Stopp verda, Høgre vil av

DEBATT: Det er utruleg skuffande å sjå at Høgre no snur ryggen til framtida.

FEILSPOR: Høgre-toppane i nye Vestland er på alvorleg feilspor når dei trur meir oljeboring i våre mest sårbare havområde er vegen mot framtida, skriv Alfred Bjørlo (V). Fred Ivar Utsi Klemetsen

Debattinnlegg

Alfred Bjørlo
Ordførar i Eid, Venstre

Venstre vil byggje eit nytt Vestland for ei grøn framtid. Då held det ikkje å drøyme seg tilbake til Rogaland på 1970-talet. Høgre-toppane i nye Vestland er på alvorleg feilspor når dei trur meir oljeboring i våre mest sårbare havområde er vegen mot framtida.

Inga politisk sak i vår tid er viktigare enn kampen for klimaet. Det krev at alle må bidra. Noreg må som eit land som har blitt rikt på den fossile gullalderen, no også ta eit leiaransvar i å syne vegen for verda vidare.

Det klarer vi, og det kan vi til og med tene oss rike på. Ikkje minst på Vestlandet. Den vestlandske tradisjonen er å sjå framtidsmogelegheitene – og gripe dei først av alle.

Dette er næringslivet på Vestlandet for lengst i gong med. Over heile Vestlandet veks det fram bedrifter, næringsklyngjer og bransjar som er leiande i det grøne skiftet. Bedrifter som nærast «ropar» etter at myndigheitene spelar på lag med dei i å stille tøffe miljøkrav – som gjer at deira teknologi raskt kan finne nye marknader og lønsemd.

Les også

Høgre i Lykkeland

Store Vestlands-bedrifter som Fjord1 er heilt tydelege: Still krav – ver politisk tøffe i å krevje overgang frå fossile løysingar til nullutslepp – kombinert med gode rammevilkår for ny miljøteknologi. Vestlands-næringslivet kan levere ei grøn framtid raskare enn nokon ser for seg – det er først og fremst den politiske viljen og evna det står på.

Venstre har vore ein pådrivar i å leggje til rette nasjonalt for det grøne skiftet – i eit fleirtal der Høgre også har teke del. Vi har vore krystallklare på at vi skal over til nullutslepps-samfunnet, vi har gitt skattelette, klimafond og auka tilgang til risikokapital for næringslivet for å hjelpe dei på vegen – og samtidig gjort det heilt klart at det er uaktuelt å opne våre siste, mest sårbare havområde for boring etter fossil olje og gass.

Det er utruleg skuffande å sjå at Høgre i nye Vestland – i staden for å halde stø kurs framover mot nullutsleppssamfunnet – no snur ryggen til framtida. Høgre-toppane i nye Vestland vel utruleg nok å innleie valkampen med å drøyme seg tilbake til ei fossil fortid, og utfordre Arbeidarpartiet til ein versting-konkurranse om kven som er aller mest for å setje opp oljeplattformer i våre mest sårbare havområde i nord.

Dei om det. Høgre er eit konservativt parti, og konservatisme er å prøve å bevare fortida lengst mogeleg.

For veljarane i nye Vestland trengst ein grøn næringspolitikk som peikar framover – som set klimaet først og er krystallklar på at framtida er fossilfri.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg