Hjorth-familien sitt forsvar verkar mot føremålet

Lat fiksjon vera fiksjon, og slutt med å leita etter forfattaren bak verket.

STERKT STYKKE: Kjersti Elvik i rolla som «Bergljot» på scena i DNS-stykket «Arv og miljø». På storskjermen spelar Irene Waage, Wenche Kvamme, Agnete Haaland og Svein Harry Schöttker Hauge rollene som familien hennar. Tor Høvik

  • Steinar I. Bergo

Salig Francis Bull var ein litteraturhistorikar som stod for den biografiske lesemåten. Forfattaren sitt liv skulle kasta lys over diktinga.

Lesemåten kunne høva godt til ein forfattar som Arne Garborg, men svært dårleg til andre. Nykritikken i 1960­-åra hadde motsett syn. Eit dikt eller diktverk skulle stå på eigne bein, vera ein autonom storleik.

«A poem doesn’t say, a poem is». «Forfattaren skulle løyna seg i verket som Gud i naturen».

Karl Ove Knausgård sitt verk «Min kamp» på 3618 sider skapte ein ny måte både å skriva­ og å lesa eit verk på.

Det han gjorde i «Min kamp», let seg vanskeleg gjera på nytt. Men folk er byrja å sjå etter forfattaren i alle romanar. Dei nærmar seg ein biografisk lesemåte igjen.

Les også

Familiedrama i flere akter

Vigdis Hjorth gav i 2016 ut romanen «Arv og Miljø». Den fekk positiv omtale, men då systera gav ut romanen «Fri vilje», fekk «Arv og Miljø» ny vind i segla.

Det som kunne vera ein roman, eit diktverk bygt på ei blanding av lesing, ulik informasjon, bearbeidde og transformerte opplevingar, vert brått til eit konkret familiedrama fiksjonen har skapt.

Fiksjonen vert gjort til levd familieliv. Det heile får noko Knausgårdsk over seg.

Påverka av denne nyleg utkomne «motromanen», byrja eg å lesa «Arv og Miljø». Dei fyrste kapitla stadfesta for meg at dette måtte vera eit slags «offentleg skittentøyvask».

Me møter ein intellektuell person som kjempar med kjensler og vanskar, men prøver å skjøna samanhengar og finna sjelefred. Grubling og mangel på søvn vert medisinert med mange flasker raudvin og samtalar med vener og eigne born.

Søsken og foreldre er av grunnar som aldri har kome på bordet, vortne umogeleg å ha kontakt med. Dei vert opplevde som svikarar.

Les også

– Uklokt av DNS å se bort fra omstendighetene

Hovudårsaka er at hovudpersonen er blitt utsett for incest. Eit problem som er dyssa ned og har skapt ulukke for både foreldre og dei to eldste barna.

Teiinga av eit overgrep har øydelagt relasjonane. Det har gått verst ut over hovudpersonen, som er vorten utsett for overgrep som liten, men at ho ikkje blir trudd, er mest verre enn sjølve overgrepet.

Dette forklarar det vanskelege livet, og at hovudpersonen ser ut til å vera så negativ mot foreldra og søskena. Men ho gjennomgår ei endring og ei personleg utvikling som vert tydeleg mot slutten av romanen.

Forståinga av problema aukar, sjølv om ho må leva med etterverknadene. Ho kan jamvel forstå faren sine kvalar og det øydelagde livet hans.

Trass i at han var overgriparen, har ho større kjærleik til han enn til mora. Faren forguda dottera, men etter overgrepa torde han ikkje røra henne. Ho forguda faren, men måtte leva utan hans farskjærleik. Det er ein roman om ein familie der alle vart ulukkelege.

Les også

DNS saksøkes for forestillingen «Arv og miljø»

Romanen har ein generell verdi for folk som har opplevd incest. Så langt og utan vidare kunnskap og kjennskap til familien til Vigdis Hjort, er dette ein god roman som kan stå på eigne bein.

Som om det ikkje var nok med «Fri vilje» av systera, saksøkjer mor DNS. Det er forståeleg, dersom det er pengar det gjeld, men som forsvar for familien, verkar dette endå sterkare mot føremålet.

Det vert fase to i ein familiestrid, bokstavleg tala «for open scene», og ikkje berre på DNS.

Lat fiksjon vera fiksjon, og slutt med å leita etter forfattaren bak verket.

Striden øydelegg familien og gjev fiksjonen feil fokus, men sjølvsagt pirrar det «kikkarane» og aukar salstala.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg