Kven kan krangle med statistikken?

Det er lett å få statistikk til å sjå ut som om dei støtter deg dersom du er litt sleip.

POPULÆR: Sjølv om reklama skryt av at Tesla er meir populær enn før, kan vi ikkje seie at teslaen kjem til å utkonkurrere alle andre bilmerke med det første, skriv innsendar. Bjørn Erik Larsen (arkiv)

Debattinnlegg

Elin Monstad
PhD-kandidat, Institutt for samanliknande politikk, UiB

Her nyleg fortalte sonen til ei venninne meg at Tesla er den aller vanlegaste personbilen i Noreg. Faktisk er det slik at dei aller fleste biler som køyrer på det norske vegnettet er Teslaer, kunne han opplyse meg om.

Eg må innrømme at eg blei litt overraska, spesielt sidan det ikkje såg ut til å stemme det minste med det vi såg ut av bilvindauget på vår ferd sørover frå Bergen. Løysinga var openberr: Eg hadde ikkje kikka godt nok etter.

Vi bestemte oss for å telje. Kor mange teslaer såg vi, og var det fleire av dei enn av alle andre biler til saman? Av praktiske omsyn gjekk vi inn for å telje berre parkerte biler, sidan ingen av oss er raske nok til å notere ned alle passerande biler på E39. Etter å ha talt oss gjennom alle bilmerka på eit par parkeringsplassar, blei det rett nok nedlagt veto frå sjåføren mot å fortsette, men vi fekk likevel eit ganske anstendig samanlikningsgrunnlag.

Det viste seg raskt at sjølv om teslaen unekteleg er populær, så er det likevel ikkje slik at over halvparten av alle bilane vi fann var av det merket.

Offisiell statistikk støtter funna våre. Opplysningsrådet for Vegtrafikken melder at Tesla var på 17. plass blant dei mest populære nye bilane i 2015. Samtidig viser Statistisk sentralbyrå at bilmerket ikkje eigang er med på lista over dei tretti mest vanlege å eige same år. Informasjonen vår var altså heilt fullstendig gal.

Korleis kunne vi ha tatt så feil? Den opphavlege påstanda viste seg å vere basert på ein reklame som skrøyt av at Tesla var meir populær enn den hadde vore før. Tala ovanfor ser jo ut til å støtte det, og ein kan fint sjå for seg at det er visse område der det i avgrensa periodar faktisk har vore den mest selde bilen. Men vi kan likevel ikkje seie at teslaen kjem til å utkonkurrere alle andre bilmerke med det første.

Strengt tatt var det ikkje veldig viktig for nokon av dei tre av oss som var i bilen kva merke vi møtte flest gonger. I mange andre situasjonar vil det derimot ha utruleg mykje å seie kva du baserer oppfatningar og meiningar på.

Mange, meg sjølv inkludert, baserer seg i stor grad på ting vi har høyrt og som høyrest tilforlatelege ut. Nokon gonger vil vi sjekke med statistiske kjelder, som for eksempel Statistisk sentralbyrå og liknande. Å ha tal på ting og statistikk å støtte seg på gjer inntrykk av at ein har noko å slå i bordet med. For kven kan krangle med statistikken?

Mange, viser det seg. Med god grunn. Ikkje alle tal er like mykje verdt. Det florerer av dårleg statistikk, og direkte misvisande eller tåkeleggjande informasjon er så lett å finne at ein kan bli mest freista til å gje opp heile greia.

Les også

Da statistikk ble sexy

Det som er viktig, er at ein får informasjon ein kan stole på dei gangane ein undersøkjer, og at dei opplysningane ein ser har ei meining, er lett å forstå. At dette absolutt ikkje alltid er tilfellet, ser ein raskt ved for eksempel eit kjapt nettsøk på likestilling, ernæring, innvandring, skatt, eller eit kva som helst anna omdiskutert tema. Alle posisjonar har sine medfølgjande grafer og statistiske grunngjevingar, og fleire av dei er direkte motstridande.

Dette skuldast ofte ein kombinasjon av to ting: Dårleg datagrunnlag og feilrepresentasjon av data. Det er utruleg enkelt å samle inn statistikk som viser det du vil vise. Det er tilsvarande lett å få ting til å sjå ut som om dei støtter deg dersom du er litt sleip i val av tidspunkt informasjonen gjeld for, plassen du har henta ut informasjonen frå, eller grafikken du bruker til å få fram poenga dine.

For eksempel kan eg, med SSB og NRK på mi side, informere om at Noreg kjem til å huse nesten femten millionar islendingar innan 2024, dersom utviklinga 2005–2009 held fran i same spor. Korleis?

I 2009 var det fem gonger så mange islendingar i Noreg som i 2004. Ei enkel femdobling kvart femte år viser poenget. Hadde eg gått for tala for Rogaland eller Sogn og Fjordane, hadde det vore enno meir dramatisk, for dei opplevde begge ei tidobling.

Les også

Hvorfor er ikke kritisk tenkning like viktig som å lese, skrive og regne?

Men sjølv for den ærlegaste personen i verda er det å bruke statistikk komplisert. Uansett kor heiderleg du er i kva du viser fram og korleis du skildrar det, så er du avhengig av å ha ordentleg informasjon å gå ut ifrå. Det er ikkje alltid like enkelt.

Ein ting er at du faktisk må ha tal om det du er interessert i å snakke om. Det er absolutt ikkje slik at det du er interessert i, er mogeleg å få tak i. Ei heller kan du vere sikker på å finne tal for den plassen eller den tida du vil vite noko om.

Islending-eksempelet ovanfor har tal i ein femårsperiode, men eg kan ikkje seie noko om korleis det har utvikla seg i ettertid. Sjølvsagt kan eg kome med meir eller mindre kvalifiserte gjetninger, men for at dei skal vere verdt noko, må dei vere basert på faktisk kunnskap om feltet.

Dessutan må du vere sikker på at tala viser det du trur dei viser. Vil eit oversyn over talet på selde teslaer gje god informasjon om kor mange bilar du kan sjå i eit gitt område? Det er ikkje sikkert, i alle fall så lenge du ikkje veit kor mange som er selt til utleigefirmaer, kor mange som til kvar tid har tatt med bilen på reise, og kor mange som først og fremst brukar han til pynt i oppkjørselen heller enn å køyre noko særleg rundt med han.

Slik er det også for anna informasjon. Betyr desse tala det du trur dei gjer, og korleis kan du vere sikker på det? Det aller meste er meir komplisert enn det ser ut til, og ting vil uvegerleg endre seg med tida og variere frå plass til plass.

All informasjon som baserer seg på oppfatningar, meiningar og eigenrapportering, vil måtte bringe med seg spørsmål om i kor stor grad folk hugsar rett, om dei forstår spørsmålet, om den som har samla inn informasjonen skjønte svaret, kven det er som har svart og når, og ein mengde andre element.

Sjølv tilsynelatande heilt nøytral og objektiv informasjon krev at du faktisk sett deg inn i kva det er som eigentleg blir vist. I dette tilfellet var det ikkje så viktig, for vi var begge einige om at Tesla er ein stilig bil uavhengig av kor mange av dei som passerer oss på vår tur sørover. Men i mange tilfelle vil feilaktig eller misforstått informasjon om ting som faktisk betyr noko, leggje grunnlaget for mistolkingar, dårleg kunnskap og val tatt på heilt feil grunnlag. Ingenting er så enkelt som det først ser ut.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg