et med andre, men eg er streng på å halde middagen heilag.

Hensikta er ikkje å gje deg ei dårleg kjensle av at du er for mykje pålogga. Det er tvert i mot ei oppfordring til deg som kan kjenne at stresset og det høge tempoet ikkje påverkar deg i ei positiv retning. Kjendisane, (dei ekte) vennane og nyhende er der framleis, sjølv om du er avlogga nokre timar.

Så ta deg ein tur ut utan å ha med hodetelefonar. Mobilen din vert liggande i jakkelomma. Sjå på naturen. Lukt. Smil. Nyt.

Har du meiningar du vil dele eller ei historie du vil fortelje? Send oss gjerne ei e-post: debatt@bt.no.