«Viss den levande Jesus som gjer død til liv og ein levande himmel etter døden er avskaffa i Den norske kyrkja, ynskjer eg å få det stadfesta av biskopen», skriv Randi Førsund i det tankevekkjande og utfordrande innlegget «Skammar prestane seg over evangeliet?» i BT 6. oktober.

Etter at ho mista mor si i sommar, har ho snakka med prestar om døden og om «kva som skjer når Jesus kjem tilbake». Men ho vart skuffa over deira reaksjon: «Eg kunne like gjerne spurt nokre av prestane eg snakka med, har du nokon gong sett eit spøkjelse? Så brydde var dei, som om eg gjekk innanfor intimsona deira. Slikt snakkar vi ikkje om».

No er det ikkje vanskeleg for meg som biskop å seie utan atterhald at Den norske kyrkja og vi som gjer teneste der ikkje skammar oss over evangeliet og framleis trur på det som står i den nikenske truvedkjenninga om Jesus: «Han (...) stod opp tredje dagen etter skriftene og fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Faderen, skal koma att i herlegdom og døma levande og døde, og hans rike skal vera utan ende.»

Derfor tykkjer eg det er leit at Randi Førsund ikkje opplever å ha fått tilfredsstillande svar på sine viktige spørsmål. Kan hende handlar dette om at både prestar og biskopar kjenner på ei viss famling og leiting etter dei rette orda når samtalen kjem inn på døden og det som ventar bortanfor grava. Det er mykje vi ikkje veit om det evige livet etter døden. Det vil vere noko heilt anna enn det vi kjenner til no, men ikkje mindre reelt, snarare tvert om.

Men noko veit vi, og det trur vi på, og det skal vi som prestar halde fram både sundag og kvardag.

Eg takkar Randi Førsund for innlegget og vil ta med meg hennar utfordring i samtalar med prestane og kyrkjelydane. Vi må bli meir frimodige og tydelege når vi forkynner evangeliet om det evige livet!

Førsund ber meg om å sette meg som mål å fylle kyrkjene i Bergen 1. påskedag, og det seier eg sjølvsagt ja til. Ho ber meg òg om å lage til ein Livets kafé midt i Bergen der det evige livet vert forkynt og der søkjande og truande kan stille spørsmål, kritiske og konstruktive. Eg er glad for å kunne seie at eit liknande forum for samtale finst allereie under vignetten «På troen løs» i Litteraturhuset. Der har vi enno ikkje tatt opp vona om det evige livet etter døden, men det bør vi nok gjere.