Nytta av betre veg er openberr

Den største negative verknaden er at det kan bli behov for å innløyse bustader, og at høgare vegstandard langs Grimevatnet vil gi auka biltrafikk.

SIKRE NATUREN: Utbetringa av vegen langs Grimevatnet må skje på ein måte som sikrar at naturen og miljøet ikkje tar varig skade, og at vasskvaliteten ikkje blir forverra, skriv innsendarane. BERGENS TIDENDE

  • Mette Svanes
  • Ole Roger Lindås

I eit debattinnlegg i BT 17. januar stiller Steffen Bratland seg kritisk til Plan- og bygningsetaten sitt forslag til utfylling i Grimevatnet for å leggje til rette for mjuke trafikantar. Bratland meiner at tiltaket vil forureine Grimevatnet, og at det ikkje har samfunnsnytte.

Kommunen arbeider for å få mest mogeleg samfunnsnytte av overskotsmasse frå ny E16 og Vossebanen. Dersom ein ikkje lykkast med det, må steinen deponerast. Grimevatnet vert ikkje tilrådd berre for å bli kvitt stein. Steintransport til Grimevatnet har større kostnader og ulemper for trafikk og nærmiljø enn dumping i nærliggjande sjøområde.

Bakgrunnen for forslaget om å bruke steinmassar til å utbetre Hardangervegen ved Grimevatnet er:

  • Stort behov for eit tilbod til gåande og syklande
  • Fare for liv og helse, mellom anna påkøyring av mjuke trafikantar, utforkøyring i djupt vatn
  • Vanskar med å avvikle kollektivtransport
  • Manglande planar om å utbetre eller avlaste vegen på kort eller mellomlang sikt
  • Stor trafikkmengd kombinert med forventa trafikkvekst

Nytteverknadene av vegutbetring er openberre. Prosjektet har i tillegg negative verknader. Dei er analyserte og vurderte på overordna plannivå i kommuneplanen, og angir at prosjektet kan ha nytteverdiar som meir enn oppveg for ulempene. Vi ser det som fornuftig å avklare det gjennom eit forprosjekt og ein reguleringsplan. Først då får vi ei avklaring av om prosjektet har positiv samfunnsnytte.

Det blir store negative verknader i byggjefasen, men det er ikkje avdekt varige negative verknader for naturen. Gjennomføring må skje på ein måte som sikrar at naturen ikkje tar varig skade, og at vasskvaliteten ikkje blir forverra. Verknadene av nitrogen frå sprengstoffrestar er blant tema som førebels ikkje er vurderte i detalj. Det manglar også viktige tekniske og økonomiske vurderingar. Skal prosjektet vere aktuelt, må det ha vesentleg lågare kostnad enn å leggje lokalvegen i tunnel.

Les også

BT Podkast: – Reserveferjene er laga for å duppe i Oslofjorden

Noko som er avklart i forprosjektet, er at delar av innsjøen får ny rein botn ved tildekking av påviste miljøgifter (PAH, TBT og tungmetall). Utfyllinga vil ha både positive og negative verknader, og det kan hende at langtidsverknaden i sum vert positiv. Tiltak som vil bli pålagt i byggjefasen, er siltgardiner, tildekking av forureina sediment, sikring av at massane er reine mv.

For nærmiljøet er det positivt at det blir tilrettelagt for gåing, sykling og kollektivtransport. Den største negative verknaden er at det kan bli behov for å innløyse bustader, og at høgare vegstandard vil gi auka biltrafikk.

Eit nedskalert tiltak, på langt under fire millionar kubikkmeter stein, synest mest tenleg. Det kan høve bra saman med behovet for å halde det nye landarealet nede på eit nivå som ikkje i vesentleg grad reduserer kapasiteten til å magasinere flaumvatn.

Vi meiner at prosjektet bør inngå i kommuneplanen. På heile Hardangervegen er det venta trafikkauke når ny E16 blir tilknytt Hardangervegen ved Asko-bygget i Arnadalen. Vi er bekymra for verknadene av å leggje om E16 i Arnadalen utan å avlaste eller utbetre Hardangervegen.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg