Difor bør Erna Solberg seie minst mogeleg om Wara-saka

KRONIKK: Saka om trugslane mot Tor Mikkel Wara set den norske rettsstaten på prøve.

STØRRE PERSPEKTIV: Ser vi Wara-saka i eit litt større perspektiv, kan ho vere ei nyttig påminning om kva viktige samfunnsverdiar som står på spel, meiner jusprofessor Eirik Holmøyvik. Gorm Kallestad / NTB Scanpix

Debattinnlegg

Eirik Holmøyvik
Professor ved Det juridiske fakultet i Bergen

Så langt står rettsstaten godt. Landets politiske leiing lét politiet arbeide i fred. Justisministeren gjekk straks ut av regjeringa då det vart kjend at sambuaren hans vart sikta for å fabrikkere trugslane. Til slutt gjekk Wara også av som justisminister.

Samstundes haglar skuldingane mot statsminister Erna Solberg for at ho skal ha blanda seg inn i saka i form av kritikk mot ei gruppe teaterfolk som brukte film frå justisministerens bustad i eit teaterstykke. Teaterfolka vart sikta for brot på privatlivets fred, men saka vart klokleg nok lagt vekk av politiet. Også Wara vert skulda for å ha blanda seg inn i saka ved å uttrykkje støtte til sambuaren sin medan han hadde permisjon som justisminister. Etter mitt syn er denne kritikken overdriven. Statsministeren har vore tydeleg på skiljet mellom politikk og påtale. Samstundes er det viktig at pressa held eit vaktsamt auge mot alle teikn til politisk påverknad på politiet og påtalemaktas arbeid. Ser vi Wara-saka i eit litt større perspektiv kan ho vere ei nyttig påminning om kva viktige samfunnsverdiar som står på spel.

Professor Eirik Holmøyvik

Grunnen til at statsministeren og regjeringsapparatet må vere svært varsame i omtalen av trugslane mot Wara, er at verbale feilsteg lett kan tolkast som politisk innblanding i etterforskinga. Dette gjeld særleg når ein av regjeringas medlemmer er involvert i saka.

Det er eit grunnleggjande rettsstatsprinsipp at innbyggjarane ikkje skal utsetjast for politisk motiverte rettsforfølgingar. Alle har krav på å behandlast likt etter lova. Difor er ei politisk uavhengig påtalemakt ein av rettsstatens grunnpilarar.

Naturlegvis er påtalemakta politisk uavhengig i Noreg også. I straffeprosesslova er påtalemakta pålagd å opptre objektivt i verksemda si. Problemet er berre at lovverket ikkje gir garantiar mot politisk styring av påtalespørsmålet. Tvert om. Etter straffeprosesslova kan regjeringa instruere Riksadvokaten som øvste leiar for påtalemakta både generelt og i einskildsaker, som i etterforskinga av sambuaren til Wara. Dessutan kan regjeringa avsette Riksadvokaten utan grunngiving eller domstolsbehandling. Formelt gir altså lovverket vårt få garantiar for ei politisk uavhengig påtalemakt.

Les også

Tor Mikkel Wara (Frp) går av som justisminister: Samboeren mistenkt eller siktet for samtlige hendelser ved boligen.

Heldigvis er realiteten ein annan enn lovas ord. Riksadvokaten og resten av påtalemakta er i praksis fullt ut uavhengige frå politisk styring i einskildsaker. Skiljet mellom påtale og politikk følgjer altså ikkje av lova, men av lang og sikker praksis for at regjeringa ikkje nyttar dei fullmaktene den har etter lova til å instruere påtalemakta i einskildsaker.

NORMBROT: Den demokratiske norma institusjonell sjølvkontroll vert brote ned i Donald Trumps USA, ifølgje samfunnsforskarane Steven Levitsky og Daniel Ziblatt. Dette er ein del av ein større trend, meiner innsendaren. Bjørge, Stein J.

