La kvinnene overta!
Vi har prøvd menn i mange år. Vi har prøvd demokrati, diktatur, religion, kommunisme og kapitalisme. Det einaste vi ikkje har prøvd, er å berre overlate alt til kvinnene.
- Øyvind UgulenNesbyen


«Ei fordømming av mislykka leiarskap.» Det er FNs generalsekretær Antonio Guterres sin oppsummering av siste klimarapport. Det er vanskeleg og argumentere imot. År etter år med feil prioriteringar, feil fokus og feil avgjersler.
Ein kvar fotballmanager blir sparka ut etter berre få månader med så dårlege resultat. No hjelper det ikkje alltid å byte, men når det kjem til det å styre eit land, kan ein vel knapt seie at kontinuitet heller er av det gode.
Kven er så desse mislukka leiarane som har vanskjøtta kloden på vegner av Homo sapiens gjennom alle tider?
Den ikkje alltid iaugefallande, men likevel uomtvistelege, fellesnemnaren er – penis. Godt over 90 prosent av statsleiarar er framleis menn, og det etter meir enn 100 års kvinnekamp.
Kva er det på mannens CV som gjer han sjølvsagt til leiarstillinga? Statistikken gir oss jo heller dårleg score. Vi er mest valdelege, mest kriminelle og mest utsett for ulykker. Vi er elefantar i glasmagasin, tikkande bomber fulle av testosteron og aggresjon.
Vi har styrt land og religiøse hus med hard hand og lite empati og stadig komne i krangel og laga bråk. Tilsynelatande suksessfull utvikling har vist seg å vere skit i eige reir og lite berekraftig i lengda.
Alle som utgjer ein trussel for verdas framtid, er menn. Akkurat no er det Putin som best illustrerer kor fatalt det er å sleppe små machomenn til mykje makt. Menn utan mot til å tole motstand og som tissar i kortbuksa ved tanken på å tape ansikt.
Det finst eit bilete av eit møte mellom Angela Merkel og Putin. Han har teke med seg den feite svarte labradoren sin, for han veit at Merkel er redd for hundar.
Men Merkel sit roleg i møtet, trass i utvilsam stor frykt. «Eg forstår kvifor han gjer dette – for å bevise at han er mann». «Han er redd sin eigen svakheit», sa Merkel etterpå.
Kven er den modige, og kven er den ynkelege her?
Vi hadde Trump. Ein patetisk gubbe med mikroevner og komisk høg sjølvtillit. Korleis slepp slike til? Var vel ein liten Putin involvert der òg.
Putins krig i en verden av mannemenn
Vaksne norske menn gjer seg og syrgjeleg små ved å håne og hate kvinner som tek plass. Som Greta Thunberg, ei jente som har vist kolossalt mot og på naturleg vis blitt ein leiar for millionar. Ein posisjon bygd på engasjement, kunnskap og evne til formidling.
Ho aleine har gjort meir for verda og vist større ballar enn alle menn i Norden.
Vi treng sterke leiarar, blir det sagt.
Nei, vi treng ikkje det.
Vi treng kloke og modige leiarar.
Vi treng omsorgsfulle, framsynte og langtidsplanleggande leiarar.
Vi treng leiarar utan ego.
Vi treng leiarar som er i stand til å multitaske, halde orden, tenke på andre framfor seg sjølv og som kan bygge og vareta relasjonar.
Vi treng leiarar som er i stand til å lese, lytte og føle, som er audmjuke nok til å høyre på andre si kunne og sjekke ein manual, eit kart eller vêrvarsel og ikkje handlar på impuls, behov for sjølvpromotering og overdriven tru på eigne evner. Vi treng leiarar med andre motivasjonar enn makt og pengar.
Koronakrisa viste at land med kvinnelege leiarar hadde lågast førekomst av smitte og dødsfall. Dei blei styrt betre. Det kan sjølvsagt vere slik at desse landa har høgast likestilling nettopp fordi dei er velstyrte land.
Med andre ord: Det kan hende det òg har vore kloke mannlege leiarar i desse landa, for dei finst jo. Men det endrar ikkje konklusjonen.
Finansiell likestilling lønner seg
Kvinner er ikkje perfekte. Det veit vi alle.
Dei kan og vere upålitelege, svikefulle og snyte på skatt og pendlarbustadordningar. Dei finst og på dystrare statistikkar, og gudane veit dei kan vere infame.
Men no har vi prøvd menn i mange år. Vi har prøvd demokrati, diktatur, religion, kommunisme og kapitalisme. Det einaste vi ikkje har prøvd, er å berre overlate alt til kvinnene.
For karar, hadde det ikkje og vore litt digg å sleppe alt dette ansvaret og stresset?
La kvinnfolka ta møter, forhandlingar, konferansar og budsjett?
Så kan vi ta over meir av styringa heime. Ause av våre eigenskapar der og få tid til å leike med ungane, gå på ski, høyre på musikk, drikke øl og sjå på fotball. Eller ri på hest i baris og drive med judo viss det er det som gir glede.
Kort sagt leve.
Dei store avgjerslene tek kvinnfolka.
Vinn, vinn.
Det einaste eg verkeleg vil halde imot kvinnene, er det faktum at dei har funne seg i dette alle desse åra. Kvifor har de ikkje berre teke makta for lenge sidan? Det ville vore lett som ein plett for dykk.
Alle vi menn som har hatt kvinner i våre liv, veit at er det nokon som kan gjennomføre uimotståelege sanksjonar, så er det koner, mødrer, systrer og døtrer.