Nøkkelbarna

Livet som nøkkelbarn gir dei eit kjærkome pusterom.

FRISTUND: Huset utan vaksne kan vere ein oase for ungane, skriv Hege Rognøy Fossåskaret. ILLUSTRASJON: NHU DIEP

  • Hege Rognøy Fossåskaret
    Trebarnsmor og tidlegare nøkkelbarn, Løvstakksiden

«Hei, det er fru Andersen som ringjer. Nå er dei i gang igjen her utanfor, og dei gir seg vel ikkje før dei knuser ei rute. Kan du be dei slutte?» Eg kjenner eit stikk av dårleg samvit. Eg er på jobb og skal vere der ei god stund enno. Ungane er heime åleine, i fri flyt utan tilsyn og tilrettelagde aktivitetar. Og nå må gamle fru Andersen gripe inn. For ei skam.

Det var langt mellom nøkkelbarna i nabolaget då fru Andersen var ung. Då var det mødrer i kvart kjøkkenvindauge som kunne rope ut med fast stemme at ungane skulle gi seg med ballspelet mens leiken var god.

Sjølv var eg ein av dei som gjekk med husnøkkelen om halsen. Hos venninnene mine var mødrene alltid heime, husa var alltid ryddige, og middagen stod klar på bordet når «han far» kom frå arbeid. Likevel var det heim til meg me gjekk etter skulen. Huset var stort og tomt og litt kaldt å låse seg inn i. Men det var der me ville vere. Åleine på eit gult kjøkken med blomstrete tapet og lyse knekkebrød frå Wasa. Eg kan framleis kjenne den knasande smaken av brunost og valmuefrø og den gode følelsen av fridom.

Eg flytter telefonen til andre handa og kjem til å tenkje på den dagen sonen min skulle gå heim åleine frå skulen første gongen. Det var ein stolt og spent gut som gjekk heimanfrå. Den nye nøkkelen blenkte på bringa. Ikkje lenge etter skuleslutt byrja storesystera, som venta heime, å bli uroleg og gjekk for å møte han langs vegen. Straks han såg henne, ropte han i sinne og vifta henne bort: «Gå vekk! Ikkje kom og hent meg! Eg skulle jo gå heim åleine!»

«Me kvir oss ikkje akkurat til du skal kome heim, men det er herleg å ha huset for seg sjølv ei stund,» svarer ungane mine då eg spør korleis dei synest det er å vere åleine heime kvar dag.

Same svara fekk sosiolog Brita Bungum då ho i 2008 intervjua barn i familiar der både mor og far var i full jobb, om korleis dei opplevde timane utan foreldre. Bungum fann ingen triste og einsame nøkkelbarn. Tvert imot kjente barna i studien seg store og stolte når dei fekk ha regien over seg sjølv nokre timar på ettermiddagen. Tida utan vaksne var eit kjærkome pusterom.

Les også

17 bisarre ting småbarnsforeldre gjør

Foreldre i vestlege land blir stadig meir opptatt av barnas sikkerheit i det offentlege rom, og barnas kvardag blir i større grad avgrensa til spesielle aktivitetar og lokalitetar som kan vere under konstant overvaking og kontroll av vaksne. Kanskje er det slik at denne tida etter skulen, utan vaksne til stades, representerer et lite frirom i ein barndom som stadig blir meir organisert og styrt av vaksne.

Tanken streifar meg: Fyller me kveldane med organiserte fritidsaktivitetar for å kompensere for timane då ungane er åleine med knekkebrødet? Er det av omsut for barna eller for mitt omdømme som mor at eg avbryt leiken i gata for å ta ungane med på kulturskule og idrettslag? Rett nok var dei gamle nabodamene mine heime då ungane kom frå skulen, men dei hadde ikkje almanakken full av treningstider, handballkampar, konsertar og juleavslutningar.

Eg takkar fru Andersen for at ho ringde, senkar skuldrene og lar skamkjensla fare. Huset utan vaksne og tida utan timeplan kan vere ein oase for ungane. Dei lærer å meistre på eiga hand, dei hjelper kvarandre, dei kranglar og vert vener igjen, og dei lærer seg å finne det som måtte vere av god mat i huset. Og heldigvis har me framleis nabokoner som bryr seg når det trengst.

Teksten blei først publisert i magasinet Barn i Byen.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg