Flytt sankthans!

Lat oss gjere som svenskane.

PÅ TIDE: er det ikkje på tide at Noreg legg sankthans til den same fredagen som svenskane, spør innsendar. Foto: Tor Høvik (arkiv)

  • Anne Buset Vassbotn
    Bergen
Publisert:

Seier ein ordet «midtsommar» til ein svenske, får han eit breitt smil i andletet. For svenskane er midtsommar ei av dei viktigaste sosiale hendingane i løpet av året. At vekedagen for feiringa alltid vert lagt til fredagen mellom 20. og 26. juni, er like sjølvsagt som at Ikea har svenske kjøttbollar på menyen.

Svenskane feirar dagen med stor festivitas, og som nordmann kan ein ta seg sjølv i å bli litt misunneleg på den kjekke feiringa svenskane har.

I Noreg kan sankthans (eller midtsommar) hamne på ein måndag eller annan vekedag. Alle vi som skal på jobb dagen etter, blir gjerne slitne og klarar ikkje heilt å slappe av. Så er det ikkje på tide at vi legg sankthansaftan til den same fredagen som svenskane?

Kva synest du om forslaget? Syng ut i kommentarfeltet under!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg