To slags menneske kranglar om kaffi på arbeidsplassen min

Oppgåva dei kranglar om, er omtrent like vanskeleg som å knyte skolisser.

Ei tom kaffikanne kan utløyse raseriutbrot på sjølv den mest harmoniske arbeidsplass.
  • Stian Kaupang Sæle
    Sotra
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Eg jobbar på eit kontor der vi har gratis kaffi som vi må trakte sjølv. På same måte som eg trur det er på dei fleste arbeidsstader med ei slik ordning, så har vi regelen om at dersom ein tek siste skvett i kanna, så skal ein sette på ny kanne kaffi.

Personleg synest eg belastninga av å finne fram eit filter, dumpe oppi ei passande mengde kaffipulver og trykke på to knappar er omtrent like stor utfordring som å knyte skolisser eller vaske meg på hendene.

Les også

Kaffeprisene fortsetter kraftig opp: – En ny normal

Men enkelte medarbeidarar tar det som eit personleg angrep dersom dei tar siste skvett og opplever at kanna no er tom – og lager eit ofseleg leven ut av at nettopp dei måtte sette på ny kanne. Det kan både bannast og hagle med skuldingar om at ny kaffi allereie skulle vore sett på av førre person, uavhengig om det var ein halv kopp igjen i kanna eller ikkje.

Andre lèt som ingenting når dei tar siste koppen og sniker seg unna i staden for å sette på ny kanne – fordi dei tydelegvis ser på dette som ei komplisert og tidkrevjande oppgåve som dei umogeleg har kapasitet, intellekt eller initiativ til å løyse.

Les også

Et ventet rush av folk som vil bytte jobb, gir deg gode kort på hånden

Når vi då har ein kombinasjon av desse to type personar i same kaffimiljø, så er det uunngåeleg at det blir enda kraftigare kjensler i sving hos fyrste gruppa, og det oppstår plutseleg eit kaffikokebasert angivarsamfunn ikkje ulikt slik det må ha vore i DDR, der personlege skuldingar og passiv-aggressive kommentarar haglar kvar einaste gong ei kaffikanne blir tom.

Så kva er det eigentleg med denne oppgåva som er så psykologisk tyngande? Eller er det berre min ekstreme koffeinintoleranse som gjer at eg ikkje har utvikla dei same negative effektane av å vere tungt avhengig av sentralnervestimulerande middel, og som gjer at eg ikkje greier å få i gong same patos som mine kollegaer kvar gang det er min tur til å sette på ny kaffi?

Innlegget vart først publisert på Reddit.

Publisert: