Vi må bli flinkare til å spørje

DEBATT: Vi veit at det dessverre er altfor vanleg å ha erfaringar med overgrep og traume, men kunnskapen om konsekvensane er for dårlege.

OVERRUMPLA: Sjølv om ein har bearbeidd traume og lever godt i kvardagen, kan ein av og til verta overrumpla over korleis ein sjølv reagerer på fødsel og underlivsundersøkingar, operasjonar, tannlege, gastroskopi eller kolonoskopi, skriv innsendaren. NTB scanpix

Debattinnlegg

Mette Løkeland
Gynekolog, Betanien sykehus

Overgrep og traume kan setje store spor i kroppen og sjela. Gjennom livet kan ulike tilsynelatande små og store ting trigga gamle opplevingar og kasta dei det gjeld ut av balanse.

Vi veit at det dessverre er altfor vanleg å ha erfaringar med overgrep og traume, men kunnskapen om konsekvensane av dei er for dårlege. Auka kunnskap og openheit om problema er nødvendig både for dei det gjeld og for oss i helsevesenet. Vi treng å sjå samanhengane for å kunne førebyggje og leggja til rette for å oppnå betre liv og helse.

BT har i den siste tida hatt fleire viktige og opplysande artiklar om overgrep og konsekvensane det har for livet til dei som opplever det. I tillegg til å ha innverknad på mental helse, har det kome fleire studiar som viser at ein også har større risiko for fysisk sjukdom, som til dømes stoffskifteproblem, blodtrykk, hjarte, diabetes etc. På toppen av det har ein også auka risiko for rusproblem og kroniske smerteproblem.

Gynekolog Mette Løkeland Ingrid Aasen Wærness, Studio 1 fotografane

Les også

Slik levde de med hemmeligheten i ekteskapet

Som helsepersonell må vi vera flinkare til å tenkja på denne problemstillinga og spørje pasientane våre om slike erfaringar. Det er ikkje sikkert vi alltid vil få eit sannferdig svar, for korleis kan vi forventa at nokon vil fortelja oss om opplevingar dei knapt vil erkjenna for seg sjølve. I alle fall dersom ein ikkje har oppretta eit godt tillitsforhold som behandlar på førehand.

Av og til kan også erfaringane vera så gløymde i minnet, at dei ikkje er seg bevisst hendingane. Då kan dei i staden verta trigga av undersøkingar og operasjonar som til dømes involverer munn/svelg, endetarm og kjønnsorgan. Det gir dei sjansen til sjølve å setja livet sitt, smertene og eventuelle årsaker i samanhang.

Som gynekolog ser eg ofte kvinner med smerter i bekkenet. Dei kan oppleva det som smerter i eggstokkane, blære, osv, og dei kan ha smerter under samleie. Ofte opplever eg at dei har smerter ved trykk mot muskulatur. Det er sjølvsagt mangt som kan føre til smerter i muskulatur.

Les også

Faren er dømt for minst 160 overgrep mot denne jenten. Hun er så skadet at hun har vært innelåst på sykehus i Bergen i nesten fire år.

Då er det ikkje alltid eg spør direkte om overgrep. I staden informerer eg dei om ulike årsaker som kan gi smerter i muskulaturen i bekkenet som operasjonar, fødslar, bekkenløysing, ryggsmerter, overgrep, leva med folk med rusproblem eller psykiatri, mobbing, store omsorgsoppgåver. Då får dei sjølve sjansen til å setja livet sitt, smertene og eventuell årsaker i samanheng.

I dei tilfella er det fleire som fortel om overgrep eller andre problemstillingar, og andre gongar kan ein få inntrykk frå kroppsspråket at det kanskje ligg meir gravlagt enn dei vil fortelja der og då.

Det er viktig å hugse at sjølv om ein har bearbeidd traume og lever godt i kvardagen, kan ein av og til verta overrumpla over korleis ein sjølv reagerer på tannlege, gastroskopi, kolonoskopi, fødsel og underlivsundersøkingar eller operasjonar med meir.

I dei tilfella kunne det vera lurt at behandlar har kunnskap om dine tidlegare opplevingar, slik at de saman kan leggja ein plan for behandlinga og forstå dei reaksjonane som kjem.

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg