«Nyt denne tida» sa dei. «Hald kjeft» tenkte eg.

DEBATT: Å vere svangerskapsdeprimert er faktisk noko. Og det kan skje kven som helst.

VANSKELIG: Det er ikkje lett å bli mamma når du og kjenslene dine ikkje passar inn i forventningssamfunnet, forteller Marte Leirvåg. Privat

Marte Leirvåg
Bystyrekandidat, Bergen Høyre

Marthe Austegard skildrar noko veldig mange av oss opplev som følgje av å bli mor. Det må vi snakke meir om. Og fleire skildringar må få kome fram.

Dei fyrste seks månadane etter fødselen kjende meg mislykka. Då eg byrja på jobb igjen, såg eg sonen min og pappaen utvikle forholdet eg aldri klarte.

Det byrja i graviditeten. Hormon tok overhand. Eg ville vere mest aleine, minst i lag med andre. Eg tenkte heile vegen at det kom til å endre seg. På eit tidspunkt måtte vel eg også føle det alle andre gjekk og prata om?

Det sleit på parforholdet og det sleit på dei andre forholda til vener og til familie. Skulle det verkeleg vere så tungt å gå gravid?

«Nyt denne tida, det er den siste åleinetida på lenge». «Hald kjeft», tenkte eg berre. Når babyen kom skulle eg endeleg få kjenne meg «normal» igjen. Med vanlege kjensler.

Slik vart det ikkje.

Eg hadde sjølvsagt altfor store forventninga til både fødsel og morsfølelsen. «Den kjem av seg sjølv når du får barnet i hendene for fyrste gong». Nei, det gjorde den ikkje.

Les også

«Har du tanker om å skade deg selv eller babyen?» «Ja.»

Ammeproblem, inn og ut av ammeklinikk, ein baby som gret og gret og aldri sov. Lange periodar åleine. Svigerforeldre og foreldre som hjelpte til så best dei kunne. Men det var jo ikkje åleinetid som var behovet.

Eit halvt år seinare kunne eg endeleg puste letta ut på jobb. Pappaen tok over. Etter berre kort tid utvikla dei det forholdet eg alltid hadde sett føre meg at eg og sonen min skulle få. Problemet var at det kom aldri. Ikkje før det hadde gått nærmare eit år og eg endeleg fekk greie på kva som var det eigentlege problemet: Å vere svangerskapsdeprimert er faktisk noko. Og det kan skje kven som helst.

Det gjekk for lang tid før eg forstod problemet. Eg hadde for lenge dårleg samvit for alt eg ikkje gjorde, for at eg vart sint på ein baby som ikkje kunne noko for at han gret. Eg får vondt av å skrive dette – og eg tenkjer ofte på alt eg gjekk glipp av den fyrste, fine tida. Tida alle var så oppteken av å understreke at vi aldri fekk igjen.

Det er ikkje lett å bli mamma når du og kjenslene dine ikkje passar inn i forventningssamfunnet. Det er ikkje enkelt å byrje på jobb og innsjå at det neste året skal dreie seg om dårleg samvit. Det gjer det framleis, men heldigvis har vi klart oss, alle tre. Og heldigvis forstod pappaen kva som skjedde, tok ansvar og sørgja for at eg fekk bli den mammaen som sonen vår hadde behov for.

Han let meg kome dit i eige tempo. Det er eg evig takksam for i dag.

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg