Kan ein norsk skikkeleg, forstår ein òg nynorsk

Det går eit skilje mellom norske statsborgarar og dei som ikkje er det.

Publisert Publisert

REPLIKK: Professor Gunnar Skirbekk svarer tyske Carsten Bienz som kritiserte nynorsk-bruk i Bergen. Foto: UiB

Debattinnlegg

  • Gunnar Skirbekk
    Professor emeritus, filosofi, UiB
  1. Leserne mener

Nynorsk i Bergen skaper problem for innvandrarar, skriv Carsten Bienz i eit innlegg i BT 4. februar.

Det går eit skilje, med tanke på krav til norskkunnskap – i Bergen som i resten av landet – mellom dei som er norske statsborgarar og dei som ikkje er det.

For å få norsk statsborgarskap, må ein ha tileigna seg tilstrekkeleg norskkunnskap slik at ein kan fungere som statsborgar i eit moderne demokrati.

Den som kan norsk skikkeleg, forstår både bokmål og nynorsk. Då vil ein normalt også forstå svensk og dansk. Dessutan, den som er norsk statsborgar, er ikkje lenger utlending.

For den som er her som utlending, er det ingen offisielle språkkrav. Men har ein arbeid, kan det vere norskkrav knytte til jobben.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg