Det handlar faktisk om trafikksikkerheit

Ingenting tyder på at folk får meir, betre eller tryggare veg når ein flyttar ansvar bort frå Statens vegvesen.

Publisert: Publisert:

MOTSETT VEG: Med regionreforma vil politikarane slå saman fylkeskommunar for å få større einingar og større fagmiljø. Med Sams vegadministrasjon går politikarane motsett veg. Det er ein dårleg idé, skriv innsendar. Foto: Tor Høvik (arkiv)

Debattinnlegg

Henny-Kristin Asperanden Navarsete
Nestleiar NTL Veg (Norsk Tenestemannslag i Statens vegvesen)

Fylkeskommunane har i dag ansvaret for fylkesvegane etter veglova, men gjennom ordninga Sams vegadministrasjon brukar fylkeskommunane Statens vegvesen til å utføra dei fleste fylkesvegoppgåvene.

Ordninga har vore lovregulert i 125 år. Stortinget vedtok våren 2017 å overføre ansvaret for planlegging og drift av fylkesvegane frå Statens vegvesen til fylkeskommunane. Statens vegvesen kartla konsekvensane av ei slik flytting, og i rapporten «Frå sams og samling» kom det klårt fram at ei slik flytting vil føre til svekkja kompetansemiljø, auka administrasjon og auka kostnadar.

Rapporten har vore på høyring, det kom nesten 50 uttalar. Berre fylkeskommunane var positive til å flytte oppgåvene frå Statens vegvesen til fylkeskommunane.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane seier i eit intervju med NRK Sogn og Fjordane 18. september at Sams vegadministrasjon er ei særnorsk ordning, og at det vil gå fint å dele vegansvaret i Noreg slik ein gjer i andre land.

Eg registrerer at ho utan nærare konkretisering meiner at fylkeskommunen vil klare oppgåvene knytt til bygging, drift og vedlikehald av fylkesveg heilt fint. Eg registrerer derimot ikkje eit einaste fagleg argument frå Følling som tilseier at trafikantane får betre eller meir veg for pengane ved å flytta oppgåver frå staten til fylkeskommunen.

For at fylkeskommunane skal få meir makt, vil politikarane gjerne ha slutt på denne ordninga. Men for dei tilsette i Statens vegvesen handlar dette verken om makt eller status, det handlar om kompetansemiljø og trafikksikkerheit.

KRITISK: Henny-Kristin Asperanden Navarsete i Statens vegvesen. Foto: Trine Nylehn

Det kan vera vanskeleg å forstå kompleksiteten i oppgåvene som er knytt til bygging, drift og vedlikehald av fylkesvegane våre, men eg skal prøva å summera det kort:

  • 4000 hovud med ulik kompetanse leverer oppgåver innan bygging, drift og vedlikehald av fylkesveg i Noreg.
  • Berre eit fåtal av dei tilsette i Statens vegvesen jobbar berre med fylkesveg. Det viktige for Statens vegvesen er å finna gode trygge løysingar for trafikantane – uavhengig av om det er fylkes- eller riksveg.
  • Ulike fagområde jobbar saman for å finne gode og trafikksikre løysingar. Arbeidet skjer på kryss og tvers anten det gjeld fylkesveg eller riksveg; det er kvaliteten i arbeidet som er viktig.

Nullvisjonen for ulukker gjennomsyrer alt arbeidet i Statens vegvesen. Nye løysingar finn spire rundt eit lunsjbord der forskjellig vegkompetanse er samla, dei gode tankane vert vidareutvikla i meir formelle former seinare. For tredje år på rad er Noreg det landet i Europa med færrast trafikkdrepne justert etter folketal. Ei alvorleg ulukke er likevel ei for mykje.

Ei flytting av fylkesvegoppgåvene vil ikkje flytta arbeidsplassar frå Oslo til distrikta. Statens vegvesen er allereie lokalisert på over 100 stader i Noreg med fleire tusen kompetansearbeidsplassar i distrikta.

Med regionreforma vil politikarane slå saman fylkeskommunar for å få større einingar og større fagmiljø. Med Sams vegadministrasjon går politikarane motsett veg. Her vil dei trossa fagmiljøa og bransjen sine tydlege åtvaringar om at delinga vil føra til auka byråkrati, auka kostnadar og redusert kvalitet i oppgåveløysinga.

Av og til er det lurt å lytta til fagfolk. Dette er ein dårleg idé.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg