Du skal få sleppa dei ti gamle

Slik lyder det nye bodet.

Kåre Ness har henta fram ein gammal leveregel frå litteraturen.
  • Kåre Ness
    Lindås
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Det er Moses sjølv som legg fram det nye bodordet no tidleg på vårparten i det Herrens år 2023, og med melding om at dei ti er lagde på is inntil vidare.

Han minnest med blanda kjensler møtet med Herren den gongen på Sinai-fjellet, under overleveringa av steintavlene: Mørke skyer, lyn og tore, eit fæla spetakkel.

Flokken til Moses vart skaka, skalv av redsle, og fleire fall i uvit. Men der var ikkje noko val anna enn å tru på bodskapen som Moses sa var Herrens ord.

Folket gjorde so godt dei kunne, men ulike tolkingar i tidene som fylgde, gjorde det både vanskelegare og verre. Til sist vart det rett og slett for krevjande å følgja Herrens bod.

– Akk og ve, no skal du høyra! Det gjer meg vondt å medgje at Herren ikkje er allmektig, proklamerer ein trøytt og sliten Moses idet påskehelga står for døra. Hår og skjegg er lengre enn langt. Leten er gråare og furene i panna djupare.

– Kva er ditt råd til Herren no då, no når dei ti er lagde på is? spør eg.

– Jau, no skal du høyra. Me tek ein liten timeout, og so vil me setja ned ein komité som får i oppgåve å tilpassa bodorda til den menneskelege natur. Det er der det har svikta.

– Kor lenge lyt me venta?

– Det er ein hurtigarbeidande komité, så det vil nok ta ei tid før me har tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag for å ta ei avgjerd.

– Kva skjer medan me ventar?

– Jau, no skal du høyra. Me har nett fullført tingingar med pensjonert politimeister Bastian, lovmakaren i Kardemomme, du veit, eit hjartegodt menneske. Herr Bastian er no konsulenten vår. Han har studert det 11. bodet i lys av dei ti gamle, og tolka det slik:

Du skal ikkje plaga andre,
du skal vera grei og snill,
og elles kan du gjera som du vil!

Amen.

Publisert: