Alle dei narkomane kan ikkje vere på same staden

Nabolaget vårt har nådd sin tolegrense for brann, boss og rus.

Publisert: Publisert:

BELASTA: Folk i nabolaget er utslitne og i ferd med å gje opp, skriv innsendaren om problema i og rundt Vågsbunnen i Bergen sentrum. Foto: Rune Sævig (arkiv)

Debattinnlegg

Nikolina Søgnen
Styremedlem i Lille Øvregaten vel

Onsdag 12. september, klokka halv ti på kvelden, kunne vi som bur i Lille Øvregaten lese på bt.no at vi skulle få ny nabo, nemleg nok eit tiltak retta mot byens tunge rusmisbrukarar. Sjølv høyrer eg til i huset vis-à-vis. Den nye kafeen skal dele ut gratis mat og opna i dag, berre timar etter artikkelen kom på nett. I avisa las vi altså dette.

Til samanlikning fekk vi i sommar nabovarsel om bruksendring i nabobygget til den nye kafeen, der kommunen skal opprette bemanna ungdomsklubb med lydisolerte øvingsrom. Dette fekk vi altså høve til å kome med merknader til. Vi er glade for at Evangeliesenteret, som skal drifte kafeen, også «er veldig obs på problemstillinga rundt både Vågsbunnen og forholdet til naboane.»

Eit døger seinare kan vi melde om at opninga har gått fint for Evangeliesenteret. Sjølvsagt har vi måtte rydde litt pappkoppar og glas frå trappa vår, men her har vi alle daglege rundar med rydding av brukarutstyr og anna snadder rundt husa, så vi er blitt gode til å bøye oss med knea. Det var berre så vidt vi la merke til han eine rusmisbrukaren som frustrert og høglydt raljerte over kvifor det absolutt måtte vere så stort frelsesfokus på slike tilbod – tronge brusteinsgater ber lyden godt og opne russcener fører ofte med seg litt diskusjon.

Heller ikkje han som gjekk rundt i gata og tilbaud dei frammøtte narkotika beit vi oss særleg merke i, for i Vågsbunnen er det utandørsmarknad kvar dag og døgeret rundt.

Nei, for oss som bur i Lille Øvregaten er ikkje dette noko nytt. I sommarhalvåret kryr det av aktivitet her i mellomalderbyen. Turisthordar vert vist rundt med veivande skilt og oppglødde føredrag om nabolaget vårt.

Les også

Truet trivsel i Vågsbunnen

«Her», fortel guidane, «vart ei kanonkule skoten fast i kyrkjeveggen!» «Her», tenkjer eg, «kan dei som vil sette seg på kyrkjetrappa og skyte heroin.» Naudetatane har ikkje kapasitet til å hjelpe dei som er så rusa at dei sovnar i trappene våre. Ho eine som stadig flyttar inn i blomsterbedet mitt seier at ho kjenner seg trygg her, blant liljekonvallar og stemorsblomar. Vi har alle direktenummer til Open russcene-gruppa i Politiet lagra på mobilen. Vi sender meldingar om tendensar: om narkotikahandel, valdsepisodar og nye «sprøyterom». Politiet har sjeldan ressursar til å rykke ut når krisen oppstår.

«Her», fortel guidane, «bur det faktisk vanlege folk i desse tronge smaua i desse små trehusa.» «Her,» tenkjer eg, «sniffar vi etter svidd lukt kvar kveld før vi legg oss, for brenn det hos ein, så brenn det hos alle.» Lille Øvregaten vel var med på å utarbeide Brannsikringsplan for tett trehusbebyggelse for tre år sidan. No finn ingen pengar til sikringstiltaka. Heroinistar vert oppmoda til å røykje stoff for å sleppe problema knytt til injeksjon. Fleire gongar har det vore brukt open eld oppetter husveggane, gjerne ved bosspanna. Vi ser at fleire av dei talrike hybelhusa har svært dårleg branntryggleik. I Lille Øvregaten ber vi nattbøner til Bergen brannvesen og vindtilhøva.

«Her», fortel guidane, «er ein av byens tre stjernemagnoliaar. Vakkert, er det ikkje?» «Her», tenkjer eg, «jobbar nabokjerringa ustanseleg dugnad for å gjere det hyggeleg. To gongar i veka dyttar ho heim att dei svære bosspanna for næringsdrivande som omset for millionar. Det er berre takka vere ho at folk får lyst til å sette seg under magnoliaen. Og det huset der brann forresten nesten ned i fjor.»

Les også

I 20 år har Edda gitt prostituerte en trygg seng

I vår fekk Lille Øvregaten vel endeleg gjennomslag for å lage nabolagshage i Latinskulehagen, som dessutan må haldast lukka fordi rusmiljøet brukar den til deponi og opphaldsrom. Det tok tre år å få ja frå kommunen. No får vi ny samlingsarena for narkomane over gata.

«Her», fortel guidane, «budde byens siste bøddel.» «Her», tenkjer eg, «er bebuaren i ferd med å flytte etter tretti år i gata, fordi han ikkje orkar meir.»

Denne bydelen, med gamle, rare hus som krev evig vedlikehald, er heilt avhengig av faste bebuarar som steller med og lever i og utanfor heimane sine. I min barndom, for tjue år sidan, hang ungane i gata. Vi hadde oppvisningar og leikte ring-på-spring. I dag flyttar dei fleste barnefamiliar. På Christi Krybbe fortel dei at somme born er redde på skulevegen på grunn av openlys rus. Turistane spør korleis det er å bu her.

Les også

BT20: Frå heroin til metadon – korleis har det gått?

Hadde de spurt, Evangeliesenteret, kunne vi fortalt dykk alt dette. Vi kunne forklart dykk at nabolaget vårt har nådd sin tolegrense for brann, boss og rus. Her i Lille Øvregaten vert det nok vanskeleg å syne dei rusavhengige ein betre veg. Naboane, vi som bur her og så vidt held dette området flytande, er utslitne og i ferd med å gje opp. Dette kan ikkje Bergen vere kjend med. Mellomalderbyen skal jo vere vår stoltheit! Turistane vil jo sjå det gode livet! Er det verkeleg dette som skal verte verdsarv?

Dette innlegget handlar ikkje om dei narkomane. Vi kan ikkje halde fram med å piske dei rundt i byen, dei må få reell hjelp. Vi må leite etter metoden som fungerer heilt til vi finn han. At Evangeliesenteret ønskjer å hjelpe, er strålande. Bymisjonen og fleire andre gjer allereie ein uvurderleg innsats. Men alt kan ikkje finne stad på Damsgård og i Vågsbunnen. Det er direkte usosialt av myndigheitene å akseptere denne utviklinga.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg