Nettrollet er eit såra lite barn i ein vaksen kropp

DEBATT: La oss forvandle nettroll til lykketroll!

FRAM I LYSET: Netttrolla treng å bli sett. Dei treng anerkjenninga vår, skriv innsendaren. ILLUSTRASJON: SHUTTERSTOCK/NTB SCANPIX

  • Anette Lauareid Hovda
    Medeigar og dagleg leiar i Småfolk barnehage AS
Publisert:

Når eg les kommentarfelt som er gjennomsyra av hets og negativ ordlyd, så tenkjer eg at det er eit såra lite barn som skriv. Eit såra lite barn i ein vaksen kropp, som er blitt forvandla til eit nettroll. Det er tydeleg at menneska bak desse innlegga har djupe sår i livet sitt. Dei har det vanskeleg, tenkjer eg.

Eg kjenner eg får umiddelbar empati med desse menneska. Eg kan velje å skrolle vidare og ikkje la desse kommentarane sette seg fast. Men dei som skriv slikt, lever jo 24 timar med seg sjølv. I ein kropp med mykje frustrasjon og sinne, vil eg tru?

Eg er ganske sikker på at den indre hetsen mot dei sjølv er like stor, og kanskje større, som den ytre hetsen dei vel å uttrykkje mot andre. Ingen fortener slik hets, korkje den som angrip eller den som blir angripen.

Det er viktig å setje dette problemet på dagsorden. Ytringsfridom står svært sterkt i landet vårt. Men fleire unngår å ytre seg i frykt for å bli angripen i eit kommentarfelt. Å ha nettaviser og sosiale medium som opnar for at folk kan engasjera seg i saker i kommentarfeltet, er i utgangspunktet heilt fantastisk. Men når såra vaksne set seg ned med tastaturet og lar all sin frustrasjon få utløp gjennom dei verst tenkjelege ord og setningar, då er ikkje kommentarfelta så fantastiske lenger.

Les også

BTs Frode Bjerkestrand: 6 overlevelsestips for deg som skal debattere på nettet

La oss brette opp ermene og gjere ein innsats for å redusere nettrolla. Korleis? Jo, eg vil utfordre næringslivet. Set temaet på dagsorden ute i bedriftene. Mange av menneska bak dei negative kommentarane, er sikkert tilsett i ein bedrift. Og bedrifta er avhengig av positivitet og god lagånd for å kunne levere best mogeleg kvalitet til kunden.

Så kom an, gode kollegaer der ute i næringslivet: La oss arbeide for eit meir hjartevarmt samfunn, der me byggjer kvarandre opp. Vår stemme er viktig, og den vil skape endring. Og sjølvsagt det aller viktigaste: At me er gode førebilete, startar med oss sjølv og ser på eigne haldningar i møte med folk og kva vi gjer på sosiale medium.

Eg tenkjer at nettrolla treng å bli sett. Dei treng auga våre. Anerkjenninga vår. Dei treng å bli møtt med undring og ikkje dømming. Og dei treng nye verktøy i den stusslege verktøykassa si. Det er ei investering i våre medarbeidarar som vil setje spor.

La oss forvandle gråstein til gull, la oss forvandle nettroll til lykketroll!

Har du meiningar? Send oss ei e-post. Følg BTmeninger på Facebook!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg