Sosiale media er bra for barna våre
Sosiale media har mange gode sider – og ei aldersgrense vil vere eit overtramp mot tenåringar sin rett til eit privatliv.
- John Magnus R. DahlUngdoms- og teknologiforskar, MediaFutures/UiB

Lærar og firebarnsfar Jarle Mong serverer i BT 16. mai ein krass kritikk og eit skremmande bilete av ungdoms liv framfor smarttelefonen – og krev at politikarane kjem på banen og innfører 16 års aldersgrense på sosiale media.
Eg er samd med Mong i at ein bør vere merksam på dei negative konsekvensane av skjermbruk, at ein ikkje skal vere så naiv at ein trur at tech-gigantane vil oss vel, og ikkje minst sluttar eg meg til oppfordringa hans om regulering.
Foreldre, og heller ikkje den einskilde lærar eller skule, skal ikkje på eigen hand måtte stå opp mot dei sterke kulturelle og økonomiske kreftene til Silicon Valley og Haidian.
Likevel er ikkje medisinen Mong føreskriv – aldersgrense på heile 16 år – rett veg å gå. Det byggjer på misforståingar og mytar om effektane av skjermbruk og om kva unge eigentleg gjer på smarttelefonen. Ikkje minst vil ei slik aldersgrense vere eit alvorleg brot på born og ungdoms rett til privatliv.
Mong sitt innlegg har den ganske bastante tittelen «Vi vet at dette [altså sosiale media og smarttelefonar] ikkje er bra for barna våre». Vel: Det veit me faktisk ikkje.
Eg har, i mitt profesjonelle liv som forskar og lesar av forsking, sett ingen overtydande studiar som etablerer ein generell årsakssamanheng mellom skjermbruk og/eller sosiale media og psykisk vanhelse. Tvert om er det ein del som tyder på det motsette.
Den beste studien eg kjenner til om norske barns skjermbruk, syner faktisk ein positiv samanheng mellom nettbruk og livstilfredsheit! Altså: Dei som er mest på nettet, er mest nøgde med livet.
Denne studien er utført med eit verkeleg godt statistisk handverk, noko som gjer den mykje betre og meir påliteleg enn dei aller fleste andre forskingsprosjekt på feltet. Særskilt korleis det er kontrollert for andre faktorar som kan påverke livstilfredsheit.
Det tyder ikkje at ein kan ta den til inntekt for at skjermbruk og sosiale media aldri kan føre til mistrivsel, til psykisk vanhelse, eller til konsentrasjonsproblem – og er ikkje eit argument for uavgrensa skjermtid korkje heime eller på skulen.
Først og fremst syner den at tilhøvet mellom skjerm, sosiale media og ungdomsliv er komplekst – og at det absolutt ikkje er sikkert at smarttelefonen er dårleg for barna våre. Tvert om har den mange gode sider.
16-åringen har lukket seg mer og mer for foreldra. Er det en guteting?
At Mong ikkje klarer å forstå kva desse gode sidene kan vere, kjem ganske tydeleg fram, og det er fordi han ikkje forstår kva unge faktisk gjer på smarttelefonen.
Innlegget hans startar med ei forteljing om korleis relasjonen mellom Mong og den eldste sonen hans forandra seg då 13-åringen fekk smarttelefon.
Medan Mong sin retoriske strategi truleg er å syne korleis den greie guten blei forvandla til eit vrangt og passivt teknologidyr, les eg dette som ein historie om ein far som vil kontrollere kva sonen gjer på telefonen heller enn å lytte og forstå.
Dessutan har han kanskje gløymt at vesleguten har blitt tenåring, og sikkert ikkje er så interessert i å følgje grenser, halde avtaler og dele ting med far sin som han var før.
Kor mykje tid brukar du på sosiale medium per dag?
Mong gjorde neppe dette av vond vilje – det er to ganske vanlege, velmeinande feil blant foreldre. Problemet med denne tilnærminga er at skjermbruk i seg sjølv blir eit problem, og ei årsak til konflikt.
I tillegg til å forsure relasjonen mellom barn og forelder, blir det nesten umogeleg å forstå verdien smarttelefonen har for tenåringane – noko som bør vere utgangspunktet for ein samtale om reglar og grenser kring skjermbruk.
Tenåringar er nemleg så opptekne av smarttelefonen sin fordi dei er ekstremt sosiale vesen, og ekstremt mykje av det sosiale livet deira skjer på nett. For nokon tenåringar eg sjølv har forska på, er internett ein fristad der dei kan vere seg sjølv og slepp unna ein krevjande skulekvardag og eit lokalsamfunn dei mistrivest i.
For andre – og mest truleg dei fleste – ligg nettet parallelt med skule- og fritidskvardagen deira: Dei lager avtaler med vener, deler artige reels og memer, og nokon lagar kult innhald sjølv som dei først og fremst syner til klassekameratane.
For nokon er altså smarttelefonen ein erstatning for å hengje med vener i den fysiske verda – men då er det ei naudsynt erstatning.
Det vanlegaste er derimot at det kjem i tillegg til fysisk sosialisering, og at det tenåringen gjer på telefonen, heng tett saman med venskap og kjennskap der ute «IRL».
Psykolog: «Ungdom får tvilsam helsehjelp fra Snapchat AI»
Å innføre ei aldersgrense på 16 år vil difor vere eit stort overgrep mot tenåringane sitt privatliv: Retten dei har til å velje vener, retten dei har til å bruke tid med venene sine, retten dei har til å halde ting hemmeleg for foreldra sine.
Dette er ein av rettane i barnekonvensjonen foreldre ofte sjølv bryt ved hjelp av ny teknologi (smartklokker med GPS, baby-bilete på Facebook) – så det er ironisk at mange også vil bryte den ved å regulere ny teknologi altfor strengt.
At 13-, 14- og 15-åringar bør få lov å bruke sosiale media relativt fritt, tyder derimot som sagt ikkje at ein skal gi opp alle freistnadar på grensesetjingar og reguleringar.
BigTech bør bli regulert meir enn no. Det er ingen grunn til å sleppe skjermbruken fri døgnet rundt, særskilt ikkje kring leggetid eller i skuletimane.
Aldersgrenser kan til og med vere eit godt verkemiddel i visse samanhengar, men for yngre born.
15-åringar har såpass stor rett på, og behov for, autonomi og privatliv, at forståing og samtale om dei gode – og dei dårlege! – sidene ved skjerm og sosiale medium heller er vegen å gå.