Media veit ikkje lenger kva vanlege folk slit med

Det er ikkje synd på denne båteigaren.

Innsendaren reagerer mellom anna på denne reportasjen frå NRK.
  • Kyrre Styve
    Journalist, Åsane
Publisert Publisert
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

«De sier det er vanlige folks tur. Det må være århundrets bløff.»

Seier mann med cabincruiser til eit par millionar.

Media har ikkje lenger peiling på kva vanlege folk slit med eller kva det verkeleg vil seia å ha dårleg råd. Det er så til dei gradar ikkje synd på den omtalte pensjonisten.

Under korona-nedstenginga gav VG inntrykk av at alle nordmenn har hytte eller sommarhus i Sverige, og skreiv om kor katastrofalt det var at dei ikkje fekk dra på hytta.

Medan enormt mange i Noreg ikkje har råd til å dra på tur i det heile.

Kyrre Styve meiner media er lite obs på dei som ikkje høyrer til øvre middelklasse.

No skriv VG om korleis ein bør investera 100.000 kroner. Samstundes finst det folk som ikkje har råd til å senda ungane sine i barnebursdag.

VG har òg nyleg hatt tre saker om korleis ein skal gå fram for å kjøpa Rolex. Når andre uroar seg for om dei har råd til mat.

Det er diverre ikkje berre eit VG-fenomen.

BT, NRK og mange andre medium er like lite obs på livssituasjonen til dei som ikkje høyrer til øvre middelklasse eller over.

Eg blir kvalm.

Skribenten jobbar i Vestnytt, som er eigd av det same konsernet som eig BT og VG (Schibsted). Innlegget vart først publisert på Facebook.

  • Kva vil du skrive om? Send eit innlegg til debatt@bt.no! Usikker på korleis ein gjer det? Sjå tips på denne sida.
Publisert

Les mer om dette temaet

  1. – Dette savner norske barn som vokser opp i fattigdom

  2. – Er sosiale medier like skadelig som radio?

  3. «Hytten din er norsk naturs verste fiende. Og hjelper Putin i Ukraina.»

  4. – Kan vi ikke droppe bursdagsgaver?

  1. Medier
  2. Mediekritikk
  3. Ulikhet
  4. Fattigdom
BT anbefaler

– Statnett har bygget en linje som ikke fungerer

– Det er skremmende hvor lite strøm vi klarer å føre sørover i Norge, sier Bengt Jostein Haugnes.

LES SAKEN