Hyklerisk om fødselstala

DEBATT: Regjeringa skjønar ikkje bæret. Dei brukar skattekroner på å setje i gang ei ekstern utgreiing som skal sjå nærare på kvifor vi får så få born i dette landet. Alvorleg talt.

FØDSELSTAL: Regjeringa og vi andre burde starte heilt enkelt med å sjå oss sjølve i den politiske spegelen, skriv Kjersti Toppe. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

  • Kjersti Toppe
    Stortingsrepresentant (Sp)
Publisert:

Det var haust, onsdag og spørjetime på stortinget. Statsminister Solberg svarte på spørsmål frå KrF om barnetrygd og låge fødselstal. Det var då det skjedde. Erna svara at ho ville vurdere å auke barnetrygda frå og med tredje barnet. Eg sperra auga opp. Når statsministeren vurderer auka trygd til barnerike familiar, så har det skjedd ei endring. Det viktigaste er ikkje pengane. Men signalet. Ei ny og positiv haldning. Respekt. Kva skjedde?

For barnerike familiar har ikkje akkurat vore politisk populære dei siste åra. Barnetrygda, det viktigaste økonomiske tiltaket for familiar med stort omsorgsansvar, er over år svekka. Før blei barnetrygda auka frå og med barn nummer tre. For det er godt kjent at familiar med mange born har auka risiko for å oppleve barnefattigdom. Det seier seg sjølv. Men søskentillegget blei redusert i 1999 med utviding av barnetrygda til 18 år. Sidan blei søskentillegget i barnetrygda heilt fjerna av Stoltenberg 1 regjeringa. Faktum er at ein politisk, år etter år, har stramma og kutta i støtteordningar for dei barnerike familiane.

For ikkje å snakke om ordningar for barnerike familiar med uføre foreldre. Dagens regjering har nyleg , med støtte frå KrF, kutta i barnetillegget i uføretrygda. Slik at ingen barnefamiliar med uføre foreldre kan få meir i trygd enn det dei ville fått i lønsutbetaling.

Men kva er eigentleg problemet? Skal verkeleg fattige born med mange søsken bevisst brukast som « tiltak»for å få uføre, lågtlønte foreldre ut i jobb? Kva er det for eit signal? Måten ein behandlar dei mest sårbare barnefamiliane på, fortel alt. Dei politiske signala er ukloke og sårande.

Men brått meiner dei same partia som har kutta i desse støtteordningane at færre barnerike familiar og derav låge fødselstal er eit samfunnsproblem. Barneminister Helleland har omtala utviklinga som ein trussel mot bærekrafta i velferdssamfunnet. Erna Solberg snakka om det same i nyårstalen sin.

Les også

BT på lederplass: Politikerne kan gjøre mer for å støtte familier som ønsker flere barn

I 2017 sank nemleg fødselstala i Norge til rekordlåge 1,62 barn per kvinne. Fødselsoverskotet er no det lågaste målt på 33 år. Tala viser at kvinner venter lengre med å få sitt fyrste barn. Færre får tre eller fleire born. Regjeringa meiner at dette er så alvorleg at dei har sett ned eit offentleg utval. Når ei regjering set ned eit utval, er det alvor. Då veit dei enten kva problemet er, eller ikkje. Eg veit ikkje om eg skal le eller grine.

Regjeringa skjønar ikkje bæret. Dei brukar skattekroner på å setje i gang ei ekstern utgreiing som skal sjå nærare på kvifor vi får så få born i dette landet. Alvorleg talt. Regjeringa og vi andre burde i staden starte heilt enkelt med å sjå oss sjølve i den politiske spegelen.

For sjølv om årsakene er samansette, er det nokre opplagte grunnar til at færre vel å få mange barn, og at unge under utdanning vil unngå å bli foreldre. Den mest opplagte grunnen er at ein politisk har lagt til rette for nettopp ei slik utvikling.

Den er ønska. Vi vil at unge tek utdanning. Vi vil at foreldre arbeider. Unge utan arbeidsinntekt er ikkje prioritert i foreldrepengeordninga. Nyleg løyva stortinget 10 millionar kroner til gratis prevensjon til kvinner i tjueåra. Samstundes som det kuttast i støtta til barnerike familiar. Eg er sjølvsagt inhabil så det rekk. Men eg klarar ikkje la vere. Før var det gjerne aleinemødrene som fekk svi. No er det greitt å stramme inn ovanfor familiar som ikkje har «kontroll» på kor mange ungar dei får.

Les også

Statsministeren bekymret over lave fødselstall, ber nordmenn lage flere barn

Signalet frå politisk hald har vore beinhard. Ingen skal «tene» på å få mange born. Sjølv om ingen sjølvsagt vil klare det, uansett. (Born er isolert sett eit økonomisk tapsprosjekt, tru meg) Alle foreldre må sjølvsagt klare å stå i arbeid. Mange born er ikkje noko unntak for det. Tredeling av foreldrepermisjonen har jo dette som formål . Arbeidslinja er viktigast. Barselomsorga er også under press. Fødsel og barsel er ein naturleg ting, difor kuttast liggetid på sjukehus etter fødsel til nokre timar. Men kor blei solidariteten med barselkvinnene av? Med barnefamiliane? Må det ikkje ein landsby til for å oppdra eit barn?

Skal vi klare å lage ein kultur for at det blir fleire som kan tenke seg å få barn tidleg, og få fleire barn , så må staten vere på tilbodssida. Men med kutt i barntillegget i uføretrygda og søskentillegget i barnetrygda, skin det alt for godt igjennom ei heilt anna haldning. Ei haldning der den rike velferdsstaten vår har framstått lite raus og sett på barnerike familiar meir som ein byrde, enn som ein styrke.

Og akkurat det, det treng ein aldeles ikkje setje ned eit offentleg utval for å forstå. Høyrer du, Erna?

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg