Ta ordet, kvinne!

Vi må tørre å ikkje alltid ha rett.

Publisert:

GJERE DET SJØLV: Media kan gjere noko, men mest av alt kan vi kvinner gjere det sjølv og stå fram med meiningane våre, skriv Marte Leirvåg (bilete). Foto: Bård Bøe (arkivfoto)

Debattinnlegg

Marte Leirvåg
Bystyrekandidat, Bergen Høyre

I 2014 skreiv eg eit lesarinnlegg til Bergens Tidende fordi debattleiar Liv Skotheim melde på Twitter at avisa sakna kvinner i den offentlege samfunnsdebatten. Innlegget handla om at ein burde senke forventningane til seg sjølv, og med utgangspunkt i eigen evaluering av deltaking på Universitetet i Bergen fann eg at eg hadde stort forbetringspotensial. Eg ville meine for å få fleire til å meine. Men framleis er kvinner underrepresentert i media, i samfunnsdebatten og i politiske parti.

Skeiv kjønnsrepresentasjon i media kan vere eit demokratisk problem, ifølgje forskarane Elisabeth Eide og Kristin Skare Orgeret. Dei meiner at redaksjonar som har eit bevisst forhold til kvinners representasjon i både artiklar og lesarinnlegg, bidreg til å lyfte talet på kvinner i media.

Samtidig må også kvinnene sjølv ta ansvar og stå fram. Det finns forsking som seier at kvinner vegrar seg meir enn menn for å stå fram med meiningane sine i offentlegheita. Den same forskinga viser også at kvinner i større grad enn menn er redd for å såre andre.

Les også

Når debatterte du sist, helt åpent og offentlig? - Kvinner må drite mer i det

Kvifor er det eit demokratisk problem? Fordi fleire typar marginalisering ofte heng saman. For eksempel kjønn og klasse, eller kjønn og etnisitet. Forskinga som er nemnt ovanfor, syner også at minoritetskvinner spesielt blir utsett for hatefulle ytringar, og dermed også vegrar seg i større grad enn menn og majoritetsbefolkninga for å ytre seg. Då får vi ikkje ein debatt som syner mangfaldet av meiningar i samfunnet.

Statistisk sentralbyrå kan bekrefte det same: Eit velfungerande og inkluderande samfunn må ha ein deltakande befolkning. Sjølv om deltaking og inkludering er vide omgrep, er poenget at vi må auke talet på kvinner i debattsidene i landets mange aviser.

Levekårsundersøkinga til SSB frå 2011 viser at dobbelt så mange menn som kvinner har skrive innlegg i ei avis eller eit tidsskrift for å påverke ein sak. Det einaste kvinner gjer meir av enn menn i same undersøking, er deltaking i lovlege demonstrasjonar.

Kva kan vi gjere for å auke andelen? Vi kvinner må ta ordet. Skrive og meine. Kvinner er i mykje større grad i dag enn tidlegare representert i både høgare utdanning, i leiande stillingar og har meir ansvar enn før.

Vi skulle tilsynelatande også ville meine meir om desse områda vi utdannar oss innanfor og jobbar med. Vi hadde for eksempel ikkje hatt den storstilte barnehageutbygginga og den gode foreldrepermisjonen om det ikkje var for at kvinner engasjerte seg i politikken, som den gong var særdeles mannsdominert.

Media kan gjere noko, men mest av alt kan vi gjere det sjølv. Og vi må tørre å ikkje alltid ha rett.

  • Inspirert? Skriv eit innlegg og send det til debatt@bt.no! Eller delta i debatten i kommentarfeltet under.
Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg