Love Hurts

Publisert Publisert

NEDERLAG: Sundag var det tungt å vere Brann-supporter, då Molde slo Brann 5–1. Kjærleiken gjer vondt, skriv Einar Hansen i dette uvanlege kampreferatet. «Alle får ein smekk ein gong i blant. Vi, Brann, tek desse rett på trynet. Enno leder vi serien. Enno er vi det beste laget i Norge.» Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB Scanpix

Debattinnlegg

  • Einar Hansen
    Brann Bataljon Øst – BBØ
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

– Det er kamp i morgon, ikkje sant?

– Ja, Brann skal spele i Molde.

– Skal du sjå?

– Ja, live.

Ho såg på meg med store auge.

– Skal du dra heilt dit, for dei?

– Jaaa ...

– Vi la ein plan, vi køyrer ...

– Ingen har reist så langt for meg, nokon gong. Og du gjer det for Brann?*

– ...

_________________

Love hurts

Love scars

Love wounds and marks

Any heart not tough or strong enough

To take a lot of pain, take a lot of pain

Love is like a cloud, it holds a lot of rain

Love hurts

Ooh – love hurts

_________________

Kva er kjærleiken til SK Brann?

Eg veit ikkje.

Enkelte gonger er det større enn alt.

Det fyller heile meg, deg og alle kring meg.

Andre gonger. Gjer det låkt. Veldig.

Som å lime sportstape på armen og sakte dra den av.

Du veit det er låkt.

Men du gjer det.

Igjen og igjen og igjen.

Vi dreg land og strand rundt.

Vi syng, heier, roper.

Vi har kjøpt drakter.

Vi har kjøpt skjerf.

Vi har kjøpt billettar.

Vi trur.

Alltid.

Og det er smerte. Som eit svart hol.

_________________

I’m young

I know

But even so

I know a thing or two, I learned from you

I really learned a lot, really learned a lot

Love is like a flame, it burns you when it’s hot

Love hurts

Ooh – love hurts

_________________

Det er stikk, sjå heltar gje bort ballen.

Det smerter å sjå dine heltar lage straffe.

Det er deprimerande å sjå at taktikken ikkje held mål.

Det er tungt å bli avkledd.

Det er den kjensla, av å ha blitt svikta.

Når vi gjer alt dette andre, kvifor vinn då ikkje Brann på banen?

_________________

Some fools think

Of happiness, blissfulness, togetherness

Some fools fool themselves, I guess

They’re not foolin’ me

I know it isn’t true I know it isn’t true

Love is just a lie made to make you blue

Love hurts

_________________

Kjærleik skal ha sår i seg.

Arr.

Du veit ikkje kor godt det er, før du har krasja skikkeleg.

Fått skrubbsår.

Dette er Brann.

Og vi har vore med på ferda.

Vi har vandra i dalen der skuggane aldri synast.

Difor er det så godt når sola skin og alt er bra.

_________________

Ooh – love hurts

Ooh – love hurts

I know it isn’t true

I know it isn’t true

Love is just a lie made to make you blue

Love hurts

Ooh – love hurts

Ooh – love hurts – ooh

_________________

Alle får ein smekk ein gong i blant.

Vi, Brann, tek desse rett på trynet.

Enno leder vi serien.

Enno er vi det beste laget i Norge.

Enno.

Og vi trur.

Litt meir skuffa. Håper meir enn trur.

Viljen er der.

Vi ønskjer dette, LAN.

Vi ønskjer å vinne serien.

Vi vil.

Og vi trur dykk kan.

Gje meg rett.

*Nokon må setje seg i ein bil og køyre eit stykke til henne. Ho fortener det.

Denne teksten blei først publisert på nettstaden til Brann Bataljon Øst – BBØ, der skribenten er webmaster. Likte du teksten? Del han på Facebook!

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg