Hjelp oss å bli verande her!

DEBATT: Familiar vert pressa ut av mangel på kvadratmeter og nok soverom.

TRIST: Eg kjenner familiar som har vore på leit etter større leilegheit i årevis. Men aktuelle hus og leilegheiter blir kjøpt opp av utbyggjarar og delt opp i små hyblar. Det er trist, for er det noko denne bydelen treng så er det stabilitet, skriv innsendar. Jan M. Lillebø (arkiv)

Debattinnlegg

Margrethe H. Norheim
Bebuar i Solheimsviken

Eg bur i eit område med mange namn. Solheimsviken, Løvstakksiden, Damsgård, Danmarks plass. Ungdommen kallar det Stakken. Enkelte på den andre sida kallar det skyggesida. Eg meiner at hyggesida er meir passande.

Bergen Kommune har eit uttalt mål om at fleire barnefamiliar skal bu i Bergen sentrum. Det er med bismak eg skriv dette innlegget. Eg er så nøgd med nabolaget mitt. Men det er i byrjande krise for familiane her, og vi treng hjelp for å bli verande.

Margrethe Hjønnevåg Norheim Privat

Løvstakksiden er eit av dei områda som er definert som eit byfortettingsområde. Det betyr blant anna auka mengd bueiningar, og mindre uteareal per bygning. Her er det lite plass til å byggje nytt. Fortetting må føregå i dei bygningane som er her. Bur ein sentrumsnært er det naturleg å bu litt trongt, det er eg med på. Men når familiar på fire har under 60 kvadrat på tredje året, forstår eg at meir boltreplass lokkar.

Ungane mine går på Ny-Krohnborg oppvekstsenter. Her har me gode vener, eit godt nabolag, mange tilbod og ingen behov for bil. No har eg byrja å uroe meg for at venene til barna mine skal flytte. For nokre er dette ein planlagt stopp på vegen mot eit rekkehus i forstaden eller eit hus på landet. Men for mange er det ein stad ein ønskjer å bli, ein stad å vokse opp.

Les også

- Jeg har før elsket Bergen sentrum like mye som du, men nå flytter jeg.

Eg kjenner familiar som har vore på leit etter større leilegheit i årevis. Men aktuelle hus og leilegheiter blir kjøpt opp av utbyggjarar og delt opp i små hyblar. Det er trist, for er det noko denne bydelen treng, så er det stabilitet.

Nabolag og skule brukar mykje tid og krefter på å bli kjent, for å inkludere alt og alle i denne mangfaldige bydelen. Og så flyttar folk. Familiar vert pressa ut av mangel på kvadratmeter og talet på soverom.

Kjære utbyggjarar og eigedomsselskap: Ver solidariske og bygg familieleilegheiter. Kjære politikarar: Lag planar som hindrar seksjonering og hyblifisering. Byggjesaker er handheva strengare i andre byar og bydelar, så dette let seg gjere.

Det er også nødvendig å løfte spørsmålet om ein eigen definisjon av omgrepet hybel til politisk behandling, slik blant andre BergenByliv føreslår i høringen til regjeringens «Forslag om skjerpet ervervsbegrensning og regulering av korttidsutleie». Kom gjerne på tilsyn og vær strenge med dei som ikkje følgjer lover og reglar. Og kvifor ikkje vere ambisiøse på våre vegner, som ved å etablere støtte til dei som omgjer hyblar til større einingar.

Kommunen rår heldigvis over sin eigen bygningsmasse. Sel unna nokre av dei kommunale bustadane som ligg så altfor tett i tett opp mot Løvstakken. I Oslo gjev dei no lån for at blant anna barnefamiliar kan kjøpe den kommunale bustaden dei bur i. Bygg firemannsbustader om til tomannsbustader.

Og ikkje minst: Styr trafikken unna. Stopp dei som brukar Løbergsvegen som «fast track» for Danmarks plass. Gjer det like vanskeleg å køyre som på Nygårdshøyden. La bydelen bli det neste bilfrie prøveprosjektet som på Møhlenpris. Prioriter hjertesoneprosjektet for trygg skuleveg. Gje oss i alle fall dei fartsreduserande tiltaka og soneparkeringa som er lova i fleire omgangar over fleire år.

Vi er veldig glade for områdesatsinga dei siste åra. Det er nydeleg med Løvstien lett tilgjengeleg. Den oppussa skulen og det nye kultur- og idrettsanlegget er samlande og hyppig brukt. Barna i bydelen er av dei mest aktive i byen, og ungdomskriminaliteten er nesten ikkje-eksisterande. Småpudden har ført sentrum nærmare.

Men det er dessverre ikkje nok; folk må bli buande over tid. Og vi treng at fleire ressurspersonar blir verande. Skal Bergen kommune få fleire barnefamiliar til å bli i byen, er det behov for politisk vilje og sterke verkemiddel.

Vi er håpefulle.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg