Yrkesfag er blitt den «dumme» utdanninga

DEBATT: Vi har alle ein jobb å gjere for å stoppe nedsnakkinga av yrkesfag.

VIKTIGE JOBBAR: Utan yrkesfag hadde vi ikkje hatt vegar å køyre på eller hus å bu i, skriv innsendaren, som meiner det er på tide å snakke opp desse faga. Foto: Svein Erik Furulund, Aftenposten (illustrasjonsfoto)

  • Kristoffer Rye
    Elektrikar, Bergen
Publisert:

Er du skulelei og i samtale med rådgivar på ungdomsskulen? Ja, då blir du mest sannsynleg råda til å søkje deg inn på yrkesfag på vidaregåande. Må vi heilt tilbake til ungdomsskulen for å finne ut kvifor yrkesfag blir sett ned på? Ein skulle nesten tru at yrkesfag er blitt ein bås, der vi plasserer alle dei som ikkje er gode nok til ein bachelor. Kanskje ikkje så rart at yrkesfag har fått slik ein låg status?

Allereie frå dei er tidleg i tenåra, blir mindre flinke elevar tilrådd å søkje seg inn på yrkesretta linjer på vidaregåande. Dette blir ofte forklart med at karaktersnittet på yrkesfag er lågare, og det er ikkje så vanskeleg i forhold til studiespesialiserande. Har du derimot gode karakterar, er sjansen stor for at du blir anbefalt å søkje deg inn på studiespesialiserande. Ein kan bli fortalt at det er viktig å ikkje kaste vekk gode karakterar og motivasjon ved å velje yrkesfag. Her har vi alle ein jobb å gjere for å framsnakke yrkesfag og alt det har å tilby.

Yrkesfag blir nok ofte sett på som ubetydelege jobbar som «alle» kunne klart, med eller utan utdanninga til yrket. Dette kan eg som fagmann seie er heilt feil. I likskap med andre utdanningar, har yrkesfag lover, regler og retningslinjer for kvalitet og etikk. Jobben som kvar dag blir utført av fagarbeidarar, er viktig. Utan yrkesfag hadde vi ikkje hatt vegar å køyre på, hus å bu i eller straum til dei elektriske ferjene.

Ifølgje SSB vil vi ha stor mangel på fagfolk i åra som kjem. I vårt fagfelt er arbeidsinnvandring til stor hjelp, sidan vi ikkje utdannar nok fagfolk sjølv. Det vi må passe på, er at løns- og arbeidsvilkåra ikkje blir pressa ned på grunn av utanlandsk arbeidskraft som er vand med lågare løningar frå heimlanda sine.

Det er mange positive sider ved å velje yrkesfag. Det er eit kort utdanningsløp med løn under utdanning. Mogelegheiter til etterutdanning er gode. Du har òg ein sentral rolle i det grøne skiftet, som blir viktig i mange tiår fram i tid. Du kan også ta høgare utdanning med blant anna linjer som er retta mot fornybar energi.

Vi har alle ein jobb å gjere for å stoppe nedsnakkinga av yrkesfag. Mannen i gata, rådgivarar på ungdomsskulen, foreldre og våre folkevalde politikarar, for å nemne nokon. Mogelegheita for å påverke miljøet i framtida og vere med å byggje Norge, er ein jobb det står respekt av. Alle i Noreg treng ikkje å bli akademikarar berre fordi vi har mogelegheita til det.

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg