Ja, livet er som ein veg
Nokon går vegen aleine. Andre har ein god turkamerat.
- Marit Kvamme-VikLeknes


Livet ... Det er som ein veg.
Det går opp, og det går ned.
Her og der er det ei bru, som får endar til å møtast.
Ofte må ein gjennom ein mørk tunnel. Den kan vera veldig kort, men også veldig lang. Då er det fint at der alltids er lys i enden av tunnelen.
Nokon stader er vegen kronglete. Ein veit ikkje alltid kva som ventar rundt neste sving, så ein må trå litt varsamt – vera litt observant.
Det hender at ein kan hamna i grøfta.
Ein kjem seg oftast opp igjen av seg sjølv, men nokon gongar må ein ha hjelp frå andre.
Kven eller kva ein møter langs vegen, det veit ein aldri heller.
Nokon gongar er det gode overraskingar, andre gongar ikkje.
Ein må ta det som kjem, og til sist når ein målet.
Av og til, mens ein ferdast langs vegen, ser ein ikkje så godt alt som er rundt seg. Det kan vera for mykje tåke, alt rundt er berre grått og trist. Det kan vera vanskeleg å forstå at den mørke tåka vil letta ein gong. Men det vil den. Alltid.
Andre gongar ser ein berre dei flotte fargane, ein trekker inn den friske lufta – og nyt kvart sekund.
Det er lett for å hasta av garde langs vegen. Å ikkje ta seg tid til å stoppa opp. Ein kan vera så opptatt av seg og sitt, at ein gløymer å løfta blikket og sjå rundt seg.
Då kan ein gå glipp av mykje fint.
Nokre gongar kjem ein til eit kryss, eit vegskilje. Då må ein velja kva veg ein skal gå.
Nokre gongar vel ein feil veg og må snu.
Andre gongar vel ein omvegen. Då kjem ein i mål, men det tek litt lengre tid.
2022 – eit strålande år
Så kan ein velja riktig veg på første forsøket. Då kjem ein raskast i mål, men ein får ikkje dei same erfaringane, som når ein tar ein litt lengre veg.
Nokre gongar er vegen tung å gå, ein møter lange motbakkar. Kjem ein seg på toppen av den motbakken, ja, då er ein alltid sterkare enn ein var på botnen av bakken.
Andre gongar spring ein av garde med lette steg, og lar seg ikkje stoppa av noko som helst. Det er ei god kjensle.
Livet – ja, det er som ein veg.
Nokon går vegen aleine. Anten dei har valt det sjølv, eller ikkje.
Andre har ein god turkamerat. Ein som heier når motbakken blir for tung, ein som held deg i handa om vegen er mørk og du er utrygg.
Då er vegen god å gå – sjølv om du ikkje alltid veit kvar den tar deg.