Ein fungerande rettsstat og demokrati er avhengige av slike uskrivne normer som hindrar at politisk fleirtalsmakt vert misbrukt for å undergrave nettopp rettsstaten og demokratiet. I boka How Democracies Die kallar dei amerikanske samfunnsforskarane Steven Levitsky og Daniel Ziblatt denne typen uskrivne normer for demokratiets mjuke rekkverk.

Ei av dei uskrivne demokratiske normene Levitsky og Ziblatt meiner vert brote ned i Donald Trumps USA er det dei omtalar som institusjonell sjølvkontroll. Denne norma går ut på at statsorgan ikkje skal utnytte fullmaktene sine etter lova dersom dette bryt med viktige demokratiske og rettsstatlege verdiar. Det er nettopp slik institusjonell sjølvkontroll norske regjeringar har utøvd i lang tid overfor påtalemakta, og som vi ser finne stad i Wara-saka.

Det at PST kunne sikte sambuaren til justisministeren utan å informere regjeringa, og at regjeringa ikkje blandar seg inn, viser at desse uskrivne mjuke rekkverka framleis er på plass i Noreg. Men kan vi stole på at dei vil vere like solide i framtida?

Det finst ein høgare himmel over Wara-saka. I fleire europeiske land ser vi ei klår utvikling i retning av politisk kontroll av påtalemakta.

Les også

Les også: Jøran Kallmyr (Frp) ny justisminister etter Wara

I Romania vart det i fjor innført lovreformer som Europarådet fryktar vil opne for politisk påverknad på påtalemakta. Dette skjer mot eit bakteppe der den korrupsjonsskulda regjeringa lenge har forsøkt å kvitte seg med Riksadvokaten og andre i påtalemakta som arbeider mot korrupsjon. Samstundes har regjeringa forsøkt å endre straffelovgivinga på ein måte som i praksis avkriminaliserer politisk korrupsjon og maktmisbruk. Ei uavhengig påtalemakt er nøkkelen også i kampen mot korrupsjon.

OMSTRIDD: Den polske regjeringa trugar sjølvstenda til domstolane, meiner innsendaren. På biletet ser vi statsminister Mateusz Morawiecki (til v.) og partileiar Jaroslaw Kaczynski, begge frå partiet Lov og rettferd. NTB Scanpix

I Polen har regjeringspartiets domstolsreformer ført til sterk internasjonal kritikk for å undergrave domstolanes sjølvstende. Noko som ikkje er like kjend er at tiltaka for å underleggje domstolane politisk kontroll skjer parallelt med tilsvarande politisering av påtalemakta. I 2016 vedtok det polske parlamentet lovendringar som smelta saman det politiske vervet som justisminister med riksadvokatembetet. I eit land utan tradisjon for institusjonell sjølvkontroll, er kombinasjonen av politisk påverknad på domstolane og direkte politisk styring av påtalemakta ei oppskrift på rettsstatens undergang.

Sett i lys av den europeiske utviklinga minner Wara-saka oss om kor sterk og samstundes kor skjør rettsstaten er i Noreg. Vårt uskrivne skilje mellom politikk og påtale har fungert godt i ein lang periode med politisk godvêr, men det kan vere lurt å innrette systemet for uvêrsdagar også.

I 2016 vart det sett fram eit forslag til ny straffeprosesslov. Der vert det føreslått å innføre eit forbod for regjeringa mot å instruere påtalemakta i einskildsaker og å grunnlovfeste eit krav om «uavhengig anklage». Innføring av ei formell sperre mellom påtalemakta og den politisk styrte, utøvande makta er framsynt og klokt. Den lovgivande makta jobbar seint, og vi må nok vente nokre år før ny straffeprosesslov trer i kraft. Vi kan håpe Wara-saka fører til fortgang i arbeidet med å lov- og grunnlovfeste påtalemaktas sjølvstende. I mellomtida gjer statsministeren klokt i å teie om alle sider av saka til etterforskinga er over. For vel er ei grunnlovfesting av påtalemaktas sjølvstende viktig, men framfor alt er det viktig at våre politiske leiarar viser sjølvkontroll og respekterer grunnleggjande rettsstatlege spelereglar.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg